Medietilsynet

Medietilsynet har vurdert nye søkarar: Avisene Varden, Karmøynytt, Stord24, Nidaros og Subjekt er nye støttemottakarar

Del
Fem av åtte nye aviser som søkte om produksjonstilskott i år, kjem inn i ordninga. Det er klart etter at Medietilsynet har vurdert dei nye søkarane i år. – Dei tre avisene som får avslag, oppfyller etter vår vurdering ikkje kriteria for å få støtte, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet. Årets støtte på totalt 370 millionar kroner blir fordelt om kort tid.
Fem av åtte nye aviser som søkte produksjonstilskott, kjem inn i støtteordninga. Årets støtte på totalt 370 millionar kroner blir fordelt om kort tid. Foto Medietilsynet
Fem av åtte nye aviser som søkte produksjonstilskott, kjem inn i støtteordninga. Årets støtte på totalt 370 millionar kroner blir fordelt om kort tid. Foto Medietilsynet

Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane og skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga er plattformnøytral og likestiller derfor papir- og nettaviser.

Totalt skal 370 millionar kroner fordelast mellom lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser (alternativ til dei leiande nasjonale dagsavisene) i 2021. Av dei 152 avisene som fekk støtte i fjor, fekk Klassekampen mest støtte, følgt av Bergensavisen, Vårt Land og Dagsavisen.

Avisene må oppfylle ei rekke krav for å få støtte

Nettavisene Nidaros, Subjekt, Vefsn No og avisa Varden søkte støtte for første gong i år, mens dei lokale nettavisene Nett.no, Karmøynytt, Stord24 og Bodø.nu søkte på nytt etter at dei fekk avslag på søknadene sine om støtte i fjor. Dei to publikasjonane Nett.no og Bodø.nu klaga på vedtaket i Medietilsynet i fjor, men får avslag igjen i år.

For å få produksjonstilskott må avisa oppfylle ei rekke krav. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmennheita, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.

Nett.no, Bodø.nu og Vefsn.no får avslag

Den regionale nettavisa Nett.no, som dekker nærings- og samfunnsliv i Nordfjord og på Sunnmøre, får avslag for tredje gong. – Nett.no får avslag fordi avisa etter Medietilsynets vurdering ikkje oppfyller kravet i forskrifta om å innehalde eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde, seier Velsand.

Også den lokale nettavisa Bodø.nu, som har Bodø kommune som nedslagsfeltet sitt, får avslag på nytt, etter først å ha fått avslag i fjor. – Fordi Bodø.nu har eit overskott på meir enn seks millionar kroner totalt dei siste åra, som er grensa på det ei avis kan ha i overskott for å få støtte, får avisa avslag også i år, seier Velsand.

Den lokale nettavisa Vefsn.no, som har basen sin i Mosjøen, får avslag på støtte fordi avisa ikkje oppfyller kravet om å ha eit opplag på minst 1000 eksemplar.

Oversikt over dei åtte nye avisene som har søkt om produksjonstilskott

Avis

Type avis

Får støtte

Grunngiving

Varden

Lokal papir- og nettavis

Ja

Kvalifiserer til å få støtte som nummer to-avis

Nidaros

Lokal nettavis

Ja

Kvalifiserer til å få støtte som nummer to-avis

Subjekt

Nisjeavis innanfor kultur på nett

Ja

Kvalifiserer til å få støtte som nasjonalt nisjemedium

Karmøynytt

Lokal nettavis

Ja

Kvalifiserer til å få støtte som aleineavis

Stord24

Lokal nettavis

Ja

Kvalifiserer til å få støtte som nummer to-avis

Nett.no

Regional nettavis innanfor næringsliv

Nei

Inneheld ikkje eit breitt nok tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde

Bodø.nu

Lokal nettavis

Nei

Har hatt for stort overskott totalt dei siste tre åra

Vefsn.no

Lokal nettavis

Nei

Har eit opplag på under 1000 eksemplar

Fakta om produksjonstilskott for nyheits- og aktualitetsmedium

  • Produksjonstilskottet er den største direkte mediestøtteordninga, og Medietilsynet forvaltar ordninga. I 2021 blir 369,6 millionar kroner fordelte i støtte. Støttebeløpet auka med 12 millionar kroner frå 2020, etter ei justering for pris- og lønnsvekst.
  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Ordninga er plattformnøytral, som betyr at alle nyheits- og aktualitetsmedium på papir og nett, med unntak av kringkastarar, kan søke.
  • Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
  • Årets søknadsfrist var 25. mars. Støtta er fordelt på forskott i januar, april og juni til dei media som allereie er inne i ordninga, før alle støttemottakarane, inkludert nye søkarar som kjem inn i ordninga, får vedtak og endeleg støttebeløp i oktober/november.
  • Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium om blant anna innhald, utgåver/opplag og driftsøkonomi.

Les meir om støtteordninga produksjonstilskott her

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fem av åtte nye aviser som søkte produksjonstilskott, kjem inn i støtteordninga. Årets støtte på totalt 370 millionar kroner blir fordelt om kort tid. Foto Medietilsynet
Fem av åtte nye aviser som søkte produksjonstilskott, kjem inn i støtteordninga. Årets støtte på totalt 370 millionar kroner blir fordelt om kort tid. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye