Landbrukssamarbeid heidra med pris
- I dag vil vi heidre ein standhaftig entusiasme og ei gjennomføringsevne i særklasse, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland, om dagens vinnar.
I år er 16 år sidan Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane såg dagens lys med Jo Helge Sunde som prosjektleiar, og 12 år sidan Kjartan Åsnes, Ole Jakob Nedrebø og Hilde Åsnes etablerte samdrifta Straumsnes Mjølk og Kjøpt DA.
– Bedriftsutviklingsprisen i landbruket skal synliggjere og heidre innovative bedrifter i landbruket. Det er eit stort mangfold og ei spennande utvikling i norsk landbruk i dag, noko Straumsnes Mjølk og Kjøt DA er eit godt døme på, seier landbruks-og matminister Olaug Bollestad.
Samarbeid og sosialt samhald
Straumsnes Mjølk og Kjøt DA – SMOK - driv felles mjølke- og storfekjøtproduksjon, for å oppnå best mogeleg utnytting av jordbruksareala på Straumsnes i Fjaler.
SMOK er ei samdrift i ordet si rette tyding. Her tek alle eit tak, analyserer drifta og set opp felles mål for den vidare drifta.
- Vi var samde om at vi alle skulle delta aktivt i arbeidet. Samdrifta skulle ikkje berre vere eit samarbeid på papiret, med mange passive eigarar. Den sosiale sida ved samarbeidet er utruleg viktig for trivselen vår, seier Kjartan Åsnes, dagleg leiar i SMOK og heiltidsbonde.
Driftsopplegget til SMOK er inspirert av metodikk frå andre delar av næringslivet. Det er ikkje kvardagskost i norske landbruksforetak.
- Management basert på regelbunde styremøte, der eigarane diskuterer og legg planar på grunnlag av oppdatert informasjon om den økonomiske og driftsmessige stoda - avlingsnivå, kvalitet på fôrprøvar, mjølkekvalitet og avdrott, er avgjerande for at vi har dagens produksjonsomfang, hovudsakleg basert på lokale ressursar, seier Kjartan Åsnes.
Optimisme og moderne bygg
Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har vore ein viktig bidragsytar til at SMOK og om lag 140 andre gardsbruk, har satsa på framtida og bygd moderne driftsbygningar i fylket.
- Utan mobiliseringa og rettleiinga frå Jo Helge Sunde og Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane hadde vi truleg følgd straumen her på kysten og langt ned gardsbruka våre. I staden har vi i dag ein god arbeidsplass i landbruket, kultiverer om lag 850 dekar og produserer 430 tonn mjølk og 15 tonn storfekjøt, seier Åsnes.
- Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har klart å skape tru på framtida og bruksutbygging i ei næring som var prega av pessimisme. Frå å vere eit fylke prega av stillstand og liten investeringsvilje innan storfe, har mjølk- produsentane i Sogn og Fjordane gjennom ei målretta satsing lagt om til lausdrift og robotmjølking, seier Bjørn Harald Huasvær, leier i styringsgruppa.
Framtida og ressursutnytting
Hovudmålet med Storfeprosjektet i fylket, er å ta vare på Sogn og Fjordane sin relative del av mjølkeproduksjonen i landet. Det har dei klart så langt, sjølv om fylket har dei minste gardsbruka i landet og meir enn 50 prosent av gardbrukarane har lagt ned mjølkeproduksjonen i denne perioden.
- Kravet om lausdrift frå 2034 gjer det heilt nødvendig med framleis store investeringar i næringa dei neste 15 åra. Godt fagmiljø, driftsopplegg basert på tilgjengeleg ressursgrunnlag, gjennomarbeidde planar for investeringane og høg tillit til rådgjevarane vil vere avgjerande for å lukkast, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland.
Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:
- Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
- Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.
- Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50.000 kroner.
- Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250.000 kroner.
- Den nasjonale prisen vert delt ut under Grüne Woche i Berlin i januar 2020.
Kontakter
Kontaktpersonar:
-Straumsnes Mjølk og Kjøt DA, ved Kjartan Åsnes, mob 991 60 341
-Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane, ved Jo Helge Sunde, mob 971 69 845
-Innovasjon Norge Vestland, v/Kristine Kopperud Timberlid, mob 952 26 051
Bilder
Om Innovasjon Norge
Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Innovasjon Norge og Eksfin finansierer Nordic Halibut med til sammen 178 millioner kroner18.4.2024 09:00:00 CEST | Pressemelding
Kveiteoppdrettsselskapet Nordic Halibut på Averøy i Møre og Romsdal mottar lånefinansiering på 102,5 millioner kroner fra Innovasjon Norge og 75 millioner kroner fra Eksportfinansiering Norge (Eksfin) til nytt landbasert settefiskanlegg på Tingvoll samt drift.
Nå åpnes det for nye klynger til Norwegian Innovation Clusters17.4.2024 15:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge, i samarbeid med Siva og Forskningsrådet, kan i dag kunngjøre opptak av nye klynger til klyngeprogrammet “Norwegian Innovation Clusters”.
Presseinvitasjon til Hannover Messe - besøk av statsminister Jonas Gahr Støre og Tysklands forbundskansler Olaf Scholz11.4.2024 06:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Vi inviterer norsk presse til årets Hannover Messe, en av verdens største industrimesser, der Norge i år er partnerland. Statsminister Jonas Gahr Støre og Tysklands forbundskansler Olaf Scholz besøker den norske paviljongen mandag 22. april.
Tina Stiegler blir ny divisjonsdirektør i Innovasjon Norge21.3.2024 15:30:00 CET | Pressemelding
Tina Stiegler skal lede Innovasjon Norges største kundedivisjon som selskapets nye divisjonsdirektør for samfunns- og næringsutvikling.
Bionova fungerer godt, viser den første evalueringen20.3.2024 10:45:29 CET | Pressemelding
Bionovas to ordninger fungerer etter hensikten, viser evalueringen som er gjennomført av Oxford Research.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom