Statens vegvesen

Måndag vert rv. 5 Kjøsnestunnelen stengd i to timar grunna beredskapsøving

Del

Måndag 28.november har Statens vegvesen beredskapsøving i den nye Kjøsnestunnelen på rv. 5, på strekninga Skei - Sogndal.

Riksveg 5 Kjøsnestunnelen. Foto: Statens vegvesen
Riksveg 5 Kjøsnestunnelen. Foto: Statens vegvesen

Det vil bli kolonnekøyring frå 17.00 - 18.00 i begge retningar, og heilt stengd tunnel frå klokka 18.00 - 20.00. Det vil bli brukt røyk under øvinga.

Det er naudetatar og VTS (Vegtrafikksentralen) som skal øva i tunnelen.

– Vi har forståing for at stengd tunnel på ei strekning utan lokal omkøyringsveg kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei. Ei slik stenging er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halda slike øvingar, seier brannvernleiar Svein Rune Vie i Statens vegvesen.

Vi oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal på køyretur. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar. 

Rv. 5 Kjøsnestunnelen er heilt ny, og vart opna for trafikk for dryge to veker sidan, 9. november. Tunnelen er 8600 meter lang og ligg på strekninga Skei -Sogndal.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Riksveg 5 Kjøsnestunnelen. Foto: Statens vegvesen
Riksveg 5 Kjøsnestunnelen. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.