Medietilsynet

Medietilsynet og Lotteritilsynet ber norske pengespelaktørar om å redusere reklametrykket på tv

Del

Marknaden for pengespelreklame på norske tv-skjermar held fram med å falle og gjekk ned med fire prosent det første halvåret i år samanlikna med same perioden i 2021. – Den nye lovreguleringa har resultert i eit stort fall i utanlandsk pengespelreklame. No bør også norske aktørar redusere reklametrykket sitt på tv, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Marknaden for pengespelreklame på tv i Noreg har falle markant det siste året. Discovery har nyleg mellombels stansa sendinga av slik reklame. Foto Medietilsynet
Marknaden for pengespelreklame på tv i Noreg har falle markant det siste året. Discovery har nyleg mellombels stansa sendinga av slik reklame. Foto Medietilsynet

Tal som Nielsen Media Research har henta inn for Medietilsynet, viser at marknaden for pengespelreklame på tv i Noreg har falle markant det siste året (frå juli 2021 til juni 2022). Marknaden fall frå 581 millionar til 444 millionar kroner, som er ein nedgang på 24 prosent.

Den største delen av reduksjonen kjem av at Viasat Group (tidlegare Nent Group) slutta å sende utanlandsk pengespelreklame 1. januar 2021. Da kom det ein ny regel i kringkastingslova som gir Medietilsynet høve til å pålegge norske tv-distributørar å stanse utanlandsk pengespelreklame retta mot norske tv-sjåarar. Men reduksjonen har halde fram også det siste halve året, da marknaden fall med fire prosent frå første halvåret i 2021.

Få med deg diskusjonen om kva som blir gjort for å stoppe den ulovlege pengespelreklamen, på Arendalsveka kl. 08.30 i dag – følg arrangementet her

Også Discovery har slutta å sende utanlandsk pengespelreklame på norsk tv

Etter at Medietilsynet tidlegare i år påla norske tv-distributørar å stanse utanlandsk pengespelreklame i strid med norsk rett på Discovery sine tv-kanalar MAX, VOX, FEM og Eurosport Norge, har Discovery mellombels stansa sendinga av slik reklame.

– Det er viktig at også Discovery følger lovendringa. Reklamen frå dei utanlandske pengespelselskapa har vore med på å normalisere dei mest aggressive speleformene via nettet, og å halde ved lag og dermed legitimere eit ulovleg tilbod. Det har derfor vore svært viktig å stanse denne reklamen, seier Velsand.

Utanlandsk reklame framleis mest synleg

Etter at Viasat Group slutta å sende utanlandsk pengespelreklame, står dei norske pengespelselskapa for over halvparten av pengane som blir brukte på pengespelreklame på norske tv-skjermar. Likevel møter tv-sjåarane framleis mange fleire pengespelreklamar frå dei utanlandske pengespelselskapa. No tar både Medietilsynet og Lotteri- og stiftelsestilsynet til orde for at også norske aktørar bør vurdere å redusere reklametrykket sitt på norske tv-skjermar.

– Når Discovery no har slutta å sende utanlandsk pengespelreklame, må dei norske aktørane vurdere i kor stor grad dei skal vere til stades på tv. Situasjonen er annleis når behovet for å konkurrere om merksemda med dei ulovlege pengespela er borte, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Dei norske aktørane som i dag har løyve til å reklamere på tv, er Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Postkodelotteriet og Pantelotteriet.

Fakta om pengespelreklame på norske tv-skjermar

  • Totalt brukte pengespelselskapa 444 millionar kroner på tv-reklame retta mot norske sjåarar frå juli 2021 til juni 2022. Det er ein nedgang på 24 prosent frå 581 millionar kroner i perioden frå august 2020 til juli 2021.
  • Reklamemarknaden for utanlandske pengespel fall med 44 prosent i den same perioden. Dette kjem hovudsakleg av at Nent Group (nå Viasat Group) slutta å sende utanlandsk pengespelreklame frå 1. januar 2021. Reklamemarknaden for norske pengespel auka med 10 prosent i same perioden.
  • Første halvåret av 2022 brukte pengespelselskapa 215 millionar kroner på tv-reklame, ein nedgang på 3,6 prosent frå 223 millionar i første halvår av 2021. Dei utanlandske pengespelselskapa brukte 91 millionar, mens dei norske pengespelselskapa brukte 124 millionar kroner første halvåret av 2022.
  • Reklamemarknaden for utanlandske pengespel fall med 23,8 prosent frå første halvår i 2021 til første halvår i 2022. Reklamemarknaden for dei norske pengespela auka med 20 prosent i same perioden.
  • Dei norske pengespelselskapa stod for 57 prosent av investeringane i pengespelreklame på norske tv-skjermar første halvår av 2022. Likevel utgjorde talet på pengespelreklamar frå dei utanlandske pengespelselskapa 77 prosent av totalen.

Kjelde: Registrert pengespelreklame send av fjernsynskanalar som er tilgjengelege for norske sjåarar i perioden frå juli 2021 til juni 2022, samla inn av Nielsen Media Research for Medietilsynet. Dei reelle tala er lågare på grunn av rabattar på annonsering.

Fakta om pengespelreklame som er forboden etter norsk lov

  • Etter pengespellovgivinga, som Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar, er det forbode å marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Noreg.
  • Frå 1. januar 2021 kom det ein ny regel i kringkastingslova som gjer det mogleg for Medietilsynet å pålegge norske distributørar å hindre eller vanskeleggjere tilgangen til å marknadsføre pengespel som er i strid med norsk rett på tv og i audiovisuelle bestillingstenester.
  • Medietilsynet kan berre gi pålegg om å hindre pengespelreklame dersom det er mogleg – avtalemessig eller teknisk – å hindre eller vanskeleggjere tilgangen til marknadsføringa, og dersom eit pålegg er tenleg.
  • Medietilsynet påla tidlegare i vår tv-distributørane Telenor, Telia, Altibox, RiksTV og Allente å stoppe marknadsføringa av pengespela Unibet, Betsson, Nordicbet og Betsafe på Discoverys tv-kanalar FEM, MAX, VOX og Eurosport Norge.
  • Discovery har mellombels stoppa sendingane sine av reklame og sponsoridentifikasjonar frå utanlandske pengespel frå 15. august etter vedtak i Medietilsynet. Discovery meiner Medietilsynets vedtak mot dei fem norske tv-distributørane strir mot EØS-retten, og har gått til sak mot staten ved Kultur- og likestillingsdepartementet. Reklamane og sponsoridentifikasjonane er stansa mellombels i påvente av utfallet av den komande rettssaka.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Marknaden for pengespelreklame på tv i Noreg har falle markant det siste året. Discovery har nyleg mellombels stansa sendinga av slik reklame. Foto Medietilsynet
Marknaden for pengespelreklame på tv i Noreg har falle markant det siste året. Discovery har nyleg mellombels stansa sendinga av slik reklame. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom