Ja til master i rettsvitskap ved UiS
– Me er strålande fornøyde med komiteens vurdering. Me ser fram til å tilby eit spennande studium av høg relevans og kvalitet. Det er fantastisk at me no kan utdanne advokatar og dommarar i Stavanger. Dette har stor betydning for studentane, fagmiljøet, universitetet og byen, seier dekan Ola Kvaløy ved Handelshøgskolen ved UiS.
UiS søkte NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – om etablering av master i rettsvitskap hausten 2021. Det skjedde etter at Stortinget endra gradforskrifta for blant anna jus. Sommaren 2022 fekk UiS avslag.
To nye professorar
Ein av grunnane var krava til fagmiljøets størrelse og kvalifikasjonar. I løpet av hausten har fagmiljøet blitt styrka med to nye professorar i rettsvitskap: Gert Johan Kjelby og Andrea Minto.
– Med desse nyrekrutteringane har me eit robust forskingsmiljø i strafferett og straffeprosess i Stavanger. Det gjer oss godt rusta for å tilby eit fullverdig masterstudium allereie frå hausten 2023, seier Kvaløy.
Ved Universitetet i Stavanger finns det allereie bachelor i rettsvitenskap og master i forretningsjus.Det gjer at UiS nå kan tilby ei fullverdig juristutdanning.
Høg kvalitet
– Vi er glade for at NOKUT stadfestar at jus-utdanninga vår har høg kvalitet. Dette viser at UiS er i stand til å møte viktige samfunnsutfordringar på utdanningssida, seier rektor Klaus Mohn.
– UiS har ambisjonar og kapasitet til å styrke fleire viktige profesjonsutdanningar til beste for heile landet, påpeiker Mohn.
Nøkkelord
Kontakter
Ola KvaløyHandelshøgskolen ved UiS
Tel:99520414ola.kvaløy@uis.noLana BubaloHandelshøgskolen ved UiS
Tel:906 69 569lana.bubalo@uis.noBilder

Lenker
Om Universitetet i Stavanger (UiS)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Ny kunstutstilling på Arkeologisk museum: Technological Twilights15.3.2023 07:03:00 CET | Presseinvitasjon
Kunstnar Arild Våge Berge utforskar i Technological Twilights kva som vil vera att etter oss og vår tid. Velkommen til utstillingsopning lørdag 25. mars.
Ny toppleiing på UiS9.3.2023 13:21:37 CET | Pressemelding
Styret ved Universitetet i Stavanger har tilsett rektor Klaus Mohns næraste medarbeidarar for dei neste fire åra. Dei er Merete Vadla Madland, Bjørg Oftedal og Marte Cecilie W. Solheim.
UiS-professor blant Norges fremste tech-kvinner8.3.2023 10:27:24 CET | Pressemelding
På den internasjonale kvinnedagen 8. mars, ble UiS-professor Natalia Kucirkova kåret til en av de 50 fremste tech-kvinnene i norsk næringsliv.
UiS klager etter avslag på psykologisøknad7.3.2023 11:18:29 CET | Pressemelding
Urimelig lang saksbehandlingstid, manglende dialog og manglende tillit til institusjonene er noe av det Universitetet i Stavanger reagerer på.
Slik blir Åpen dag på UiS: – Alle er velkomne3.3.2023 12:32:43 CET | Pressemelding
Det kommer til å myldre på campus Ullandhaug når nærmere 2500 elever inntar Universitetet i Stavanger på Åpen dag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom