Sparebanken Vest

Lågare tap og betre utsikter for Vestlandet

Del
Sparebanken Vest har i fyrste kvartal eit resultat før skatt på 432 (322) millionar kroner og ein eigenkapitalavkastning på 10,6 prosent (8,8).
Sparebanken Vest gjekk inn på eigarsida i Vipps i februar.
Sparebanken Vest gjekk inn på eigarsida i Vipps i februar.

Resultatforbetringa kan i hovudsak tilskrivast auka resultat frå finansielle instrument, auke i bidrag frå tilslutta selskap, auka provisjonsinntekter, lågare tap kostnadar og fortsatt lave tap.

- Resultata for fyrste kvartal i 2017 syner at den positive utviklinga frå 2016 fortset. Bankdrifta er sunn og god. Tolvmånadarsveksten i utlån er på høvesvis 6,9 prosent i personmarknaden og 5,4 prosent i bedriftsmarknaden. Sparebanken Vest har ein solid kapitaldekning, og er godt posisjonert for vekst framover, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Heilt sidan andre kvartal 2016 er det registrert ein forsiktig framgang blant bedriftene på Vestlandet. I fyrste kvartal 2017 melder Vestlandsbedriftene og om noko auka investeringar. Vestlandsindeks 1/2017, som er en rundspørjing blant 700 bedriftsleiarar på Vestlandet, syner mellom anna at optimismen på Vestlandet er på veg tilbake, og er på sitt høgaste nivå på tre år.

- Etter fleire kvartal med auke i etterspurnaden varslar no bedriftene og om ei auka investeringslyst som kan gje positive ringverknader for veksten i økonomien på Vestlandet. Me kan godt seie at oppgangen har fått feste i vår region, seier Kjerpeseth

Forventar lågare tap
Den positive makroøkonomiske utviklinga på Vestlandet gjer seg og utslag i lågare tap for banken. Nedskrivingar på utlån og garantiar utgjorde i fyrste kvartal 29 millionar kroner mot 26 millionar kroner i same periode i fjor.

- Banken sine samla tapsnedskrivingar er i fyrste kvartal på eit lågare nivå enn det banken tidlegare har tatt høgde for sett opp mot året som heilhet. Fortsatt god kvalitet i utlånsportefølja kombinert med utsikter til noko betre makroforhold tilseier at tapsnedskrivingane vert lågare enn tidlegare forventa. Vi har difor justert ned tapsanslaget for året 2017 til å ligge i intervallet 150 til 175 millionar kroner. Ved inngangen til året var dette anslaget 200-250 millionar kroner, seier Kjerpeseth.

Auke i resultatbidrag frå tilknytta selskap
Frende Forsikring ga eit resultatbidrag til banken på 22 (6,2) millionar kroner i fyrste kvartal. Frende Skade har ved utgangen av mars 136,100 (123,800) kundar. Frende har nylig vunne pris for beste kundeservice innan forsikring og er for sjette år på rad kåra til å ha Noregs beste reiseforsikring.

- Frende fortset den lønsame veksten, og vi ser og at Brage Finans nesten har dobla sitt resultatbidrag frå fyrste kvartal i fjor. Norne Securities syner framgang og leverer eit positivt resultatbidrag, fortel konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

Fortset den offensive digitale satsinga
Sparebanken Vest har ein tredelt digital utviklingsstrategi.

- Vi nyttar eigenutvikling der vi ser mogelegheiter for differensierte kundeopplevingar og innan det vi ser som våre kjernetenester. Elles kjøper vi kjerne- og standardløysingar. Den tredje delen i vår strategi er strategiske partnarskap. Vi har til dømes inngått partnarskap med Fiken som er Noregs fremste nettbaserte rekneskapsprogram. No har vi marknadens tettaste integrasjon mellom bank og rekneskap, der våre minste bedriftskundar enkelt kan føre rekneskapet sitt sjølve i nettbanken, seier Kjerpeseth.

Saman med over 100 andre norske banker gjekk Sparebanken Vest inn på eigarsida i Vipps i februar.

- Vi ser at Vipps blir tatt i bruk på stadig nye områder, og at og privatpersonar og bedrifter sett pris på enkelheten og funksjonalitetane i løysinga. Utvidinga av Vipps er ei naturlig forlenging av det gode samarbeidet norske bankar historisk har hatt for å skape einsarta betalingsløysingar for alle bankkundar i Noreg, fortel Jan Erik Kjerpeseth.

Kjerpeseth vil og tre inn i styret i Vipps ved etablering.

Hovudtal fyrste kvartal 2017 (fyrste kvartal 2016 i parentes):
Resultat før skatt: 432 mkr (322)
Resultat/utvanna resultat pr eigenkapitalbevis: 1,26 kr (0,99)
Rentenetto: 1,47 % (1,51)
Rein kjernekapital 14,8 % (13,8)
Kostnadsprosent: 44,3 % (52,1)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 10,6 % (8,8)

Meir informasjon:
Sjå vedlagte delårsrapport og delårspresentasjon.
Fullstendig rapport for fyrste kvartal 2017 finst og på www.spv.no.

Kontaktpersonar:
Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef, tel: 951 98 430
Frank Johannesen, konserndirektør , tel: 952 65 971
Stig Tore Vangen, investorkontakt, tel: 920 19 134
Lars Ove Breivik, informasjonssjef, tel: 415 06 999, e-post: lars.breivik@spv.no

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Sparebanken Vest gjekk inn på eigarsida i Vipps i februar.
Sparebanken Vest gjekk inn på eigarsida i Vipps i februar.
Last ned bilde

Dokumenter

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye