Korleis gjere distriktsbustader meir aldersvennlege?
Dei fleste bustadene som står i Norge om 30 år er allereie bygde. Bustadmassen vår aukar i snitt med berre 1,5 prosent årleg. 80 prosent av norske bustader i 2050 vil altså vere bygde før dags dato.
– I distriktskommunar blir det bygd endå mindre enn i landet elles. Dette inneber at mange bustader som er i bruk i dag og mange år frem i tid, ikkje er bygd i tråd med forskrift om tilgjenge. Dei treng altså tilpassing for å bli eigna for eldre, seier Sigbjørn Spurkeland i Husbanken.
Bort med tersklane
Å utforme badet betre og fjerne tersklane til både badet og i tilkomsten til bustaden vil vere dei viktigaste tiltaka som kan bidra til at fleire eldre kan bu heime lengre. Dette er konklusjonane i rapporten «Et godt bad forlenger livet (i egen bustad)» frå 2018. Tiltaka vil også redusere risikoen for at eldre fell og skadar seg heime og reduserer kostnaden for helse- og omsorgstenester.
– I kva grad ein bustad er eigna for eldre avheng også av kvar den er. Lange avstandar gjer det vanskelegare å klare seg sjølv. Kanskje må dei ha hjelp til både å handle inn matvarer og gjere nødvendige ærend, forklarar Spurkeland. Eldre som bur usentralt gir også lengre reiseveg for heimetenesta.
Det er altså ynskjeleg at eldre som er i stand til det pussar opp eigen bustad, eller flytter til ein meir eigna bustad, for eigen maskin. Men i mange tilfelle klarar dei det ikkje sjølv, anten av helsemessige eller økonomiske årsaker. Sjansen er stor for at den gamle, upraktiske einebustaden dei bur i langt uti periferien er verd mindre enn den lettstelte, sentrale leilegheita dei ynskjer seg no. Og får dei ikkje hjelp til å bli buande, oppstår behovet for omsorgsbustad eller sjukeheim tidlegare.
– Flyttar dei på sjukeheim eller i omsorgsbustad vil det i dei aller fleste tilfella koste samfunnet mykje meir enn viss de får hjelp til å bu heime, seier Spurkeland.
Bruk litt, spar mykje
I snitt kostar det kommunen om lag 300.000 kroner i året å gi heimetenester til ein person som bur i eigen bustad. Til samanlikning kostar det om lag 1,1 millionar kroner i året å yte heildøgns tenester til en person som bur på en sjukeheimsplass. I tillegg er det store utgifter knytt til å byggje nye sjukeheimar og omsorgsbustader. Kommunane bør difor prioritere dette føremålet av to årsaker: Dei fleste ynskjer å bu lengst mogleg i egen bustad, og det er god kommuneøkonomi.
Berekningar gjort av Vista Analyse i rapporten «Kostnader og nytte ved bustadtiltak i eldres private hjem» (2019) visar at når ein bebuar får heimetenester, saman med eit tilskot på 200.000 kroner til å tilpasse bad og toalett, vil dette kunne utsetje behov for institusjonsplass.
Tilskot til tilpassing
Tilskot til tilpassing og tilskot til utreiing og prosjektering er viktige bidrag for å tilpasse eksisterande bustadmasse til utfordringa med stadig fleire eldre. Søknadar om dette tilskotet har tidlegare vore behandla i Husbanken. Fra 2020 blei sakshandsaminga overført til kommunane. Men desse tilskota er lite nytta distriktskommunane.
– Tilskota har ein god effekt. Dei utset behov for omsorgsbustad eller sjukeheimsplass, seier Spurkeland og peikar på OsloMet-rapporten «Bolig i det aldrende samfunn» frå 2018. Den visar at tre av ti som fekk avslag på tilskotssøknaden sin måtte flytte til institusjon. Den visar også at sju av ti personar som fekk tilskotet truleg ville flytta på institusjon hadde dei ikkje fått det.
Husbanken har også både lån og tilskot som kan nyttast i denne samanhengen.
Lån til oppgradering
Lån til oppgradering krev i utgangspunktet tiltak innanfor både energieffektivisering og tilgjenge, men kan også gjevast til særskild gode tiltak innanfor eit av områda, for eksempel etterinstallering av heis, trinnfri tilkomst, utbetring av bad eller tiltak som legg alle nødvendige funksjonar på inngangsplanet.
– Det er verd å merke seg at lånet ikkje er behovsprøvd og alle kan søkje, forklarar Spurkeland.
Lånet kan gjevast til både utbyggjarar og innbyggarar. Ein må altså ikkje vere vanskelegstilt på bustadmarknaden for å søkje. Lånet kan nyttast til å tilpasse ein bustad med tanke på alderdommen, før behovet oppstår.
Men lån til oppgradering er også lite brukt i distriktskommunar. Berre ein prosent av lånepotten var gitt til kommunar i områder med distriktsindeks 5 eller 6 i perioden 2008-2021. Les meir om lån til oppgradering her
Startlån
– Startlånet er meint for vanskelegstilte på bustadmarknaden, men kan også nyttast til å oppgradere bustader for at personane kan bli buande heime lenger. Men det er veldig lite brukt til dette føremålet, så mange kommunar er kanskje ikkje klar over det, trur Spurkeland.
Mellom 2015 og 2020 ble var det berre 287 bustadar for eldre over 67 år som fekk startlån til tilpassing og utbetring i heile landet.
Denne ordninga er behovsprøvd og skal gå til husstandar med svak økonomi som ikkje kan få finansiering i ordinære bankar. Her er 50 års nedbetalingstid og fast rente opp til 20 år alternativ for søkjarar med utfordrande økonomi. Les meir om startlån på husbanken.no
Tilskot til heis
Husbanken kan gi tilskot på inntil 50 prosent av dei dokumenterte kostnadane til både prosjektering i forkant av et heisprosjekt, og til installering av heis. Eigarar av bustadeigedommar med minst tre etasjar kan søkje.
Det vil seie at kommunar kan søkje. Les meir om heistilskot her
Sprei informasjon
Informasjon til innbyggjarane er også viktig, noko Ullensvang kommune arbeidar systematisk med. Bustadkontoret har laga ei brosjyre som ligg på nettstaden deira. Dei planlegg også fagdagar og temadagar både med tilsette i kommunen og innbyggjarar.
– Gjennom informasjonsarbeid og samarbeid med lokale entreprenørar ser me at dei bruker informasjonen vidare i sitt arbeid - også i saker der tilpassing ikkje er aktuelt. Det er kjekt å sjå at dei deler råd og tips om tilpassing i tilfelle der personar skal byggje om bustaden sin av heilt andre årsaker, fortel fagleiar på bustadkontoret i Ullensvang kommune, Kjellrun Tveisme.
Også Iveland kommune jobbar med informasjon og haldningskampanje overfor sine innbyggjarar. Dei sender ut bygdebrev om tilpassing av bustad til alle husstandar, fortel om det i direktekontakt, informerer på nett og i sosiale media og har laga en introvideo om temaet. No skal dei gjennomføre ei undersøking blant innbyggjarar over 60 år.
– Vi har ein hypotese om at det er lokal tradisjon for å bu i same bustad frå etablering og livet ut. Så får vi sjå om undersøkinga visar noko anna, seier einingsleiar på drift og utvikling i Iveland kommune, Egil Mølland.
Deltek i prosjekt
Ullensvang og Iveland kommunar deltek begge i prosjekt Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta. Prosjektet er eit samarbeid mellom Husbanken, Distriktssenteret og 12 kommunar. Prosjektet rettar seg mot kommunar med stagnerande og einsidige bustadmarknader, men satsar på å skape kunnskap med overføringsverdi også til andre kommunar.
Grip moglegheitene!
Spurkeland håpar at distriktskommunar ser moglegheitene som ligg i ordningane vi har. Han har følgande oppmoding på tampen:
– Sett dykk godt inn i ordningane som finst. Og dersom eldre bur i ueigna bustad som kan utbetrast: Bruk heile verktøykassa!
Nøkkelord
Kontakter
Stina SønvisenSeniorrådgiver, kommunikasjon
Tel:90026028stina.sonvisen@husbanken.noBilder
Om Husbanken
Husbanken setter i verk regjeringens boligsosiale politikk. Gjennom virkemidler som bostøtte, lån, tilskudd, kompetanseoverføring og kunnskapsutvikling støtter vi kommunene faglig og økonomisk i deres arbeid med å hjelpe vanskeligstilte på boligmarkedet. Andre sentrale samarbeidspartnere er velferdsaktører, byggenæringen og kunnskapsmiljøer.
Våre om lag 300 ansatte er fordelt på kontorer i Drammen (hovedkontor), Oslo, Arendal, Bergen, Trondheim, Bodø og Hammerfest.
Husbanken er underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Husbanken
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Husbanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Husbanken
Du kan søke om 30 000 kroner i stipend for å skrive masteroppgave for Husbanken29.1.2025 14:57:01 CET | Pressemelding
Studerer du ved universitet eller høyskole i Norge, og skal skrive masteroppgave om tema knyttet til boligpolitikk, boligsosialt arbeid eller boligutvikling? Da kan du søke Husbanken om stipend på 30 000 kroner.
Nå kan du søke om tilskudd til boligsosiale tiltak fra Husbanken29.1.2025 14:50:27 CET | Pressemelding
I 2025 kan vi gi støtte til flere prosjekter som bidrar til at barnefamilier og lavinntektsgrupper kan etablere seg i egnede boliger. Prosjekter som bidrar til å utvikle metoder, boligløsninger og tiltak som bidrar til at flyktninger og personer med funksjonsnedsettelse etablerer seg, er høyt prioritert i år. I tillegg prioriterer vi tiltak som bidrar til at ingen skal være bostedsløse.
Nå kan kommunene søke om tilskudd til boligtiltak i distriktene29.1.2025 14:39:58 CET | Pressemelding
Kommuner i distriktene har nå en unik mulighet til å styrke boligsatsingen og møte utfordringene i sine lokalsamfunn. Husbanken, i samarbeid med Distriktssenteret, åpner for søknader om tilskudd til boligtiltak som skal fremme innovative løsninger og sikre flere egnede boliger.
Nominer din kandidat til Boligprisen 202520.1.2025 08:59:28 CET | Pressemelding
Husbanken har nå åpnet for nominasjoner til den nyetablerte Boligprisen, som skal hedre aktører eller organisasjoner for fremragende arbeid innen boligfeltet. Prisen deles ut for første gang i 2025, og alle interesserte kan nominere kandidater.
Husbanken lanserer nytt design på husbanken.no16.1.2025 13:55:59 CET | Aktuelt
Husbanken.no har blitt oppdatert med et helt nytt design. Arbeidet med nettsidene har vært en langsiktig satsning på brukervennlighet og universell utforming.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom