Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Hordaland: Seks brefrontar har gått 15 meter tilbake i år

Del
NVE sine bremålingar i 2020 viser at 23 av 30 målte brefrontar har trekt seg tilbake, medan seks av ti brear med massebalansemålingar hadde eit masseoverskot.
Fronten til Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 406 meter dei siste 20 åra. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.
Fronten til Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 406 meter dei siste 20 åra. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.

– Mange norske brear hadde framstøyt på 1990-talet, men etter år 2000 har alle brefrontane trekt seg tilbake, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy.

Negativ massebalanse i lengre tid

NVE sine målingar av massebalanse på brear – forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren, – viser at i 2020 fekk seks brear masseoverskot, to brear var i balanse, medan to brear hadde underskot.

Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Men samanlikna med  perioden frå 2000 til 2019 hadde åtte av dei målte breane vesentleg betre massebalanse i 2020. Årsaka til det er ein uvanleg snørik vinter kombinert med at snø- og issmeltinga gjennom sommaren var om lag som gjennomsnittet for perioden etter 2000. Mest snø var det på Ålfotbreen i Nordfjord der snølaget tilsvara 5000 millimeter nedbør.

– Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verda. Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der vi måler massebalanse har i gjennomsnitt minka om lag 15 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarer Hallgeir Elvehøy.

Hordaland

I breområda i Hordaland har seks målte brefrontar i snitt gått 15 meter tilbake i år. Fem av disse brefrontane har trekt seg tilbake mellom 93 og 967 meter dei siste 20 åra. Gråfjellsbrea på vestsida av Folgefonna har gått 47 meter tilbake og 967 meter tilbake i løpet av dei siste 20 åra. Eit nytt vatn er danna der brefonten har trekt seg tilbake.

Massebalansemålingane på Rembesdalskåka på vestsida av Hardangerjøkulen viste at breen har hatt eit ganske stort overskot i år, medan resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot på 11 meter vassekvivalentar. Fronten til Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 406 meter i løpet av dei siste 20 åra.

Les meir om dei ti breane

Fakta: Tilbakegang for brefrontane

  • Størst tilbakegang i år hadde Gråfjellsbrea ved Folgefonna (-47 meter) og Engabreen ved Svartisen (-46 meter).
  • Seks brefrontar hadde inga endring, medan ein bre hadde litt framgang.
  • Midlare tilbakegang for dei 30 breane er 14 meter.
  • Dei 30 breane med brefrontmålingar i 2020 utgjer om lag 12 prosent av brearealet i Noreg.
  • Dei siste 20 åra har 19 brear med samanhengande målingar i gjennomsnitt gått tilbake 336 meter

Kontakter

Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, mobil 924 46 189
Seksjonssjef Rune Engeset, mobil 990 38 868

Bilder

Fronten til Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 406 meter dei siste 20 åra. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.
Fronten til Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 406 meter dei siste 20 åra. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye