Arkivverket

Kronprinsen besøker Arkivverket

Del
H.K.H. Kronprins Haakon besøker Arkivverket ved Sognsvann i Oslo 1. september 2021 klokka 10.00.
Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.
Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.

Arkivverket tek vare på Noregs største samling av middelalderdokument. I perioden 2017- 2019 vart ei betydeleg mengd middelalderkjelder digitalisert og gjort tilgjengeleg for alle på Digitalarkivet.no. Det opnar for ny bruk og forsking.

Kronprinsen vil under besøket få høyre meir om arbeidet med digitalisering av middelalderkjeldene, og kva moglegheiter bruk av teknologi/kunstig intelligens på nær 1000 år gamle kjelder gir. På programmet står også ei omvisning i middelaldersamlinga i Arkivverket sine magasin.

Arkivverket har som ambisjon at alle dokument frå middelalderen (i Arkivverket si samling) skal vere tilgjengelege digitalt innan det store jubileet i 2024, då det er 750 år sidan Magnus Lagabøte innførte den første lova som gjaldt for heile Noreg (Landslova).

Ordførar i Oslo, Marianne Borgen, vil også vere til stades under kronprinsbesøket.

Tid: Onsdag 01. september kl. 10.00

Stad: Riksarkivbygningen på Sognsvann i Oslo, Sognsveien 221.

Pressekontakt og påmelding

seniorrådgjevar i Arkivverket, Helen Daae Frøyseth, tlf. 48 22 09 92.

Presse som ynskjer akkreditering til besøket må søkje om dette ved å sende ein e-post til helfro@arkivverket.no, innan tysdag 31. august klokka 14.00. På grunn av koronapandemien og omsynet til smittevern kan vi bli nøydd til å avgrense talet på presse. Vi ber om forståing for dette.

Kontakter

Bilder

Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.
Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.
Last ned bilde
Dok. nr. 4: Hyllingsbrev 17.7.1344 frå bymennene i Nidaros, Bergen, Oslo og Tønsberg, bøndene og almuen i Stjørdalsfylke, Gauldalsfylke, Namdalsfylke, Sunnmøre, Sunnhordland, gulatingsmennene og bøndene av Hordaland om at dei hyllar Håkon (6. Magnusson) som konge i samsvar med dei brev som er sett opp om dette, og kong Magnus 7. Eirikssons tidlegare forordning (Arkivreferanse: Arkivverket/RA, Riksarkivets diplomsamling, F06/L0002- Dokument nr. 4, 1344). Dokumentet er henta frå Arkivverkets Diplomsamling, serien Norske statsdokumenter, frå 1295 til 1646, som vart fotografert og lagt ut på nett i 2019. Lenke til Digitalarkivet: https://www.digitalarkivet.no/db50002320500004

Riksarkivbygningen på Sognsvann (foto: Arkivverket/Jaro Hollan)
Riksarkivbygningen på Sognsvann (foto: Arkivverket/Jaro Hollan)
Last ned bilde

Om Arkivverket

Arkivverket
Arkivverket
Postboks 4013 Ullevål Stadion
0806 Oslo

480 55 666http://www.arkivverket.no/

Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.

Følg pressemeldinger fra Arkivverket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Arkivverket

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye