Hotel Ullensvang

LEGG HOTEL ULLENSVANG UT PÅ MARKNADEN

Del

Lofthus, 27.02.2020: Eigarfamilien til Hotel Ullensvang i Hardanger – eit av Noregs mest tradisjonsrike hotell – har starta ein prosess med sikte på å finne nye eigarar.

Fasade Hotel Ullensvang. Foto: Hotel Ullensvang
Fasade Hotel Ullensvang. Foto: Hotel Ullensvang

- Gjennom fem generasjonar har familien bygd opp eit unikt hotell og solide lokale arbeidsplassar. Me har vurdert eigarforma grundig, og er kome til at i eit langsiktig perspektiv finnest det betre måtar å utvikle hotellet vidare og sikre arbeidsplassane enn gjennom eit familieeigarskap. Me har difor bestemt oss for å sjå om me kan finne nye eigarar, seier femte-generasjons eigar Hans Edmund Utne.

Saman med kona Barbara Zanoni Utne er han femte generasjon eigar og drivar av hotellet, som tippoldefaren Hans Utne grunnla i 1846. Dei har engasjert rådgivingsselskapet CBRE, med verdsomspennande nettverk, som tilretteleggjarar av den planlagde transaksjonen.

- Valet av CBRE er mellom anna gjort ut frå ein tanke om at den neste eigaren av Hotel Ullensvang like vel kan vere i utlandet som i Noreg. Uansett om dette skulle vise seg å være ein einskild person, eit selskap eller ei hotellkjede, er me opptekne av å finne nokon som skjøner verdien av den lokale forankringa og kulturen som har vore eit av Hotel Ullensvang sine fortrinn heilt sidan starten, seier Utne.

Med 170 rom og ei berekna omsetning på om lag 86 millionar kroner i 2019, er Hotel Ullensvang ein stor og kjend aktør i norsk reiseliv. Samstundes driv hotellet i ein bransje der trenden er stendig større konstellasjonar og samanslutningar.

- I den store reiselivsverda vert me små. Det at me har vald å stå utanfor kjeder og bestillingstenester på nett, har vore riktig strategi. Men det har og gjort drifta meir krevjande. Samstundes ser me at konkurransen om dei mest kvalitetsbevisste turistane, segmentet der me er, har vorte hardare og meir global. Då trur me ikkje at det å stå aleine i eit familieeigarskap er den beste løysinga for hotellet på sikt, seier Utne.

Sjølv om det er ein porsjon vemod knytt til å ha kome til denne konklusjonen, meiner både han og kona Barbara at avgjerda er riktig for hotellet og dei tilsette. For familien seier dei også at avgjerda er eit livsval.

- Å drive hotell på denne måten er meir enn berre ein jobb. Det er ein livsstil. For oss handlar denne avgjerda også om eit vegval for oss sjølve og for etterkomarane vår, seier Utne.

Årets sesong startar som planlagd til påske, og vil ikkje verte påverka av eit eventuelt sal.

- Det er uvisst kor lenge denne prosessen vil ta. Det er mogleg at ny eigar er klar allereie i løpet av summaren. Samstundes er me budd på at prosessen kan ta lengre tid og også at den rette kjøparen kanskje ikkje dukkar opp i denne runda, seier Hans Edmund Utne.

I tillegg til CBRE er advokatfirmaet Adviso i Ålesund og kommunikasjonsselskapet First House i Oslo engasjerte som rådgjevarar i den pågåande prosessen.

Om Hotel Ullensvang

  • 174 år gamalt hotell med 170 rom, stort badeanlegg og aktivitetssenter, a la carte restaurant og konferansesenter.
  • Ligg i Lofthus, ved fjordkanten av Sørfjorden – ei fjordarm av Hardangerfjorden. Utsyn mot Folgefonna i vest og Hardangervidda nasjonalpark i aust.
  • Eigd og drifta av familien Utne gjennom fem generasjonar, med kontinuerleg drift sidan 1846.
  • Sikter seg mot det sterkt veksande segmentet av «high end» turisme i Norge. Norske gjestar stod for 63 prosent av gjestedøgera i 2019. Besøkande frå Amerika og Asia utgjorde i overkant av 20 prosent, og det meste av dei andre gjestane kom frå europeiske land.

Nøkkelord

Kontakter

Kontaktperson: Hans-Christian Vadseth, telefon 91 55 96 19, e-post hcv@firsthouse.no

Bilder

Fasade Hotel Ullensvang. Foto: Hotel Ullensvang
Fasade Hotel Ullensvang. Foto: Hotel Ullensvang
Last ned bilde
Edvard Grieg komponisthytta si som står i hagen til Hotel Ullensvang. Foto: Hotel Ullensvang / Haakon Nordvik
Edvard Grieg komponisthytta si som står i hagen til Hotel Ullensvang. Foto: Hotel Ullensvang / Haakon Nordvik
Last ned bilde
Oversiktsbilete Hotel Ullensvang. Foto: Hotel Ullensvang
Oversiktsbilete Hotel Ullensvang. Foto: Hotel Ullensvang
Last ned bilde
Utsikt frå utandørs symjebasseng. Foto: Hotel Ullensvang / Gunn Gravdal Elton
Utsikt frå utandørs symjebasseng. Foto: Hotel Ullensvang / Gunn Gravdal Elton
Last ned bilde
Hans Edmund Utne og Barbara Zanoni Utne på utsida av Hotel Ullensvang. Foto: Hotell Ullensvang
Hans Edmund Utne og Barbara Zanoni Utne på utsida av Hotel Ullensvang. Foto: Hotell Ullensvang
Last ned bilde

Om Hotel Ullensvang

Hotel Ullensvang
Ullensvangveien 865
5781 Lofthus Hardanger

91559619https://www.hotel-ullensvang.no/

Hotel Ullensvang er eid og driftet av familien Utne gjennom fem generasjoner, med kontinuerlig drift siden 1846. Hotellet ligger i vakre Lofthus, ved fjordkanten av Sørfjorden – en fjordarm av Hardangerfjorden med utsyn mot Folgefonna i vest og Hardangervidda nasjonalpark i øst. 

Følg saker fra Hotel Ullensvang

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Hotel Ullensvang på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Hotel Ullensvang