Miljødirektoratet

Jegerprøveeksamen er no ein app

Del

Etter 10 år med elektronisk jegerprøveeksamen, skal deltakarane no gjennomføre eksamen i den nye appen Jegerprøveeksamen. (nynorsk)

No blir det enklare for både kommunane og dei som skal ta jegeprøveeksamen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
No blir det enklare for både kommunane og dei som skal ta jegeprøveeksamen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

– Med den nye appen blir det endå enklare for kommunane å arrangere jegerprøveeksamen, som sikrar at dei nye jegerane har fått opplæringa dei treng for å kunne jakte på ein sikker og human måte. I tillegg blir det enklare for dei som skal ta eksamen, sidan alt dei treng ligg i appen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Jegerprøva består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. I 2022 var det 12 500 nye jegerar som bestod jegerprøveeksamen i Noreg.

Enklare for kommunane

Det er kommunane som arrangerer jegerprøveeksamen. Dei siste åra har det vore utfordrande for mange kommunar å gi tilgang til klasseromssett med PC-ar. Mange stader finst det ikkje kursrom eller datasalar lenger, og i skulen har dei fleste elevane eige nettbrett eller PC.

Med den nye appen vil deltakarane gjennomføre jegerprøveeksamen med sin eigen mobil eller nettbrett. Det vil gjere gjennomføringa av jegerprøveeksamen enklare og meir effektivt for kommunane.

Sjå rettleiing til korleis kommunane skal bruke den nye løysinga her: https://jeger.flexiteexam.no/nb-no/support/home

Ei meir brukarvennleg løysing for deltakarane

Miljødirektoratet har lagt vekt på å lage ei brukarvennleg løysing for deltakarane. Når dei startar på jegerprøvekurs, lastar dei ned appen Jegerprøveeksamen frå Google Play eller App Store. I appen har deltakarane alt dei treng for å gjennomføre jegerprøva. I appen skal deltakarane

  • registrere seg til jegerprøveeksamen
  • betale eksamensgebyret på 360 kr med kort eller Vipps
  • følgje progresjonen i kurset ved å sjå oppmøte til dei obligatoriske samlingane
  • laste ned kursbevis når kurset er ferdig
  • gjennomføre eksamen ved oppmøte hos kommunen
  • sjå resultatet på eksamen og laste ned diplom ved bestått eksamen

Last ned appen i App Store

Last ned appen i Google Play

Les meir om jegerprøveeksamen her: https://www.jegerproveeksamen.no/for-kursdeltakere/

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

No blir det enklare for både kommunane og dei som skal ta jegeprøveeksamen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
No blir det enklare for både kommunane og dei som skal ta jegeprøveeksamen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Last ned bilde

Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim

73 58 05 00https://www.miljodirektoratet.no

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom