Mattilsynet friskmelder Raumavassdraga for Gyrodactylus salaris
1.11.2019 11:56:57 CET | Mattilsynet | Pressemelding
- Dette er ein gledens dag. Friskmeldinga er ein stor siger som viser at vi kan bekjempe Gyrodactylus salaris i store vassdrag. Likevel er det først og fremst ein siger for villaksen, sa Inger Mette Hogstad i Mattilsynet då ho overrekte friskmeldingsvedtaket til Klima- og miljøminister Ola Elvestuen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste, på ei markering på Åndalsnes.
Bekjemping til 100 millionar
Raumaregionen består av elvane Rauma, Istra, Hensvassdraget (Isa m/Glutra), Innfjordelva, Måna, Breivikelva og Skorga. For nesten 40 år sidan vart lakseparasitten introdusert her. Parasitten er ein innført framand art som kan utrydde heile bestandar av villaks i smitta elver.
Rotenonbehandlinga i 1993 var mislykka for parasitten vart påvist att i 1996, og spreidde seg deretter igjen til nabovassdrag. Derfor vart det gjort nye behandlingar i 2013 og 2014. Rauma er med sine 42 kilometer lakseførande strekning den lengste elva som er rotenonbehandla til no.
Friskmeldinga er resultat av eit omfattande bekjempings-, reetablerings- og overvakingsarbeid, og har kosta over 100 millionar kroner.
Veterinærinstituttet planla og leia gjennomføringa av det svært omfattande bekjempingsarbeidet. Til saman var nesten 150 personer i sving under 10 intensive dagar både i 2013 og 2014 då rotenonbehandlingane vart gjennomført.
- Det har vore ein lang kamp i ein stor og komplisert smitteregion. Det er difor desto meir gledeleg at Mattilsynet no kan friskmelde vassdraga, seier prosjekt- og aksjonsleiar for bekjempinga, Roar Sandodden i Veterinærinstituttet.
Vurderer opning av fisket
Rauma har lang tradisjon som ei populær elv for laksefiskarar. Det er no knytt spenning til når det kan bli opna for ordinært fiske i vassdraga.
- Vi veit at reetableringa av bestandane ligg godt an, men vi kan ikkje si noko sikkert om fisket før vi veit om gytebestandsmålet er nådd. Vi må gjere ei fagleg vurdering når vi får resultata frå gytefisktellinga no i haust, men eit sterkt avgrensa fiske dei første åra etter ei friskmelding er vanleg, seier miljøverndirektør Linda Aaram hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Må hindre spreiing av parasitten
For å hindre spreiing av Gyrodactylus salaris til nye vassdrag, må alle som ferdast mellom elver og innsjøar vere nøye med å desinfisere og tørke brukt utstyr.
Det er forbode å flytte fisk mellom alle elver og vatn, og mellom ulike deler av same vassdrag. Det er viktig å hugse at parasitten kan overleve fleire dagar i frie vannmassar. Fiske- og padleutstyr må enten tørkast eller desinfiserast.
Mot et Gyrodactylus salaris-fritt Norge
Den nasjonale bekjempinga mot Gyrodactylus salaris har vore ein lang kamp med nokre tilbakeslag. No står det berre to regionar att som ikkje er behandla; Drivaregionen og Drammensregionen.
-Vi er eit stort skritt nærare å utrydde parasitten i Norge. Friskmeldinga i dag lover bra for den vidare sjukdomsbekjempinga, avsluttar Inger Mette Hogstad.
For meir informasjon om Gyrodactylus salaris og bekjempinga:
Fakta Gyrodactylus salaris i Noreg
- Har vore påvist i totalt 50 vassdrag fordelt på 17 smitteregionar. Utryddingstiltak har i monaleg grad minka omfanget. Med friskmelding av Rauma er i dag er 38 vassdrag friskmelde, 5 vassdrag venter på friskmelding etter behandling og 7 vassdrag står att som infiserte - 4 i Drivaregionen og 3 i Drammensregionen.
- Vart introdusert til Norge gjennom innførsel av framand laks og regnbogeaure minst fire gonger.
- Parasitten har tidlegare vært den største menneskeskapte trusselfaktoren mot norske laksebestandar. Arbeidet med å fjerne er høgt prioritet, og dei siste åra har Vitenskapelig råd nedgradert trusselen frå parasitten.
- Gyrodactylus salaris har ført til årlege inntektstap på om lag 200-250 millionar kroner, og har kosta Norge tre-fire milliardar kroner.
Fakta bekjemping av Gyrodactylus salaris
- Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for bekjemping av G. salaris og bevaring/reetablering av bestandene.
- Fylkesmannen har ansvaret for å lede dette arbeidet regionalt.
- Veterinærinstituttet har på oppdrag frå Miljødirektoratet ansvar for den praktiske gjennomføringa av både bevaring/reetableringsarbeidet og den kjemiske behandlinga.
- Mattilsynet har ansvar for overvaking og smittereduserande tiltak
Kontakter
Mediehenvendelser: Mattilsynets pressevakt (kl. 08.00 - 22.00, ikke SMS)
Tel:469 12 910pressevakt@mattilsynet.noBilder
Om Mattilsynet
Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje folke-, plante- , fiske- og dyrehelse, miljøvennleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgåver i høve til kosmetikk og legemiddel og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.
Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Mattilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Mattilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Mattilsynet
Rekordlav antibiotikabruk – fortsatt lite resistens21.9.2026 10:02:18 CEST | Pressemelding
Forbruket av antibiotika til norske dyr var rekordlavt i 2025, samtidig som forekomsten av antibiotikaresistens hos dyr og i mat fortsatt er lav.
Mindre produksjonsfisk og høyt slaktevolum i første halvår 202623.8.2026 16:00:00 CEST | Pressemelding
Andelen produksjonsfisk har ikke vært lavere i første halvår siden 2019. I første halvår 2026 utgjorde andelen 10,6 prosent av slaktevolumet, mot 17,7 prosent i første halvår 2025 og 30 prosent i første halvår 2024. Samtidig er slaktevolumet rekordhøyt.
Mattilsynet åpner driftsplandata fra akvakulturanlegg i sjø for alle21.8.2026 11:40:39 CEST | Pressemelding
Mattilsynet offentliggjør opplysninger om planlagt drift, brakklegging, flytting og utsett fra alle akvakulturanlegg i sjø. Antall fisk er det eneste som ikke deles, fordi dette anses som kommersielt sensitiv informasjon.
Utenlandsreiser kan gi alvorlig sykdom hos hund20.5.2026 14:37:35 CEST | Pressemelding
Flere norske hunder har de siste årene fått påvist alvorlige sykdommer etter reiser i Europa. Mange hundeeiere er ikke klar over smitterisikoen. Mattilsynet og Veterinærinstituttet anbefaler å la hunden bli hjemme eller ta nødvendige forholdsregler.
Ta vare på hunden din på 17. mai13.5.2026 11:55:03 CEST | Pressemelding
Det som for oss er en festlig dag, kan for de fleste hunder være skremmende og stressende. Mattilsynet oppfordrer hundeeiere til å vurdere hundens behov. Hunden bør slippe folkemengder, høyt lydnivå og overveldende sanseinntrykk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
