Ingen trafikk i Stalheimskleiva i år
19.2.2021 15:57:25 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

- Dette gjeld alle formar for motorisert ferdsle, både motorsyklar, privatbilar og turistbussar, slår avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen fast.
Bakgrunnen for avgjersla er ei dramatisk hending i september i fjor.
Då rasa ein fire-fem meter høg mur ut i, og ein gravemaskin med førar fall 10-15 meter. Det er i ettertid avdekt fleire stader med utsette murar som kan rasa ut dersom ein set trafikk på.
Arbeidet tek tid
Arbeidet framover vil ta tid. Stalheimskleiva er verna og ligg i eit verdsarvområde. Dette gjer at tiltak må planleggast og godkjennast av rette instansar.
Samstundes er Statens vegvesen opptekne av å utføra arbeidet på ein måte som sikrar tryggleiken for dei som skal jobba og ferdast i området.
- Endå flottare enn me var klar over
- Arbeidet vårt har avdekt at Stalheimskleiva er eit endå flottare og endå meir fantastisk byggverk enn me har visst frå før, seier Finden.
Til no ukjende høge murar både i inner- og yttersvingar har kome til syne. Minekammer frå krigen har vorte grave fram. Unike smijernsrekkverk langs vegen vart på 1930-talet delvis støypt inn i betong, og bør no få sin renessanse. Statens vegvesen samarbeider med vernemyndigheitene for å finna gode løysingar for det vidare arbeidet.
- Her må vi i fellesskap legga ein god plan for å vareta og utvikla Kleiva. Stalheimskleiva er vårt svar på Den kinesiske mur. Å ta vare på den autentiske verdien er viktig, seier Finden.
Det vil fortløpande verta vurdert om det kan leggjast til rette for annan type ferdsel i delar av kleiva.
- Men det er uansett viktig å understreka at dette er eit anleggsområde, som ein ikkje kan gå inn i utan godkjenning, strekar Finden under.
Nøkkelord
Kontakter
Svenn Egil FindenAvdelingsdirektørStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95148614svenn.finden@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ledebil og manuell dirigering på E16 ved Stanghelle neste uke24.9.2026 13:46:50 CEST | Pressemelding
Det blir ledebil, manuell dirigering og tidvis kortvarig stans på E16 ved Stanghelle i uke 40.
Ny innfartsparkering ved rv. 41 i Birkeland24.9.2026 11:17:26 CEST | Pressemelding
En ny innfartsparkering langs rv. 41 i Birkeland gjør det enklere å sette igjen bilen og ta bussen videre til Kristiansand.
Vent med å kjøre på E18 til arbeidene er ferdige lørdag24.9.2026 09:55:21 CEST | Pressemelding
Det blir innsnevringer og forsinkelser på E18 inn mot Oslo fra fredag kveld til lørdag. La bilen stå eller vent med å kjøre til arbeidene er ferdig.
Klar for høstferien? Slik kommer du trygt fram24.9.2026 08:05:00 CEST | Pressemelding
Mange skal ut på veiene i høstferien. Men husk at høstværet kan være lunefullt. Det er lurt å være godt forberedt, særlig om du skal på fjellet.
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
