Mattilsynet

Mange nye glutenfrie og vegetariske matvarer i Matvaretabellen

Del
I Matvaretabellens 2021-versjon er det mange nye glutenfrie og vegetariske matvarer. Det er òg nye næringsstoffverdiar for mjøl og havregryn. Til saman er det 124 nye matvarer, og 762 matvarer er oppdaterte.
I den nye versjonen av Matvaretabellen er  det 124 nye matvarer, og 762 matvarer er oppdaterte.
I den nye versjonen av Matvaretabellen er det 124 nye matvarer, og 762 matvarer er oppdaterte.

-Vi har mange nye matvarer i årets versjon av Matvaretabellen, fortel seniorrådgjevar i Mattilsynet, Jorån Østerholt Dalane. Dei nye næringsstoffverdiane for mjøl og kornprodukt, og vegetariske og glutenfrie matvarer, kjem frå fleire analyseprosjekt som er gjennomført dei to siste åra.

Mjøl og kornprodukt er basismatvarer, og er difor ein viktig del av kosthaldet i Noreg. Mattilsynet har i 2019-2021 analysert innhaldet av næringsstoff i kveitemjøl, økologisk kveitemjøl, speltmjøl, rugmjøl, byggmjøl, havregryn, økologisk havregryn og kruskakli. Det blei brukt ein nyare analysemetode for å analysere kostfiber i kornprodukta, noko som viste at det er meir kostfiber i norske kornprodukt enn ved tidlegare analysar. Mange av matvarene i Matvaretabellen er basert på oppskrifter, slik som bakverk og middagsrettar. Alle desse matvarene er oppdatert i årets versjon av Matvaretabellen.

Fleire glutenfrie og vegetariske matvarer

Utvalet av glutenfrie og vegetariske matvarer i den norske marknaden har auka dei siste åra. Vi har difor teke inn mange slike matvarer i Matvaretabellen, deriblant plantebaserte drikkar og middagsprodukt. Til dømes plantebaserte middagsbollar, burgarar og pølser. I tillegg er kaffidrikkar med laktosefri mjølk og plantebaserte drikkar no tilgjengelege i Matvaretabellen.

-Vi jobbar kontinuerleg med å utvide utvalet av matvarer og oppdatere eksisterande matvarer i Matvaretabellen, slik at innhaldet speglar det som er tilgjengeleg i butikkane og som folk et, fortel Dalane.

Matvaretabellen er viktig for forbrukarar og matvareindustrien

Matvaretabellen gjev ei samla oversikt over innhald av energi og næringsstoff i dei vanlegaste matvarene vi et i Noreg, og dannar grunnlaget for berekning av inntaket av ulike næringsstoff for enkeltpersonar og grupper.

- Tabellen er eit viktig oppslagsverk og reiskap i matforvaltning og ernæringspolitikk, i undervisning og opplysningsarbeid og for helsepersonell og forskarar. Tabellen nyttast òg av matvareindustrien som grunnlag for næringsdeklarasjonar og ved matvareproduksjon, seier Dalane.

Den offisielle norske matvaretabellen finansierast av Mattilsynet. Det er Mattilsynet og avdeling for ernæringsvitskap ved Universitetet i Oslo som utfører det praktiske arbeidet.

Kostholdsplanleggeren vil òg bli oppdatert med den nye versjonen av Matvaretabellen

Kontakter

Andre henvendelser: Mattilsynets sentralbord

Vintertid: 09:00-11:00 og 12:00-15:00
Sommertid: 09:00-11:00 og 12:00-14:30 (15. mai til 15. september)

Tel:22 40 00 00postmottak@mattilsynet.no

Mediehenvendelser: Mattilsynets pressevakt (kl. 08.00 - 22.00, ikke SMS. Etter arbeidstid og i helger besvares i utgangspunktet kun hastesaker.)

Tel:469 12 910pressevakt@mattilsynet.no

Bilder

I den nye versjonen av Matvaretabellen er  det 124 nye matvarer, og 762 matvarer er oppdaterte.
I den nye versjonen av Matvaretabellen er det 124 nye matvarer, og 762 matvarer er oppdaterte.
Last ned bilde

Lenker

Om Mattilsynet

Mattilsynet
Mattilsynet
Felles postmottak - postboks 383
2381 Brumunddal

22 40 00 00https://www.mattilsynet.no

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje folke-, plante- , fiske- og dyrehelse, miljøvennleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgåver i høve til kosmetikk og legemiddel og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Mattilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Mattilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Mattilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye