NHO

Jan Atle Stang ny regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane

Del
Jan Atle Stang er tilsett som ny regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane etter Karin Helen Halle. Stang kjem frå stillinga som sjefredaktør i avishuset Firda.

- Han har ein relevant og spennande bakgrunn for stillinga, seier styreleiar i NHO Sogn og Fjordane Ole Schanke Eikum.

Stang er opphaveleg utdanna tømrar, men fekk etter kvart meir teoretisk ballast gjennom ulike grunnfag i samfunnspolitikk, offentleg forvalting, sosialantropologi og historie. Etter nokre år som tømrar, forskalingssnikkar og lærar, var det Firdaposten som fekk gleda av å utvikle journalisten i Stang. Han  har vore sjefredaktør i Firda sidan 2003.

- Frå redaktørstolen har Stang opparbeidd god kunnskap til næringslivet i fylket, samt kjennskap til dei politiske miljøa. Regiondirektøren har ei viktig rolle som talerøyr for bedriftene, og Stang vil på ein unik måte kunne markere næringslivet sine saker, seier Ole Schanke Eikum.

Stang har for tida 4 månaders permisjon frå sin arbeidsgjevar, og er i utlandet. Han tiltrer stillinga seinast 1. februar neste år.

Nærare info ved:

Ole Schanke Eikum, styreleiar NHO Sogn og Fjordane

Mobil: 95048093

Jan Atle Stang (fem timars tidsdifferanse)

Mobil: 90576419

Bilder

Jan Atle Stang
Jan Atle Stang
Last ned bilde

Om NHO

NHO
NHO
Middelthunsgate 27
0305 Oslo

23 08 80 00http://www.nho.no

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er den største interesseorganisasjonen for bedrifter i Norge. Vi i NHO jobber for gode rammevilkår for medlemsbedriftene og engasjerer oss for bedriftenes interesser på en rekke samfunnsområder.

Følg pressemeldinger fra NHO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NHO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NHO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye