Løyve til vassuttak frå Storågavassdraget for fiskeoppdrett
21.12.2012 09:00:24 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Polarfisk AS vil ta i bruk eit allereie etablert settefiskanlegg med tilhøyrande røyrleidningar og vassinntak. Løyvet vil gi grunnlag for primært å produsere stør og sekundært anadrom laksefisk ved hjelp av fullverdig resirkuleringsteknologi. Vassuttaket skal ikkje vere større enn 2 m3/min og skal ikkje overstige 1,1 m3/min gjennomsnittleg vassuttak over året. Det skal til einkvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket.
Den største konflikten mellom vassuttak og tilsig er i følgje hydrologiske overslag midtvinters. Det er difor forventa at vassuttaket vil få minimale konsekvensar for smoltutvandring og oppvandring av gytefisk. Det er ikkje foreslått slepp av minstevassføring sidan dette medfører inngrep i vassdraget.
I nokre få dagar når det er tørt og kaldt i vinterhalvåret vil vassforbruket til settefiksanlegget vere opp mot det naturlege tilsiget i Storåga og elva kan bli tørrlagt over en strekning på 30-50 meter. Slik NVE ser det er dette den einaste ulempa av særleg betyding.
NVE er av den oppfatning at vassdraget vil bli tatt i bruk på ein god måte og legg særleg vekt på at bedrifta skal etablere eit fullverdig resirkuleringsanlegg. Med eit beskjedent vassuttak, vil selskapet kunne produsere ein betydeleg større biomasse enn det som er blitt produsert ved tidlegare drift.
NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til vassutak frå Storågavassdraget.
Les meir om løyve til vassutak frå Storågavassdraget for landbasert fiskeoppdrett på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Gry Berg, tlf. 22 95 92 20
Seniorrådgiver Frank Jørgensen, tlf. 22 95 94 31
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Mjøndalen er bedre sikret mot flom og kvikkleireskred13.5.2026 10:09:05 CEST | Pressemelding
Etter flere år med arbeid er et av Norges største flomsikringsprosjekter nå ferdigstilt. Rundt 1300 innbyggere i Mjøndalen er bedre beskyttet mot flom, og samtidig er risikoen for kvikkleireskred redusert.
Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes13.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.
NVE fastsetter utredningsprogram for Stelåga Kraftverk8.5.2026 13:58:25 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Stelåga kraftverk i Rødøy kommune. Programmet beskriver ulike temaer Blåfall AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE held fast ved nyleg reviderte miljøkrav – avslår to søknader frå Statkraft8.5.2026 13:46:05 CEST | Pressemelding
NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om å endre nyleg fastsette miljøkrav i vilkårsrevisjonane for reguleringane i Folla-Vindøla og Tokke-Vinje. NVE meiner endringane det er søkt om vil gripe inn i sentrale føresetnader for miljøforbetringane som skulle oppnåast gjennom vilkårsrevisjonane.
NVE inviterer til høring og møter om havvindanlegg utenfor Utsira og Karmøy5.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
De to selskapene Utsira Nord Havvind DA og Harald Hårfagre AS ønsker å bygge havvindanlegg utenfor kysten av Rogaland. Det er planlagt å koble anleggene til kraftnettet på land i de to kommunene Utsira og Karmøy. Norges vassdrags- og energidirektorat inviterer til en offentlig høring og folkemøter i juni.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
