Medietilsynet har avklart grunnlaget for fordeling av TV 2s reklameinntekter: Kan påverke storleiken på støtte for allmennkringkasting
2.4.2020 11:51:36 CEST | Medietilsynet | Pressemelding

Avtalen mellom TV 2 og staten inneber at TV 2 får dekt nettokostnadene for å levere det innhaldet som inngår i allmennkringkastingsoppdraget, inkludert ei rimeleg forteneste.
– Korleis dei ulike sjåargruppene til TV 2 blir vekta, kombinert med sjåartala i dei ulike aldersgruppene, er ein viktig del av grunnlaget for å kunne berekne kompensasjonen kanalen får for allmennkringkastingsoppdraget, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Dei yngste og eldste sjåarane er verdsett lågast
I retningslinjene til allmennkringkastingsavtalen går det fram at det er Medietilsynet som har ansvar for å bestemme korleis reklameinntektene til TV 2 skal vektast for dei ulike aldersgruppene, etter innspel frå kanalen sjølv. Vektinga verkar inn på kor stor del av dei totale reklameinntektene til TV 2 som skal trekkast frå når storleiken på kompensasjonen for allmennkringkastingsoppdraget blir berekna.
– Vektinga reflekterer verdien dei ulike aldersgruppene har for annonsørane, noko som blant anna inneber at dei yngste og eldste sjåarane har mindre økonomisk verdi enn sjåarar mellom 20 og 49 år, seier Velsand.
Reklameinntektene blir fordelte basert på fordelingsnøkkelen vekta dokumentert faktisk sjåing, noko som betyr at inntektene fordelast etter faktiske sjåartal for kvar kanal og kvart program og etter vekta som er satt for kvar aldersgruppe. Jo fleire sjåarar – jo større inntekter vil bli fordelte til det aktuelle programmet.
For 2019 har Medietilsynet vedtatt at ved fordelinga av reklameinntektene til TV 2 skal sjåartala i aldersgruppa 20 – 49 år vektast med 100 prosent, aldersgruppa 50 – 59 år med 65 prosent, aldersgruppa 60 – 69 år med 25 prosent og dei to aldersgruppene 10 – 19 og 70 – 79 år vektast med 10 prosent. Vektinga av dei faktiske sjåartala i dei ulike aldersgruppene gir grunnlaget for å berekne kor mykje reklameinntekter allmennkringkastingsverksemda til TV 2 genererer. Ved berekninga av storleiken på kompensasjonen til TV 2 blir desse inntektene trekte frå.
TV 2 får berre dekt nettokostnadar til allmennkringkasting
Medietilsynet skal kontrollere at TV 2 berre får dekt nettokostnadane knytte til allmennkringkasting og sikre at overkompensasjon eller kryss-subsidiering ikkje skjer. TV 2 må difor gi opp alle inntekter og utgifter for allmennkringkastingsverksemda.
Innan utgangen av april skal TV 2 dokumentere korleis selskapet meiner krava i avtalen med staten blei oppfylte i 2019, og eit årsrekneskap som dokumenterer at TV 2 har følgt krava til det rekneskapsmessige skiljet.
– Den økonomiske kompensasjonen for 2019 blir endeleg fastsett når Medietilsynet har vurdert denne informasjonen opp mot krava, seier Velsand.
TV 2 kan maksimalt få 135 millionar kroner årleg som kompensasjon for allmennkringkastingsoppdraget. Avtalen med staten varar i fem år frå og med 2019.
Grunngjevinga for Medietilsynets vedtak finn du her.
Fakta om TV 2-avtalen og vekting av reklameinntekter:
- TV 2 har ein avtale med staten om å levere kommersielle allmennkringkastingstenester på tv mot å få dekt nettokostnadane knytte til allmennkringkastaroppdraget med inntil 135 millionar kroner kvart år.
- Medietilsynet fastset endelege vekter for det einskilde rekneskapsår etter eit dokumentert forslag frå TV 2 om situasjonen i marknaden for tv-reklame.
- Vektinga av dei faktiske sjåartala i dei ulike aldersgruppene gir grunnlaget for å berekne kor mykje reklameinntekter allmennkringkastingsverksemda til TV 2 genererer. Ved berekninga av storleiken på kompensasjonen til TV 2 blir desse inntektene trekte frå.
- Medietilsynet har fått bistand frå revisjonsselskapet BDO i arbeidet med å fastsette reklamevektene
Innhaldskrava til TV 2 som allmennkringkastar:
- Eigenproduserte riksdekkande nyheitsprogram med base i den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen
- Norskspråklege program for barn og unge
- Førstegongsvisningar av norsk film- og tv-drama
Nøkkelord
Kontakter
Hanne Nistad SekkelstenDirektør for juridisk og regulatorisk avdeling
Tel:48076123hanne.sekkelsten@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet forlenger innholdskonsesjonene på FM ut 203110.9.2026 10:42:21 CEST | Pressemelding
Medietilsynet vil så snart som mulig, og senest innen årsskiftet, forlenge lokalradioenes innholdskonsesjoner på FM frem til 31.12.2031.
Søk om støtte til forsking på medier og dataspill27.8.2026 11:26:29 CEST | Pressemelding
Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.
Gutter og jenter møter ulike verdener i sosiale medier12.8.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Jenter er mer eksponert for innhold om livsstil, mote, skjønnhet og mental helse, mens gutter i større grad ser innhold om gaming, idrett og nyheter. Det viser en analyse fra Medietilsynet av ungdommers feeder på TikTok og YouTube.
Over halvparten tar nyhetspauser11.8.2026 10:45:00 CEST | Pressemelding
55 prosent av de mellom 25 og 67 år tar bevisste pauser fra nyhetene, viser en ny undersøkelse fra Medietilsynet. For noen dreier det seg om kortere pauser, mens 12 prosent kobler seg av mer varig.
Barn og medier 2026: Tydelige kjønnsforskjeller i tenåringenes mediebruk10.8.2026 14:58:00 CEST | Pressemelding
Fra barna blir tenåringer, er deres digitale hverdag preget av betydelige kjønnsforskjeller, viser Medietilsynets undersøkelse Barn og medier 2026. Dette gjelder både bruk av teknologi, type digitale aktiviteter og hva slags innhold ungdommene ser og følger.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
