Inn i skogen med Odd Nordstoga
6.10.2022 11:44:01 CEST | Universal Music Norge | Pressemelding

På mitt førre album er det ei linje som går slik:
Det er tusen millionar
av kjende tre som fer forbi.
Ja, det er grantre, myr, og det er mose
i min eigen poesi.
«Inn i skogen» er vel ei slags etterprøving på om det stemmer.
Den som av tittelen ventar seg ei plate om bonitet, bark og bjørkeved vil nok bli skuffa. Men, ja, det har blive ein del skog dei siste par åra. Ein ting er at eg har laga musikk til NRK-serien Fotobonden. Ein annan ting er overtakinga av eit småbruk i Trysilskogen. Ganske langt inni skogen er det, med milevis med gran og furu til alle kantar. Eit landskap med uttrykk kan ein vel seie, tyngre og vidare enn dei lette kollane opp mot fjellet i Vinje. På eit tidspunkt fann eg ut at eg kunne prøve å bruke all denne skogen til noko. Noko anna enn berre å hogge ved og plukke molter i, eller å finne eit tema som passar når Fotobonden prøvar å få eit bilete av ei ørn. Bruke den som ståstad å skrive låtar utfrå. Det har eg gjort på dette albumet.
Når eg no sette desse songane saman til ei plate, så såg eg det for meg som ein slags roadmovie, men med ski og på blå swix i staden for i Ford Mustang og på Route 66. Songane er liksom refleksjonane eg-personen gjer seg i naturen og i dialog med den. Han tenker på sin eigen feigskap, røtene sine, våren, verda der ute og lykka der inne. Han tenker på kor han har havna i livet, og derfrå på uttrykket «godt nok». Er det ikkje eit ganske bra uttrykk i grunnen? Set liksom ei grense for higinga. Er det ikkje ganske bra når det er godt nok?
Og inne i skogen, kven møter han der, på ei myr med spreidd furuskog framom blåne bak blåne? Hans Børli så klart, skogsdiktaren, han som gjev skogen sjel og sinn. «Hoho!» ropar han, og det svarar i skogen, og alt er eitt, og alt heng saman. Det er ikkje noko å legge til eller trekke frå på det «Hoho»-et til Børli. Eller? Jau. Ein vil jo heim att og inn til sofa og Netflix.
«Inn i skogen» heiter plata. Den er spelt inn heime på musikkrommet i huset mitt på Lambertseter. Det er fyrste gongen eg sjølv står som produsent på mitt eige album. Eg hadde lyst til at det skulle låte slik som eg kunne få til. Liksom la mine eigne begrensingar setje rammene for soundet, bruke mest mogeleg av min palett – instrumenta mine her oppe på kontoret, hente fram den frimodige gleda frå den tid ein var ny i dette og ingenting kunne men alt var lov. Moro har eg hatt det! Så, når låtane hadde fått si form og liksom stod av seg sjølv, har bandet mitt kome opp og bidrege med sitt. Slik har det på mange vis også blitt ei bandplate også. Med Torstein Lofthus på trommer, Tor Egil Kreken på bass, David Wallumrød på piano, Alexander Pettersen på gitar og Håkon Aase på fele.
Det er ein duett på plata. Sigrid Aase er søstera til Håkon, og var vokalist i bandet Hajk. No har ho også gjeve ut ei soloplate med Hanne Hukkelberg som produsent. Men altså, i tillegg til dette syng ho på låten «Godt nok» på dette albumet. Det er eg veldig takksam for at ho ville bli med på.
Plata er miksa av Øystein Frantzvåg. Han har gjort mykje oppigjennom. Ein av dei finaste tinga han har gjort er å mikse Valkyrien si siste plate. Erlend Robstad har han også gjort, og mykje meir. Eg blei glad då han takka ja til å mikse denne.
Fra midnatt kan du høre albumet her: https://OddNordstoga.lnk.to/Inniskogen
Nøkkelord
Kontakter
Silje Hope
Tel:48095200silje.hope@umusic.comBilder





Dokumenter
Om Universal Music Norge
Universal Music AS er verdens, og Norges, største musikkselskap og representerer blant annet artister som Sabrina Carpenter, The Weeknd, Alessandra, Billie Eilish, Ramón, Olivia Rodrigo, Post Malone, Ariana Grande, Dagny, Marstein, The Beatles, Odd Nordstoga, Taylor Swift, The Rolling Stones m.fl.
Følg pressemeldinger fra Universal Music Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universal Music Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universal Music Norge
VC BARRE OG ROC BOYZ SLIPPER SINGELEN «KLUBB»10.4.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
VC Barre er tilbake med den nye singelen «Klubb», et samarbeid med den norske raptrioen Roc Boyz. Sammen leverer de en energifylt låt der svensk hiphop møter norsk klubbfølelse, med blikket rettet mot den skandinaviske scenen.
Karen Moe vil ikke gå hæm9.4.2026 09:15:00 CEST | Pressemelding
Fredag 10. april slipper Karen Moe sin nye singel «Vil ikke gå hæm». Låten er hennes sjette utgivelse på UMG/EMI, og følger opp en rekke sterke slipp fra den 21 år gamle countryartisten fra Verdal.
Ramón går aldri hjem før soloppgang!9.4.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Fredag 10. april slipper Ramón «VI SKAL ALDRI GÅ HJEM FØR SOLOPPGANG», den andre låten fra det kommende albumet RAMUELO, som kommer 5. mai. Med en nostalgisk, varm og dansbar energi peker singelen frem mot et nytt kapittel fra en av Norges største popstjerner.
Kaptein Rødskjegg og Sjørøverne tilbake hos Universal Music og United Stage8.4.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Etter 25 år med sjørøvershow, musikk og eventyr for barn over hele landet, er Kaptein Rødskjegg og Sjørøverne tilbake der det hele en gang startet. Det folkekjære universet er nå signert av Universal Music og United Stage, i et samarbeid som markerer både et nytt kapittel og en hjemkomst.
Dinho slipper «Kongen På Haugen» 27. mars25.3.2026 15:51:36 CET | Pressemelding
Dinho slipper singelen «Kongen På Haugen» fredag 27. mars. Låten følger opp «Gutta Gråter Ikke» og tar utgangspunkt i artistens egne erfaringer med å komme seg videre etter en tung periode.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
