Medietilsynet avsluttar tilsynet med pengespelreklame på tv
Medietilsynet vedtok tidlegare i år å pålegge fem tv-distributørar å stanse reklame for pengespel som ikkje har norsk løyve. Sida 1. januar 2021 har Medietilsynet hatt lovheimel til å kunne stanse slik tv-reklame. Mens tv-selskapet Viasat Group (tidlegare Nent Group) valde å respektere norsk lov ved å slutte å sende denne typen reklame då den nye lovheimelen kom, fortsette Discovery å sende slik reklame fram til 15.august i år, som var fristen frå Medietilsynet .
Kontrollen, som ble gjort i tida mellom 16. august og 1. desember i år på tv-kanalane FEM, MAX, VOX og Eurosport Norge, avdekka ikkje reklame eller sponsoridentifikasjonar for pengespel utan løyve.
– Medietilsynet betraktar derfor vilkåra i vedtaket frå 30. mars i år som oppfylte, og vi fråfell varselet om tvangsmulkt, seier Sekkelsten.
Strengare reglar for alle pengespelaktørar frå neste år
Sjølv om Medietilsynets vedtak har stoppa utanlandske pengespel på de største tv-kanalane som rettar seg mot Noreg, jobbar Lotteri- og stiftelsestilsynet vidare med å stoppe den ulovlege pengespelreklamen på internett og på sosiale medium.
Frå 1. januar neste år blir det strengare reglar for både dei utanlandske og norske pengespelaktørane, både ved å styrke lova for pengespel og gjennom ei ny forskrift.
Lova for pengespel gjer det tydeleg at det er ulovleg å medverke til å tilby eller marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Norge, inkludert norske ambassadørar. Dei utanlandske aktørane kan heller ikkje ha nettsider på norsk med norske betalingsaktørar. I tillegg får dei norske aktørane Norsk Tipping og Norsk Rikstoto strengare krav og må redusere si marknadsføring.
I forskrifta kjem det blant anna krav om risikovurdering av dei som speler, betre internkontroll og forbod mot autoplay og vip-tilbud. Det blir også felles regler for marknadsføring, blant anna krav om tydeleg informasjon om aldersgrense og kontaktinformasjon til hjelpelinja. Pengespel kan heller ikkje bli framstilt som risikofritt.
Fakta om pengespelreklame som er forboden etter norsk lov
- Etter pengespellovgivinga, som Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar, er det forbode å marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Noreg. Dei norske aktørane som i dag har løyve til å reklamere på tv, er Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Postkodelotteriet og Pantelotteriet.
- Frå 1. januar 2021 kom det ein ny regel i kringkastingslova som gjer det mogleg for Medietilsynet å pålegge norske distributørar å hindre eller vanskeleggjere tilgangen til å marknadsføre pengespel som er i strid med norsk rett på tv og i audiovisuelle bestillingstenester.
- Medietilsynet kan berre gi pålegg om å hindre pengespelreklame dersom det er mogleg – etter avtale eller teknisk – å hindre eller vanskeleggjere tilgangen til marknadsføringa, og dersom eit pålegg er tenleg.
- Medietilsynet påla tidlegare i vår tv-distributørane Telenor, Telia, Altibox, RiksTV og Allente å stoppe marknadsføringa av pengespela Unibet, Betsson, Nordicbet og Betsafe på Discoverys tv-kanalar FEM, MAX, VOX og Eurosport Norge.
- Ein nyleg kontroll frå Medietilsynet visar at tv-distributørane og Discovery fortsatt ikkje sender reklame for utanlandske pengespel etter august i år.
- Frå 1. januar 2023 kjem nye innstrammingar i lova for pengespel og i ei ny forskrift, som blant anna gjer det forboden å medverke til å tilby eller marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Norge, strengare reglar for marknadsføring og tydeleg informasjon om aldersgrense og kontaktinformasjon til hjelpelinja.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder
Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Færre brudd på reklamereglene hos norske tv-kanaler16.4.2024 06:50:00 CEST | Pressemelding
Norske tv-kanaler er blitt flinkere til å følge reklameregler. Det viser Medietilsynets store vårkontroll med TV 2, NRK, TVNorge og VGTV.
16 nye aviser søker om produksjonstilskudd15.4.2024 06:50:00 CEST | Pressemelding
174 aviser har i år søkt om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. Blant de nye søkerne er det både lokalaviser og aviser med hele landet som nedslagsfelt.
Filmdistributør får åtvaring frå Medietilsynet for feil aldersgrense12.4.2024 11:13:15 CEST | Pressemelding
Medietilsynet meiner at kinofilmen «Døde menn går på ski» hadde for låg aldersgrense og gir distributøren ei åtvaring. Grensa er no endra frå 12 til 15 år.
Medietilsynet: Nødvendig med en strategi mot desinformasjon8.4.2024 13:14:18 CEST | Pressemelding
Kunstig skapt innhold, økt politisk konflikt og rask spredning av desinformasjon i sosiale medier aktualiserer behovet for en strategi mot desinformasjon, mener direktør Mari Velsand i Medietilsynet. I helgen varslet regjeringen at det skal utvikles en slik strategi.
Forbod mot reklame i radio og tv i påska21.3.2024 06:50:00 CET | Pressemelding
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame langfredag og 1. påskedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom