Lotteri- og stiftelsestilsynet

Krisepakke 2 for frivillige organisasjonar – første utbetaling er på veg

Del
Fredag 31. juli startar Lotteri- og stiftelsestilsynet utbetaling til første pulje av dei som har søkt om støtte frå den siste krisepakken for frivillige organisasjonar.

Krisepakke 2, som skal kompensere frivillige organisasjonar som har betydeleg  inntektsbortfall frå arrangement og anna aktivitet som følgje av pålegg eller råd gitt av staten, opna for søknad 16. juli. Søknadsfristen er 15. september.

Per søndag 26. juli var det komme inn 440 søknader. 379 av desse er no innvilga. Resten av søknadane treng lenger sakshandsaming og vil komme med i ei seinare pulje.

Til saman blir det utbetalt nær 30 millionar kroner i denne omgang, og utbetalinga omfattar i alt 1144 arrangement eller anna aktivitet.

- Vi legg opp til puljevis utbetaling etterkvart som søknadane kjem inn, slik at organisasjonane som søkjer skal få pengane så fort som råd, seier prosjektleiar Gunn Merete Paulsen i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Sjå kven som får utbetaling i første pulje.

Les meir om ordninga, og finn oppdatert søkarliste på vår nettside.

Om Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Storehagen 1B
6800 FØRDE

57 82 80 00https://lottstift.no/nb/

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Les meir på www.lottstift.no  

Følg pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Lotteri- og stiftelsestilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye