Naturvernforbundet

Krev timeout for torskeoppdrett etter rømming

Del
Etter alvorlege hendingar med rømming av torsk ved eit oppdrettsanlegg i Volda krev no Naturvernforbundet at all oppdrettstorsk frå Gadus Group AS takast opp av sjøen, og at framtidige utvidingar av næringa settast på vent.
Gadus Group sitt anlegg ved Alida i Volda. Foto: Knut Festø, Naturvernforbundet
Gadus Group sitt anlegg ved Alida i Volda. Foto: Knut Festø, Naturvernforbundet

Naturvernforbundet har gjennom pressa fått vite at Gadus Group AS / Sunnmøre Torsk AS sitt fiskeanlegg ved Alida i Volda har hatt 2 eller 3 tilfelle av hol i merdene dei siste par vekene.

Naturvernforbundet krev no at all torsk som Gadus Group har i merdene i Volda og andre stader må takast opp av sjøen med ein gong, og at alle søknader om torsk i merd som ikkje er komen så langt at det er torsk i sjøen, må setjast på vent til ein har fått klårlagt, tatt stilling til og løyst problema som no har kome fram.

Påklaga i vinter

Konsesjonen ved Alida blei klaga på av Naturvernforbundet ved årsskiftet. Då det blei sett ut merder og fisk i påska, før klaga var handsama, sette Naturvernforbundet fram krav om oppsetjande verknad av denne klaga. Eit sentralt tema i klaga har vore at viss tam torsk rømmer og får høve til å blande seg med vill torsk, så har det ukjende konsekvensar for kysttorsken.

Føresetnadene stemmer ikkje

Gadus Group AS hevda i sine søknader at:

- torsken var ved avl ikkje lenger interessert i å bryte seg ut av merdene

- merdene var spesielt gode og sikre

- eit eminent internkontrollsystem ville hindre rømming

Det ser ut som desse føresetnadene ikkje stemmer.

Vi bit oss også merke i at den eminente internkontrollen ikkje var betre enn at lokale fiskarar oppdaga rømminga før verksemda sjølve visste noko.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Gadus Group sitt anlegg ved Alida i Volda. Foto: Knut Festø, Naturvernforbundet
Gadus Group sitt anlegg ved Alida i Volda. Foto: Knut Festø, Naturvernforbundet
Last ned bilde

Om Naturvernforbundet

Naturvernforbundet
Naturvernforbundet
Mariboes gate 8
0183 Oslo

(+47) 23 10 96 10https://naturvernforbundet.no/

Naturvernforbundet ble grunnlagt i 1914 og er Norges eldste natur- og miljøvernorganisasjon. Vi er en demokratisk medlemsorganisasjon med over 37 000 medlemmer og rundt 100 fylkeslag og lokallag i hele landet.

Naturvernforbundet jobber med et bredt spekter av saker innen miljø- og naturvern, men spesielt med områdene naturvern, klima, energi og samferdsel. 

Følg pressemeldinger fra Naturvernforbundet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Naturvernforbundet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Naturvernforbundet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye