Lostenesta til topps med GPS-prosjekt

Lostenesta er ein av vinnarene i Innovasjon Norge si konkurranse om Innovasjonspartnerskap. Gjennom utvikling av portabel sensorteknologi vil lostenesta auka sjøsikkerheten ved å gjere GPS-signal i navigasjonsverktøy meir pålitelige. Premien er på om lag 8,5 millionar kroner, og går til finansiering av prosjektet.
En los skal alltid kunne føre skip trygt i hamn, utan kart i «tåke, regn og snøtjukke» og med radar som einaste hjelpemiddel. GPS er likevel eit viktig støtteverktøy, spesielt i større operasjoner der marginane er små.
– Bortimot all navigasjon til sjøs nyttar i dag GPS/GNSS (Global Navigation Satellite System) som hovudkjelde til fartøyet sin posisjonbestemmelse. Samtidig er det fleire faktorar som kan verke inn på nøyaktigheita på signala som losen tek i mot på sine teknologiske støtteverktøy. Det kan føre til farlege situasjonar og uønskte hendingar, som trugar transportsikkerheita, fortel losdirektør Erik Blom i Kystverket.
Prosjektet vil difor utvikle ein portabel sensorteknologi som aukar sikkerheita, og som er tilpassa dei behova som Kystverkets Losteneste har.
– Vi ser aukande avhengighet av GPS i navigasjonsverktøy i skipstrafikken. Samtidig er det eit sårbart signal som kjem frå GPS-satellittar 20 000 kilometer over hovuda våre, med ein effekt på berre 25 W. Det er mindre enn lyspæra på nattbordlampa di, fortel Odd Sveinung Hareide i Lostenesta.
Utfordringa er at GPS-signala kan falle bort, enten utilsikta eller gjennom sabotasje og «hacking» av signal.
– Såkalla «jamming» (interferens) og «spoofing» (narring) er vanligare enn vi likar å tru, og utgjer ein risiko for sjøsikkerheita, seier Odd Sveinung. Han understrekar at problemstillinga ikkje er unik for sjøfart, og at ein slik sensorteknologi vil vere til stor nytte for andre samfunnsaktørar, noko juryen frå Innovasjon Norge også påpeika.
Innovasjonspartnerskap bidreg til offentlig-privat samarbeid der partene utviklar heilt nye løysingar.
– Med dette prosjektet viser Kystverket at dei er veldig ambisiøse og det er gledeleg å sjå at dei ønsker å samarbeide med næringslivet for å utvikle innovative løysingar for økt sikkerheit på havet. Vi gler oss til å følge dette spennande prosjektet vidare, seier direktør for Samfunns- og næringsutvikling i Innovasjon Norge, Vigdis Harsvik. Totalt kom det inn 37 søknadar. Elleve gikk vidare til finalen, og åtte av prosjekta får no finansiering.
Om lostjenesten:
-Lostjenesten bidrar til å trygge ferdselen på sjøen og verne om miljøet ved å tilføre fartøyets mannskap nødvendig farvannskunnskap til å foreta sikker seilas.
-90 prosent av eksport og import i Norge går sjøveien. Skipstrafikken er derfor viktig for import av essensielle varer til befolkningen, og for å sikre forsyningene både i industrien og samfunnet ellers.
-På landsbasis har Kystverket rundt 275 loser i tjeneste, stasjonert ved 18 losstasjoner.
-Lostjenesten er tilgjengelig 24 timer i døgnet, hele året, og er finansiert av avgifter betalt av skipsfarten som benytter seg av tjenesten. Lostjenesten utfører årlig rundt 40 000 oppdrag på landsbasis.
-Losen og lostjenesten har spilt en viktig rolle for sikkerheten til sjøs og utviklingen av kyst- og sjøfartsnasjonen Norge. I 1720 ble lostjenesten ble organisert gjennom en kongelig forordning, og dette skal markeres i jubileet LOS 300 neste år.
Nøkkelord
Kontakter
Erik Blom, losdirektør i Kystverket
Tlf 93047621
Erik.blom@kystverket.no
Odd Sveinung Hareide, seniorrådgiver Kystverkets lostjeneste
Tlf 95124757
odd.sveinung.hareide@kystverket.no
Bilder




Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
Kystverket avlyser anbudskonkurransen for Kjøllefjord fiskerihavn – nytt arbeid i gang3.7.2025 15:29:46 CEST | Pressemelding
Kystverket har besluttet å avlyse konkurransen om utbyggingstiltaket Innseiling Kjøllefjord Fiskerihavn i Lebesby kommune i Finnmark, etter at de mottatte tilbudene lå vesentlig over prosjektets kostnadsramme.
Status 2025 tek for seg sjøtransporten i ei tid med raske endringar30.6.2025 13:20:22 CEST | Pressemelding
Kystverket har publisert Status 2025 – ei ny samling artiklar som gir fagleg innsikt i korleis sjøtransporten utviklar seg i møtet med nye krav, større kompleksitet og meir uforutsigbare tider.
Kyst- og havnekonferansen 2025: Statsråden kommer når vi samler kyst-Norge for 20. gang27.6.2025 15:50:29 CEST | Pressemelding
Det blir selvsagt Kyst- og havnekonferanse i Honningsvåg denne høsten også! 24.–25. september inviterer Kystverket til den 20. utgaven av Kyst- og havnekonferansen. Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss kommer – kommer du?
155 tilskotsmillionar som skal gjere hamnene meir effektive og miljøvennlege25.6.2025 13:11:37 CEST | Pressemelding
Kystverket gir no tilsagn om til saman 155 millionar kroner i tilskot til 9 prosjekt gjennom tilskotsordninga for effektive og miljøvennlege hamner. Målet er å legge til rette for betre logistikk, lågare utslepp og meir overføring av gods frå veg til sjø.
Styrkar kysten – 85 millionar til kommunale fiskerihamnetiltak13.6.2025 11:05:00 CEST | Pressemelding
Kystverket gir no tilsagn om til saman 85,2 millionar kroner til 11 prosjekt i kommunale fiskerihamner. Midlane skal bidra til betre infrastruktur og meir robuste rammevilkår for fiskerinæringa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom