Miljødirektoratet

Luftkvalitet 2022: Kommunar hadde for mykje svevestøv

Del
Fem kommunar braut dei nye grenseverdiane for svevestøv i fjor. Aukande vegtrafikk er ein av fleire grunnar til at arbeidet mot luftforureining må halde fram.
Vegtrafikk er, saman med vedfyring, den største lokale kjelda til luftforureining i Noreg. Foto: Aase Marie Lund Evensen, Miljødirektoratet
Vegtrafikk er, saman med vedfyring, den største lokale kjelda til luftforureining i Noreg. Foto: Aase Marie Lund Evensen, Miljødirektoratet

I 2022 senka regjeringa grensene for kor mykje svevestøv (partiklar, PM) som er tillate i utandørslufta – dei såkalla grenseverdiane.

Årsaka til skjerpinga var ei utgreiing som viste at dei samfunnsmessige gevinstane frå mindre luftforureining er langt høgare enn kostnadene av tiltak. Eksponering for svevestøv er mellom anna ei av dei viktigaste miljøårsaka til for tidleg død.

Måledata frå i fjor viser at fem kommunar braut dei nye grensene for fint og grovt svevestøv (PM10). Det gjaldt kommunane Ringsaker, Bærum, Drammen, Lørenskog og Oslo.

– Fleire kommunar, også dei med brot, gjer ein solid innsats for å sikre god luftkvalitet. Med strengare grenseverdiar må likevel ein del kommunar auke innsatsen ytterlegare for å ikkje bryte dei lovfesta grensene. Aukande vegtrafikk er ei av utfordringane som speler inn, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektøren poengterer vidare:

– Det er viktig å fortsetje det gode arbeidet med å betre luftkvaliteten, fordi helsegevinstane er mykje større enn kostnadane.

Faktaboks: Strammare grenseverdiar for svevestøv frå 1. januar 2022 

  • Bakgrunnen for strammare grenseverdiar frå 2022 var ei tilråding frå Miljødirektoratet, Statens vegvesen og Folkehelseinstituttet i 2020, som saman med Meteorologisk institutt greidde ut om at grenseverdiane burde skjerpast.  
  • Utgreiinga viste at lågare nivå av svevestøv vil ha ein samfunnsmessig gevinst som er langt høgare enn kostnadane for nye tiltak. 
  • Der det er fare for at grenseverdiane kan brytast, har eigarar av anlegg som forureinar, til dømes vegeigarar, industriverksemder og hamner, plikt til å gjennomføre tiltak for å sikre at grenseverdiane blir overhaldne.  
  • Dei nye grenseverdiane:
    • 10 mikrogram per kubikkmeter (μg/m³) (årleg gjennomsnitt) for PM2,5 
    • 20 μg/m³ (årleg gjennomsnitt) for PM10 
    • 25 tillatne overskridingar per kalenderår av 50 μg/m³ (i døgngjennomsnitt) for PM10

Fleire årsaker til brot

Grenseverdiane er lovpålagde minimumskrav til kvaliteten på utandørslufta, og formålet er å verne helsa til innbyggjarane.

Kommunane er forureiningsmyndigheit. Dei er altså ansvarlege for å sørgje for at luftkvaliteten i kommunen deira er god.

Ikkje overraskande blir det fleire brot når grenseverdiane blir strengare. Likevel ville Oslo, Drammen og Lørenskog brote også dei gamle grenseverdiane som gjaldt før dei vart skjerpa inn.

2022 starta med lite nedbør og tørre vegar, noko som gjorde at vegstøvet lettare vart kvervla opp. Vegstøv kjem typisk frå slitasje av veg, spesielt på grunn av bruk av piggdekk. Strøing av veg og støving frå byggjeplassar kan også bidra til høge nivå av svevestøv.

Lenkje: Luftkvalitet i Noreg: Sjekk luftkvaliteten i kommunen din her

Faktaboks: Om svevestøv 

  • luftborne partiklar som er så små at dei kan pustast inn
  • stammar spesielt frå vedfyring, eksos og slitasje av asfalt, bremsar og dekk
  • kan også komme til Noreg frå andre land som langtransportert luftforureining
  • blir også kalla partikulært materiale (PM)
  • PM10 og PM2,5 er nemningane på partiklar under høvesvis 10 og 2,5 mikrometer (µm). Det er desse partikkelstorleikane det er sett grenseverdiar for
  • PM10 er fint og grovt svevestøv og PM2,5 er fint svevestøv
  • Svevestøv kan mellom anna gi luftvegs- og hjarte- og karsjukdommar, og er ei av dei viktigaste miljøårsaka til for tidleg død.

Lenkje: Lokal luftforureining (Miljøstatus.no)

Jobbar med å sikre trygg luft

Alle kommunane som hadde brot, har plikt til å utarbeide ei tiltaksutgreiing, som inkluderer ein handlingsplan. Tiltaksutgreiing betyr at kommunane skal avgjere om, og kva, kommunen og andre ansvarlege skal gjere for å halde nivåa under grenseverdiane.

Alle kommunane med brot har anten laga ei tiltaksutgreiing frå før, eller jobbar med å lage ein nå.

Piggdekkgebyr, miljøfartsgrense og reinhald av vegar er døme på tiltak som gjerast for å betre luftkvaliteten.

Lenkje: Slik gjer vi luftkvaliteten betre – Luftkvalitet i Oslo (Oslo kommune)

Vegtrafikk bidreg til luftforureining

Vegtrafikk og vedfyring er dei viktigaste lokale utsleppskjeldene til luftforureining i Noreg. Generelt er det utslepp av svevestøv og nitrogendioksid (NO2) som utgjer dei største utfordringane her til lands. 

Fint svevestøv, PM2,5, kjem som regel frå vedfyring for oppvarming av private heimar.

Brotet i fjor gjaldt likevel for fint og grovt svevestøv (PM10). Brot på grenseverdien for PM10 kjem ofte av høge nivå av støv frå trafikken – vegstøv.

Medan utsleppa av NO2 og svevestøv frå eksos har gått ned sidan rundt 2008, har mengda svevestøv frå slitasje på veg, dekk og bremser halde seg stabil.

Fleire og fleire bilar slepp ut mindre svevestøv frå diesel og bensin enn før. I tillegg får vi fleire el-bilar på vegane som ikkje slepp ut eksos i det heile. Dette bidreg positivt til nivåa av svevestøv.

Men alle bilar – også el-bilar – bidreg til svevestøv. Så lenge vi bruker bilar, vil vi altså framleis ha svevestøv på grunn av slitasje av asfalt, bremsar og dekk.

Innsats mot luftforureining er like viktig som før

Vegtrafikken i Noreg er forventa å auke. Vegstøv, som er ei hovudkjelde til PM10, vil difor halde fram med å utgjere ei utfordring for trygg, lokal luftkvalitet i åra som kjem.

Kommunane, men også fylke og stat, må jobbe for å redusere nivåa. Det finst fleire døme på slikt arbeid, mellom anna byvekstavtalane i større byområde i Noreg.

Fleire kommunar i Noreg har tiltak ogmålsetjing om å handtere dette. Til dømes har kommunane i Lørenskog, Bærum, Oslo og Drammen sett nullvekstmål for persontransport med bil.

Tiltak for å redusere vegtrafikken i sin heilskap, til dømes gjennom auka bruk av kollektivtransport, sykkel og gange, vil vere viktige grep for å handtere luftforureininga i åra som kjem, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

Vegtrafikk er, saman med vedfyring, den største lokale kjelda til luftforureining i Noreg. Foto: Aase Marie Lund Evensen, Miljødirektoratet
Vegtrafikk er, saman med vedfyring, den største lokale kjelda til luftforureining i Noreg. Foto: Aase Marie Lund Evensen, Miljødirektoratet
Last ned bilde
Vegtrafikken er ein sentral bidragsytar til nivåa av svevestøv i Noreg. Dei siste åra har utslepp av svevestøv frå bensin- og dieseldrivne køyretøy gått ned. Utsleppa frå slitasje på dekk og vegbane held seg foreløpig stabilt. Graf er basert på tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Kategorien "Eksos (bensin og diesel)" består av samanslåtte utsleppstal for alle køyretøytypar merka "diesel" og "bensin" i SSBs datatabell. Tal for framskrivingar fram til 2035 vart gjort i samband med statsbudsjettet 2023. Figur: Miljødirektoratet
Vegtrafikken er ein sentral bidragsytar til nivåa av svevestøv i Noreg. Dei siste åra har utslepp av svevestøv frå bensin- og dieseldrivne køyretøy gått ned. Utsleppa frå slitasje på dekk og vegbane held seg foreløpig stabilt. Graf er basert på tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Kategorien "Eksos (bensin og diesel)" består av samanslåtte utsleppstal for alle køyretøytypar merka "diesel" og "bensin" i SSBs datatabell. Tal for framskrivingar fram til 2035 vart gjort i samband med statsbudsjettet 2023. Figur: Miljødirektoratet
Last ned bilde

Lenker

Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim

73 58 05 00https://www.miljodirektoratet.no

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye