Løyve til Raukforsen kraftverk og avslag til Gjerdalsvatnet kraftverk
19.4.2012 09:00:16 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Løyve til Raukforsen kraftverk
Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 77 meter og ved normalt tilsig produsere om lag 13,4 GWh, dette svarar til den årlege straumbruken til om lag 670 husstandar. Installert effekt vert 5,0 MW. Kraftproduksjonen vil redusere vassføringa i Gjerdalselva over ei strekning på 800 meter. Det er satt vilkår om at vatnet skal førast i tunnel, sett bort ifrå ei kort strekning inn mot kraftstasjonen med nedgravne røyr. Nedgraving av røyr over heile strekninga ville medført mykje sprenging i fjell, og terrenginngrepa ville etter NVEs vurdering vore omfattande. Det vil bli ein avkjørsel frå Gjerdalsvegen til kraftstasjonen, ein permanent veg på om lag 600 meter. Det er opna for ei best mogeleg miljø- og landskapstilpassing for vegen ved NVEs endelege godkjenning av detaljplanen for utbygginga.
Det er ikkje registerte nokon spesielle miljøverdiar som blir rørd av ei utbygging, men det finnast laks og sjøaure i elva nedstraums kraftstasjonen. Av omsyn til vassdragsmiljøet og opplevinga av dette er det mellom anna fastsete ei minstevassføring på 1500 l/s om sumaren. Om vinteren er det sett vilkår om slipp av 350 l/s forbi kraftverksinntaket.
Ikkje løyve til Gjerdalsvatnet kraftverk
NVE har avslått konsesjonssøknaden frå Nord-Norsk Småkraft AS om bygging av Gjerdalsvatnet kraftverk. Kraftverket var planlagt å nytte eit fall på 76 meter i Stillelva/Gjerdalselva i fossen ned mot Gjerdalsvatnet. Med ein installert effekt på 3,0 MW ville kraftverket produsert om lag 9,3 GWh/år ved normalt tilsig. NVE har lagt avgjerande vekt på at fråføringa av vatn i fossen ned mot Gjerdalsvatnet er negativt for landskapet og opplevinga av dette ved utøving av friluftsliv. NVE meiner det ikkje er mogeleg å redusere ulempene med avbøtande tiltak. Gjerdalen er registrert som eit svært viktig friluftsområde i Sørfold kommune, og området rundt Gjerdalsvatnet er godt tilrettelagt for friluftsliv.
Dei negative konsekvensane ved bygging av Gjerdalsvatnet kraftverk står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Gjerdalsvatnet kraftverk.
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf: 22 95 93 89
Sakshandsamar Asgeir Vagnildhaug, tlf: 22 95 99 37
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE pålegger nye miljøtiltak i Arnafjord- og Vikvassdragene3.11.2026 10:00:00 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i dag vedtatt nye miljøvilkår for Arnafjord- og Vikreguleringen i Vestland. Med fiskepassasje ved Hove kraftverk og minstevannføring i Vikja, Seljadalselvi og Hopra skal miljøforholdene for laks og sjøørret nå styrkes.
Sterk vekst i datasentre svekker norsk kraftbalanse29.10.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Dersom kraftforbruket øker sterkt uten at det bygges ut ny kraftproduksjon, vil Norge få kraftunderskudd og betydelig høyere priser fram mot 2035. Det viser en ny rapport fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
NVE avslår søknad om Grøna kraftverk i Tydal28.10.2026 11:12:05 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) avslår søknaden om å bygge Grøna kraftverk i Tydal kommune i Trøndelag. Kraftverket ville gitt en årlig kraftproduksjon på 10,5 GWh, men NVE mener at konsekvensene for reindrift og naturmangfold er større enn fordelene ved kraftproduksjonen.
Energibruken i Norge blir mer effektiv27.10.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Energibruken i Norge har blitt betydelig mer effektiv de siste ti årene, viser en ny rapport fra NVE. Energiintensiteten i norsk økonomi er redusert med 18 prosent i perioden 2015 til 2025. Særlig transportsektoren og bygg har bidratt til utviklingen gjennom omfattende elektrifisering og energieffektivisering. Samtidig er Norge fortsatt et stykke unna det nasjonale målet om å redusere energiintensiteten med 30 prosent innen 2030.
Oransje varsel om flomfare på deler av Østlandet23.10.2026 16:49:45 CEST | Pressemelding
Ekstremværet Boelo er på vei fra Storbritannia mot sørlige deler av Norge. Mye regn er ventet i deler av Telemark, Buskerud, Vestfold og vest for Oslo natt til søndag 25. oktober. NVE varsler fare for flom på oransje nivå. Jordskredfare er på gult nivå.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
