Høgskulen i Volda

Internasjonal forskingskonferanse til Ålesund

Del
Universitets- og høgskulemiljøa i Møre og Romsdal er vertskap når det Europeiske forskingsfellesskapet for naturvitskap og teologi (ESSSAT) legg si internasjonale forskingskonferanse til Ålesund 4. til 8. mai. Med tittelen «Global Sustainability – Science and Religion in Dialogue» stiller om lag 140 av verdas fremste forskarar på feltet spørsmålet om kva rolle verdiar har i arbeidet med berekraft og korleis tilhøvet mellom naturvitskap og religion kan bidra til ei global berekraftig utvikling.

Kva rolle spelar religionar i ei berekraftig samfunnsutvikling?

Arbeidslivet, næringslivet, skulesektoren og mange andre delar av samfunnet arbeidar med å omstille seg til ei berekraftig utvikling, og det verke som om berekraft er den nye religionen alle bør vere ein del av.

Konferansen vil stille spørsmål om kva rolle religionar og livssyn har som leverandør av verdiar for ei berekraftig utviklilng. Vi ser at religion er ei viktig kraft i kulturane og formar våre tankar og handlingar, også i møte med naturen. Vi veit at naturen ikkje berre er ei økonomisk ressurs, men også eit sted som vi er uløyselig knytt ein del av. Korleis kan vi forstå våre djupare haldningar og verdiar i møte med berekraft? Kva er tilhøve mellom naturvitskap og religion i arbeidet for ein global berekraftig utvikling?

– Vi er stolte over å få denne anerkjente konferansen til Noreg. Med Ålesund og Møre og Romsdal som møtepunkt har vi fått svært stor interesse og over forventning mange påmelde, fortel Knut Willy Sæther frå Høgskulen i Volda. Som vertskap for konferansen har han med seg rektorane Annik Magerholm Fet frå NTNU, Steinar Kristoffersen frå Høgskulen i Molde og Johann Roppen frå Høgskulen i Volda. 

– Ålesund vert ein spennande by fylt av vistskapsfolk og tenkjarar. Til dømes kjem alle dei svenske biskopane til Ålesund som har eit sterkt engasjement for tematikken, fortel Sæther.

Nettside: https://www.hivolda.no/ecstxix

Arrangør: European Society for the Study of Science and Theology – ESSSAT

Vertskap: Høgskolen i Molde, Høgskulen i Volda, NTNU Ålesund

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Lenker

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Merknad: ECST XIX er et felles prosjekt mellom NTNU, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda. 

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye