Helse Vest RHF

Klarsignal for bygging av protonsenter

Del
Bygginga av protonsenter på Haukeland universitetssjukehus starter over sommaren. Det er klart etter at styret i Helse Vest har godkjent forprosjektet. Protonsenteret vil stå ferdig i 2024, og skal saman med det nye senteret på Radiumhospitalet i Oslo gje eit tilbod om protonbehandling til kreftpasientar i heile Noreg.
Illustrasjon forprosjekt: Arkitema Architects AS
Illustrasjon forprosjekt: Arkitema Architects AS

Protonbehandling er ei meir skånsam form for stråleterapi enn tradisjonell strålebehandling, og vil redusere faren for langtidsbiverknader og seinskader. Protonbehandling skal bidra til at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom, og behandlinga er blant anna godt egna for barn og unge. Det er i dag ikkje noko tilbod om slik behandling i Noreg. Nokre pasientar får behandling i utlandet.

– Vi er veldig glade for at arbeidet med utvikling av eit nytt, framtidsretta tilbod til kreftpasientar no kan starte opp. Forprosjektet skisserer eit solid og realistisk byggjeprosjekt. Dette betyr mykje både for pasientane og fagmiljøa innanfor forsking og utvikling, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

Arbeidet med å planleggje etablering av protonbehandling i Noreg starta i 2012. I 2018 blei det vedteke at det det skal etablerast to protonsenter i Noreg, eit i Helse Sør-Øst ved Oslo universitetssykehus HF, Radiumhospitalet, og eit i Helse Vest ved Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus.

Skal byggjast ved Haukeland universitetssjukehus

Protonsenteret skal lokaliserast tett opptil Haukeland universitetssjukehus, ved Haukelandsbakken 45, med heis og tunnelforbindelse til Sentralblokka. Bygget er over 5 etasjar med eit bruttoaral på 10 700 kvm. Protonsenteret blir eit svært teknisk avansert bygg som vil tilby høgspesialisert behandling til kreftpasientar i heile landet, seier Bryne.

Kostnadsramma er sett til 1.142 millionar kroner. Drifta er planlagd starta i 2024 med opptrapping til full drift i 2027/28.

Les meir på Helse Bergen sine nettsider

Lenkje til styresaka

Sjå og last ned bilete frå Flickr

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Illustrasjon forprosjekt: Arkitema Architects AS
Illustrasjon forprosjekt: Arkitema Architects AS
Last ned bilde

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye