Jan Inge Fardal blir ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar av Nynorsk pressekontor

Fardal kjem frå stillinga som ansvarleg redaktør i Sogn Avis.
– Sogn Avis er ei av dei fremste nynorske lokalavisene i landet, og vart kåra til Årets lokalavis i 2015. Fardal har som ansvarleg redaktør sidan 2006 ein stor del av æra for dette. Samstundes har han halde den utøvande journalistikken ved like, og fekk i 2017 Landslaget for lokalaviser sin journalistpris.
Styret tilsette fredag Fardal som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i NPK. Han tek over etter Karoline Riise Kristiansen, som blir språksjef i NRK.
Hetland legg til at Fardal som mangeårig leiar av Vestafjelske Redaktørforening har eit stort nettverk blant mediefolk i kjerneområdet til Nynorsk pressekontor, og god innsikt i kva utfordringar lokalavisene står overfor.
– Nynorsk pressekontor har vore inne i ei svært positiv utvikling dei siste åra, og vi trur Fardal vil vere ein energisk pådrivar for vidare framgang og fornying, seier Hetland.
Viktig journalistikk på nynorsk
NPK har som si fremste oppgåve å styrkje nynorsken i pressa og nyheitsbyrået leverer i dag nyheitsstoff på nynorsk til om lag 40 aviser som publiserer på nynorsk eller begge språk.
– Når du er oppteken av viktig journalistikk på nynorsk, er det vanskeleg å finna ein meir spennande stad å vere enn NPK. Dette er eit oppdrag eg er verkeleg glad for å få og som eg ser fram til å gå laus på, seier Jan Inge Fardal sjølv om tilsetjinga.
Nynorsk pressekontor har sidan 2007 hatt ein samarbeidsavtale med NTB om drift av redaksjonen NPK, og sit samlokalisert med NTB i Hamnelageret i Oslo. Slik blir og Fardal ein del av redaktørkollegiet i NTB, som redaktør i NPK.
– Vi er strålande fornøgd med å få ein redaktør til NPK direkte frå kjerneområdet til nynorskavisene og kundegruppa til NPK. Jan Inge er ein røynd lokalavisredaktør vi er glade for å få inn i redaktørgruppa i NTB, seier sjefredaktør og adm.dir i NTB, Mads Yngve Storvik.
Fram til Fardal er på plass er det Kirsten Offerdal som er konstituert som redaktør for NPK.
Kontaktpersonar:
Mads Yngve Storvik
Sjefredaktør / adm. dir. i NTB
+47 900 45 079
mys@ntb.no
Tom Hetland
Styreleiar i Stiftinga Nynorsk pressekontor
+47 911 87 478
tom.m.hetland@gmail.com
Bilder



Om NTB
NTB er et uavhengig, norsk nyhetsbyrå. Vi produserer og leverer nyheter, visuelt innhold, kommunikasjonstjenester, språktjenester og teknologi.
NTBs redaksjoner følger nasjonale og internasjonale nyheter døgnet rundt. Hver dag leverer våre journalister og fotografer redaksjonelt innhold til nærmere 200 medier.
Vi er i front med innovativ teknologiutvikling for mediemarkedet, som automatisert journalistikk og mediebank.
Med 400 millioner bilder og videoer er vi Nordens største bildebyrå. Bildearkivet vårt inneholder historiske bilder tilbake til 1800-tallet og representerer Norges visuelle nyhetshukommelse.
Følg pressemeldinger fra NTB
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NTB på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NTB
NTBs mediebank vinner europeisk byråpris15.9.2025 12:01:12 CEST | Pressemelding
NTB ble nylig tildelt prisen «Award for News Agency Excellence» for fotoflytsystemet NTBs mediebank.
NTB kjøper Norkons teknologiplattform Live Center10.9.2025 09:50:00 CEST | Pressemelding
NTB har inngått avtale med Norkon AS om kjøp av teknologiplattformen Live Center og den internasjonale kundeporteføljen som følger med. Oppkjøpet styrker NTB som norsk og internasjonal teknologileverandør til mediemarkedet.
NTB provides Belga with cutting-edge sports data solutions11.8.2025 09:55:58 CEST | Press release
NTB and Belga are teaming up in a strategic partnership aimed at modernising the workflow for covering sports and results in Belgium.
NTB sikrer internasjonal avtale: Leverer sportsdatateknologi til det belgiske markedet11.8.2025 08:27:46 CEST | Pressemelding
NTB tar et nytt steg ut i det europeiske markedet – det belgiske nyhetsbyrået Belga tar nå i bruk NTBs sportsdataplattform.
NTB among the first globally to integrate C2PA into visual services20.6.2025 13:49:30 CEST | Press release
In an era marked by disinformation, deepfakes, and AI-generated content, Norwegian news agency NTB is taking a significant technological leap. As one of the first news agencies in the world, NTB is now integrating C2PA technology into its own visual production — setting a new benchmark for transparency and authenticity in editorial photography.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom