Målsetjinga er å bygge eit nytt sterkt fiberselskap på Vestlandet
21.3.2022 15:30:00 CET | Eviny | Pressemelding
– Telekom-sektoren står framfor mange store endringar. I dag har vi fleire store og små fiberselskap på Vestlandet. Vi meiner eit nytt og større selskap kan ta ein sterkare posisjon i vår region og derfor er vi som eigarar einige om å starte fusjonsforhandlingar, seier Kristin Aadland, styreleiar i selskapa Enivest AS og Eviny Breiband AS. Ho understrekar at dei no skal bruke tida framover til å utgreie grunnlaget for ein eventuell fusjon.
Utvikle kompetansemiljøa
Marknaden for telekom-sektoren har endra seg mykje dei siste åra frå utbygging til drift av fiber, nye aktørar, auka konkurranse og mange ulike spørsmål kring regulering.
– Vi har ei klar målsetjinga om å utvikle dei lokale kompetansemiljøa, styrke vår posisjon som marknadsleiar i regionen og vokse som eit sjølvstendig og sterkt fiberselskap, seier Erik Espeset, styreleiar i Tafjord Connect.
Eit nytt fusjonert selskap vil ha kring 50.000 kundar og ein større kapitalbase som gir auka konkurransekraft.
– Vi meiner eit større fiberselskap på Vestlandet vil ha positiv betydning for eksisterande og nye kundar, seier Kristin Aadland.
Ryddig og god prosess
Målsetjinga er å bruke 2022 til å utgreie grunnlaget for ein fusjon. Er grunnlaget til stades vil det nye selskapet kunne vere i drift frå tidleg neste år. Fram til det eventuelt blir vedteke å fusjonere selskapa vil drifta i dei tre selskapa gå som normalt. Kundane vil ikkje bli påvirka av utgreiingsarbeidet.
– Det er viktig for oss å gjennomføre ein ryddig og god prosess med grundig involvering av dei tilsette i dei tre selskapa. Vi som eigarar er opptekne av å bygge eit sterkt selskap for å skape nye verdiar, og det er viktig for oss å skape eit godt grunnlag for vidare vekst i form av nye arbeidsplassar, seier Johannes Rauboti, administrerande direktør i SFE og nestleiar i styret i Enivest. Saman med Kristin Aadland og Erik Espeset utgjere han det nye interimsstyret for det nye selskapet.
Fakta om dei tre selskapa:
Enivest AS har 56 årsverk og kontoradresse i Førde. Eigarar er Eviny (56,11%), SFE (38,75%) Tussa kraft AS (2,16%), Nandor Helgheim (1,73%), Sunnfjord kommune (0,90%), Hyllestad kommune (0,18%), Gloppen kommune (0,17%)
Tafjord Connect AS har 37 årsverk og kontoradresse i Ålesund. Eigarar er Tafjord Kraft AS(80%) og Nordvest Nett (20%).
Eviny Breiband har 6 årsverk og kontoradresse Tysnes/Etne. Eigarar er Eviny (100%)
Nøkkelord
Kontakter
Kristin AadlandKonserndirektør Entreprenør&MarkedEviny AS
Tel:93232808kristin.aadland@eviny.noJohannes RaubotiNestleiar i styret i Enivest ASSFE/Enivest
Tel:91645264johannes.rauboti@sfe.noErik EspesetStyreleiar i Tafjord ConnectTafjord Kraft/Tafjord Connect
Tel:90520033erik.espeset@tafjord.noOm Eviny
Eviny er et av Norges største energi- og teknologikonsern. Konsernet har tatt en aktiv rolle i det grønne skiftet og produserer fornybar energi fra 39 vannkraftverk og to vindkraftverk på Vestlandet.
Eviny leverer også fibertjenester og fjernvarme, og har en ledende posisjon i utbygging av landstrøm til skip og elektrifisering av transportnæringen.
Eviny er eid av 17 vestlandskommuner, Statkraft samt to lokale kraft- og elektrisitetslag. I 2021 bestemte myndighetene at nettselskapene må ha en annen merkevare enn sitt konsern. Daværende BKK-konsernet ble til Eviny, mens BKK-navnet er videreført for nettselskapet som frakter strømmen hjem til 450.000 vestlendinger i 19 kommuner.
Følg pressemeldinger fra Eviny
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Eviny
Sterkt resultat for Eviny gir høgare utbyte til vestlandskommunane5.11.2026 10:14:52 CET | Pressemelding
Eviny fekk eit underliggande resultat på 782 millionar kroner i tredje kvartal, mot 105 millionar i same periode i fjor. Overskotet går i hovudsak tilbake til fellesskapet, mellom anna gjennom utbyte til mange kommunar på Vestlandet.
Viktig gjennombrot for ny vindkraft på land når NVE gjev konsesjon til Moldalsknuten21.10.2026 12:27:31 CEST | Pressemelding
NVE har i dag gitt konsesjon til Moldalsknuten vindkraftverk i Sokndal kommune. Prosjektet utvidar vindkraftproduksjonen ved Tellenes og utnyttar vegar, nett og annan eksisterande infrastruktur. Vedtaket er eit viktig gjennombrot for meir effektiv og arealsmart utbygging av den fornybare krafta Noreg treng.
Sterkt kvartal for Eviny27.8.2026 10:23:29 CEST | Pressemelding
Eviny har et underliggende resultat på 519 millioner kroner i andre kvartal, en økning på 197 millioner kroner fra samme kvartal i fjor. Omsetningen på hurtiglading er doblet i andre kvartal sammenlignet med samme periode i 2025.
Eviny Hurtiglading og Mer går sammen og skaper Nordens ledende hurtigladeselskap9.7.2026 13:06:14 CEST | Pressemelding
Eviny og Statkraft slår sammen sine to selskaper for hurtiglading, og skaper Nordens ledende hurtigladeselskap med ladelokasjoner i Norge, Sverige, Danmark, samt Tyskland forutsatt nødvendige juridiske godkjenninger.
Sterkt kvartal: Eviny aukar tempoet i energisatsinga21.5.2026 10:36:11 CEST | Pressemelding
Eviny har eit underliggande resultat på 892 millionar kroner i første kvartal 2026. Det er 216 millionar meir enn same periode i fjor. Konsernet gjennomfører no historisk høge investeringar i fornybar energi og straumnett.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
