Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til ny 420 kV kraftleidning Aurland–Sogndal

Del
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Statnett AS løyve til å bygge ein 420 kV kraftleidning til erstatning for dagens 300 kV leidning i Sogndal, Vik, Lærdal og Aurland kommunar, i Vestland fylke.
Vassbygdevatnet fra Fv 50, visualisering av ny trasé. Illustrasjon: Statnett.
Vassbygdevatnet fra Fv 50, visualisering av ny trasé. Illustrasjon: Statnett.

Statnett har fått løyve til å bygge nye 420 kV kraftleidningar mellom Aurland og Sogndal, og Sogndal og Ramnaberg. Dei eksisterande 300 kV leidningane på same strekningar skal fjernast. Nye leidningar skal hovudsakeleg etablerast parallelt med dei gamle leidningane, men vil byggas i heilt nye spenn over Vassbygdevatnet og Sogndalsfjorden.

Grunngjevinga for vedtaka er hovudsakleg behovet for å auke overføringskapasiteten på kraftleidningane. I tillegg er fjordspennene over Sogndalsfjorden og Sognefjorden gamle og det er nødvendig å bytte desse ut. Når dei nye nettanlegga er bygget, vil om lag 65 kilometer med dei gamle leidningane fjernast. NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer derfor løyve til tiltaka.

Les meir om sakane på NVEs nettstad.

Kontakter

Seksjonssjef Lisa Vedeld Hammer,
tlf: 22 95 90 33


Sakshandsamar Katrine Stenshorne Odenmarck,
tlf: 22 95 93 27

Bilder

Vassbygdevatnet fra Fv 50, visualisering av ny trasé. Illustrasjon: Statnett.
Vassbygdevatnet fra Fv 50, visualisering av ny trasé. Illustrasjon: Statnett.
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye