Statens vegvesen

Mange tiltak for trafikksikring på vegane i Bergen, Voss og Ullensvang

Del

Statens vegvesen gjer no ei rekkje tiltak langs riksvegane i Bergen, Voss og Ullensvang

Lausmassane langs denne muren på Riksveg 13 i Tyssedal i Ullensvang kommune skal sikrast. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Lausmassane langs denne muren på Riksveg 13 i Tyssedal i Ullensvang kommune skal sikrast. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen

Kontrakten er på to år, med gjensidig opsjon på eitt pluss eitt år.

Det er sett opp ei rekkje prosjekt som skal gjerast i år. Tiltaka i 2022, 2023 og eventuelt 2024 vert gjort kjende etter kvart, når nye vedlikehaldsmidler vert utdelte.

Det som skal gjerast i år er:

Bergen:

¤ Bergsikring i fjellskjæring ved E39 på Fritz Riebers veg i Bergen

Voss:

¤ Diverse TS-tiltak på E16 ved Vossestrand barne- og ungdomsskule. Dette kan til dømes vera snakk om betre snuplass og betre tilhøve for av- og påstigning for buss.

¤ Brynavollen mur langs riksveg 13 på Voss skal skiftast ut.

Ullensvang:

¤ Jordnagling langs mur på Riksveg 13 i Tyssedal

¤ Utbetra synkehol/asfalt på delar av Riksveg 13 i Oddadalen

¤ Bygga opp att museal mur på E134 gamlevegen over Røldalsfjellet

¤ Renska kulvert/stikkrenner ved Mjølkestølsreet rasoverbygg på E134 Røldal

¤ Det kan også bli aktuelt med diverse tiltak på Riksveg 13 Kyrkjeneset – Bjotveit.

Fire entreprenørar har levert tilbod på prosjektet. Summane er eksklusive mva.

Tilbydar Tilbodssum ekskl. mva:
Brødrene Flatebø AS

36.910.514,00

Mesta AS

37.152.880,76

Tverberg Entreprenør AS

37.730.313,15

Hirth Himle Entreprenør AS

42.581.425,00

– No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna på tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med entreprenøren snarast mogleg, seier prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Lausmassane langs denne muren på Riksveg 13 i Tyssedal i Ullensvang kommune skal sikrast. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Lausmassane langs denne muren på Riksveg 13 i Tyssedal i Ullensvang kommune skal sikrast. Foto: Frode Lykkebø, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom