Statens vegvesen

Mange vil montera nye tunnellys

Del
To tunnelar på riksveg 7, og ein på riksveg 13, får nye lys. Heile fem entreprenørar vil ha oppdraget.
Storegjeltunnelen på Riksveg 7 i Måbødalen får nye lys. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Storegjeltunnelen på Riksveg 7 i Måbødalen får nye lys. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen

På Riksveg 7 er det snakk om to tunnelar i Måbødalen, Dalbergtunnelen og Storegjeltunnelen. På Riksveg 13 er det den 681 meter lange Lausasteintunnelen (opna i 1995) rett sør for Odda det handlar om.

Alle desse tunnelane vart opna på ei tid der krava til belysning var andre enn i dag. I tillegg må alle tunnellys etter kvart skiftast ut på grunn av levetid.

Den 335 meter lange Dalbergtunnelen vart opna i 1967, medan Storegjeltunnelen (842 meter) vart teken i drift i 1978.

Slik går trafikken

Det vil bli arbeid både i og utanfor tunnelane. Inne i tunnelane vil arbeidet utelukkande verta gjort på nattestid for å minimera ulempa for bilistane. Jobben vil verta gjort om nettene måndag til fredag. Med natt meinast klokka 2000-0600, noko som betyr at arbeidsveka for prosjektet startar sundag kveld klokka 20.000.

Det vil bli gjennomkøyring annankvar time for dei fleste trafikantar. Unnataka er rutebussar og utrykningskøyretøy som til ei kvar tid vil kunna passera.

Det blir etablert eitt teknisk bygg, felles for tunnelane i Måbødalen, og eitt bygg for Lausasteintunnelen. Dette arbeidet utanfor tunnelane vil skje på dagtid.

Fem entreprenørar har levert tilbod på prosjektet. Alle summane er eksklusive mva.

Tilbydar Tilbodssum ekskl. mva:
Bilfinger Industrial Services Norway 18.164.867,00    
OneCo Infra AS 21.143.744,80
Roxel Infra AS     24.131.317,48    
Aventi Installation AS 26.303.851,76
Mesta AS             27.205.954,14

Skal vera ferdig i år

– No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med entreprenøren snarast mogleg, seier prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen.

Statens vegvesen forventar at arbeida er ferdige innan 1. desember.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Storegjeltunnelen på Riksveg 7 i Måbødalen får nye lys. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Storegjeltunnelen på Riksveg 7 i Måbødalen får nye lys. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Last ned bilde
Lausasteintunnelen på Riksveg 13 får nye lys. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Lausasteintunnelen på Riksveg 13 får nye lys. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Last ned bilde
Dalbergtunnelen på Riksveg 7 i Måbødalen får nye lys. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Dalbergtunnelen på Riksveg 7 i Måbødalen får nye lys. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye