Medietilsynet

Medietilsynet gir korttidskonsesjonar: Drive-in-kino dukkar opp over heile landet

Del
Medietilsynet har behandla over 40 søknader om ulike drive-in-arrangement sidan myndigheitene sette i verk koronatiltak i mars. Dei fleste søknadene gjeld kino. – Sjølv om folk sit kvar for seg i kvar sin bil, ser det ut til at drive-in-kinoen skaper ei fellesskapskjensle i ei tid der vi ikkje har høve til å vere så sosiale som vanleg, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Alt frå gudstenester, konsertar, quizar og standupar blir no heldne i drive-in-format. Du kan søke Medietilsynet om løyve til å kringkaste lyd via FM-nettet. – Det er flott at det blir tatt initiativ til kulturopplevingar i trygge omgivnader i ei vanskeleg tid,, og vi gjer vårt beste for å behandle søknadene så raskt som mogleg, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet. Foto Thomas Hawk/Flickr

Medietilsynet har også fått søknader om drive-in-arrangement i form av gudstenester, bingo, konsertar, quizar og standupar.

– Det er flott at det blir tatt initiativ til kulturopplevingar i trygge omgivnader i ei vanskeleg tid. Vi i Medietilsynet ønsker denne typen arrangement velkommen, og gjer vårt beste for å behandle søknadene så raskt som mogleg, seier Velsand.

Lyden blir send over FM-nettet – krev løyve frå myndigheitene

Drive-in-kinoane viser film i alle sjangrar, både for store og små.
– Sjølv om filmen blir vist utanfor den vanlege kinosalen, gjeld aldersgrensa for filmen på same måten som på vanleg kino. Det er det greitt å minne om, seier Velsand.

Lyden på eit drive-in-arrangement blir gjerne send via FM-nettet til bilradioen. Slik kringkasting krev konsesjon frå Medietilsynet og frekvensløyve frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Dersom det er snakk om eit kinofilm-arrangement, må kommunen gi løyve i tillegg.

– Å kringkaste lyd over FM-nettet er forbode utan løyve frå myndigheitene, så vi oppfordrar alle som går med planar om å sette opp eit drive-in-arrangement, om å søke om dei nødvendige løyva. Medietilsynet hjelper gjerne med rettleiing, seier Velsand.

Hugseliste for å sette opp drive-in-kino:

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Alt frå gudstenester, konsertar, quizar og standupar blir no heldne i drive-in-format. Du kan søke Medietilsynet om løyve til å kringkaste lyd via FM-nettet. – Det er flott at det blir tatt initiativ til kulturopplevingar i trygge omgivnader i ei vanskeleg tid,, og vi gjer vårt beste for å behandle søknadene så raskt som mogleg, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet. Foto Thomas Hawk/Flickr
Alt frå gudstenester, konsertar, quizar og standupar blir no heldne i drive-in-format. Du kan søke Medietilsynet om løyve til å kringkaste lyd via FM-nettet. – Det er flott at det blir tatt initiativ til kulturopplevingar i trygge omgivnader i ei vanskeleg tid,, og vi gjer vårt beste for å behandle søknadene så raskt som mogleg, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet. Foto Thomas Hawk/Flickr
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye