Vegtilsynet

Manglande drift og vedlikehald av skredsikringstiltak i Region midt

Del
Statens vegvesen, Region midt inspiserer og drifter ikkje skredsikrings- og skredvernstiltaka sine godt nok. Det meiner Vegtilsynet i ny tilsynssak, der dei òg har inspisert delar av vegnettet i regionen.
Stein på vei ut av steinsprangnett
Stein på vei ut av steinsprangnett

Vegtilsynet ville undersøke om Statens vegvesen, Region midt etterlever krav til drift og vedlikehald av skredsikrings- og skredvernstiltak som til dømes is- og skrednett, steinsprangnett og skredvollar, på riksvegane.

 Undersøkinga omfatta fire driftskontraktar i Region midt:

  • 1500    Ålesund E39
  • 1503    Indre Romsdal E136
  • 1505    Indre Nordmøre Rv 70
  • 1604    Gauldal Oppdal E6

Samla sett viste tilsynssaka at regionen ikkje inspiserer og drifter dei utvalde skredsikringsobjekta i tråd med krav. Dette kan føre til at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett, og kan vere farlege for trafikantane.

Vegtilsynet avdekka tre avvik i saken, og det vart gjort éin observasjon.

Vegtilsynet fann at:

  • regionen ikkje oppfyller krav til at inspeksjonsplanane tydeleg skal definere type inspeksjon og frekvens;
  • objektlistene i inspeksjonsplanane ikkje vert oppdatert undervegs i kontraktsperioden, og difor ikkje sikrar at alle objekt vert inspisert.
  • regionen ikkje utfører inspeksjon for alle skredsikrings- og skredvernstiltak i samsvar med krav;
  • regionen ikkje kan dokumentere at dei utvalde objekta har funksjon og utsjånad i tråd med krava til standard for drift og vedlikehald på riksvegane.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Stein på vei ut av steinsprangnett
Stein på vei ut av steinsprangnett
Last ned bilde
Under inspeksjon fann Vegtilsynet at om lag 50 prosent av dei undersøkte strekningane hadde nedfall av stein i steinsprangnetta.
Under inspeksjon fann Vegtilsynet at om lag 50 prosent av dei undersøkte strekningane hadde nedfall av stein i steinsprangnetta.
Last ned bilde
Om lag 65 prosent av netta var overgrodde noko som kan påverke funksjonen.
Om lag 65 prosent av netta var overgrodde noko som kan påverke funksjonen.
Last ned bilde
Om lag 35 prosent av
isnetta på dei undersøkte strekningane hadde skadar.
Om lag 35 prosent av isnetta på dei undersøkte strekningane hadde skadar.
Last ned bilde

Dokumenter

Om Vegtilsynet

Vegtilsynet
Vegtilsynet
Uttrågata 38
5700 Voss

http://www.vegtilsynet.com

Vegtilsynet fører først og fremst tilsyn med at Statens vegvesen og Nye veier AS har, og bruker, tilstrekkelege og effektive styringssystem for å ta i vare sikkerheita på riksvegnettet. Styringssystem omfattar system for planlegging, utbygging, drift, vedlikehald, beredskap og anna forvaltning av veginfrastrukturen. Vegtilsynet er bygd opp som eit risikobasert systemtilsyn, og er lokalisert på Voss.

Følg pressemeldinger fra Vegtilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Vegtilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Vegtilsynet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye