Avinor

Luftfarten vart ikkje friskmeld i 2022

Del

Vel 3 387 000 passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i den siste månaden av fjoråret, i ein marknad prega av ein krevjande verdsøkonomi og geopolitikk samt etterdønningar av pandemien. Dette var ein aukepå 38 prosent samanlikna med desember 2021. Sjølv om det var ein auke i passasjertala frå 2021, var tala 11 prosent lågare enn i desember 2019, som var det siste ordinære året før pandemien braut laus.

Frå pandemi til krig og økonomisk uro

Ser vi på tala for heile 2022, samanlikna med heile 2021, er talet på passasjerar dobla. .

- 2022 var året vi gjekk inn i, der vi skulle legge pandemien bak oss og nærme oss normale tider igjen. I staden fekk vi omikron, som medførte reiserestriksjonar i store delar av første kvartal. Russland sin krig mot Ukraina starta i februar. Og økonomien var prega av generell pris- og renteauke og urolege tider gjennom store delar av året, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

Flyrørsler

Det var 47196 kommersielle flyrørsler i desember 2022, 2 prosent færre enn i desember 2021. I heile 2022 har det vore 618 600 kommersielle flyrørsler, mot 462 400 i heile 2021, ein auke på 34 prosent. Om ein samanliknar med 2019, har det vore ein nedgang på 9 prosent.

Utanlandstrafikken: Sterk vekst, men lengre bak 2019-nivået

I desember 2022 var det passasjerar som reiste mellom Avinor sine lufthamner og utlandet. I desember i 2021 reiste 710 000 passasjerar til og frå utlandet. Sjølv om dette er ein auke på 77 prosent, er talet på reisande likevel 19 prosent lågare enn i desember i 2019.

Innanlands: Trafikken nærmar seg 2019-nivået

094000 reiste innanlands i desember i år. Det er 23 prosent fleire enn i 2021, og 6 prosent færre enn i same månad i 2019.

Oslo lufthamn flest passasjerar i Skandinavia i 2022

I 2022 var Oslo lufthamn den største lufthamna i Skandinavia, om ein måler talet på reisande.

Konserndirektør store lufthamner i Avinor, Stine Ramstad Westby, fortel kvifor:

- Årsaka er at Oslo lufthamn har vore raskare til å hente attende passasjertrafikken enn dei andre flyplassane. Vi har søkelys på kva Oslo lufthamn betyr for Oslo-regionen og for Noreg. Luftfarten er viktig både for næringsliv og privatpersonar, og difor er vi nøgde med denne utviklinga.

Westby seier vidare: - Oslo lufthamn var den mest punktlege flyplassen av dei største i Europa i 2022. Avinor arbeider tett saman med våre partnarar, mellom andre fly- og bakkeselskapa. Alle medarbeidarane på Oslo lufthamn, som arbeider døgnet rundt for å få flya av garde, har bidratt til dei gode resultata.

Les også: Oslo lufthamn mest punktlig i Europa (lenke til pressemelding)

-Det har vore ei spanande utvikling i Oslo dei siste åra, som har blitt lagt merke til i inn- og utland.

Talet på besøkande har tatt seg opp etter pandemien. Ein viktig faktor for denne gode trenden er ein velfungerande hovudflyplass med god tilgjengelegheit. Vi opplever at den innsatsen Avinor har lagt ned for å gjere Oslo lufthamn til den største i Skandinavia har vore særs viktig, og heilt avgjerande for heile besøksnæringa, seier administrerande direktør i VisitOslo, Christian Lunde.

Kvifor samanlikne med 2019?

2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld reising.

Tabellen nedanfor syner at skilnaden er stor frå flyplass til flyplass. Oslo lufthamn har flest passasjerar, og påverkar naturleg nok dei samla tala.

Her er passasjertal på dei største lufthamnene samanlikna med 2019:

Desember

Hittil i år

Lufthamn

2019

2022

Endring

2019

2022

Endring

Oslo

2 000 000

1 693 000

-15 %

28 573 000

22 460 000

-21 %

Bergen

450 000

436 000

-3 %

6 436 000

5 927 000

-8 %

Trondheim

298 000

284 000

-5 %

4 375 000

3 780 000

-14 %

Stavanger

310 000

277 000

-11 %

4 302 000

3 575 000

-17 %

DRL*

756 000

698 000

-8 %

10 620 000

8 988 000

-15 %

Avinor

3 815 000

3 387 000

-11 %

54 307 000

44 729 000

-18 %

*DRL står for “divisjon regionale lufthamner”

Avinors trafikkstatistikk: https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk

Nøkkelord

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Dokumenter

Om Avinor

Avinor
Avinor
Dronning Eufemias gate 6
0191 Oslo

+47 67 03 00 00https://avinor.no

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 3.000 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og salg på flyplassene.

- Avinors offentlige journal