Helse Vest RHF

Krevjande budsjett for sjukehusa

Del
Sjukehusa står overfor store økonomiske utfordringar dei kommande åra. – Den økonomiske situasjonen vil vere krevjande framover, mogleg meir enn nokon gong. Me må vere realistiske og prioritere rett og godt, seier styreleiar i Helse Vest RHF, Agnes Landstad.
Agnes Landstad. Foto: Heidi Widerøe
Agnes Landstad. Foto: Heidi Widerøe

Denne veka fekk styret i Helse Vest ein konsekvensanalyse av den økonomiske situasjonen framover. Mellom anna må ein utsette fleire byggeprosjekt. Helseføretaka i regionen planlegg vidare for tiltak både i 2023 og framover.

Den økonomiske situasjonen

I 2022 har det vore ein generell pris- og lønnsvekst som er langt høgare enn føresetnadene i statsbudsjettet. Dette har redusert realveksten i driftsløyvingane til dei fire regionale helseføretaka for 2022. Styreleiaren seier at den manglande løns- og prisjusteringa i 2022 åleine gir ei tilleggsutfordring for Helse Vest på om lag 650 millionar kroner årleg i dei kommande åra.

- Dette kjem i tillegg i til nye krav om effektivisering i helseføretaka. Den økonomiske situasjonen medfører at arbeidet med kostnadstilpassing i drifta må halde fram som planlagt, seier ho.

Budsjettet for 2023 er eit stramt budsjett. Det kjem også fram av overslaga i nasjonalbudsjettet for neste år at prisveksten i 2023 vil bli høgare enn den som er lagt til grunn i forslaget til statsbudsjett.

- Vi er glad for den varsla nysalderinga som er gjort for 2022, men det vil likevel ikkje endre dei langsiktige økonomiske rammene. Desse midlane kjem altså til å betre resultata i år, gjer at inngangen til 2023 vil vere betre enn det låg an til tidlegare i haust og lette likviditetssituasjonen. Med dette gjer ikkje at ein kan forsere prosjekt som no blir utsett, understrekar Agnes Landstad.

I samband med nysalderinga understreka Helse- og omsorgsdepartementet (LENKE: Styrkar sjukehusa sin økonomi for 2022 - regjeringen.no) at det vil det vere nødvendig for dei regionale helseføretaka å vurdere omstillingstiltak, for å halde økonomisk kontroll. Dei regionale helseføretaka legg no også i svært liten grad opp til vedtak om å setje i gang nye større investeringsprosjekt.

Prioriteringar

Dei kommande åra er det forventa at helseføretaka skal auke aktiviteten, ventetidene skal bli kortare og psykisk helsevern skal prioriterast. Både ventetider og andre mål for pasientbehandlinga vil vere under press.

Styreleiaren seier at leiarar og medarbeidarar må vere førebudde på omstillingar.

- Dette blir krevjande for sjukehusa, seier ho. - Me må søkje i vesentleg grad å skjerme viktige område. Det skal framleis vere satsing på psykisk helsevern og kompetansetiltaka for medarbeidarane i sjukehusa må halde fram. Det same gjeld for satsinga på digitalisering, den er vi heilt avhengige av.

Konsekvensvurderinga for langtidsbudsjettet i Helse Vest (LENKE: https://tinyurl.com/4bpxf64n)

Inntektsramme og resultatkrav i Helse Vest 2023 (LENKE: https://tinyurl.com/cubpchyn)

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Agnes Landstad. Foto: Heidi Widerøe
Agnes Landstad. Foto: Heidi Widerøe
Last ned bilde

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye