Historisk maktsenter på Trondenes freda
Riksantikvaren fredar krigshistoria på Trondenes fort og den særeigne kulturarven i området rundt.
Idylliske Trondenes ligg midt mellom fjord og fjell utanfor Harstad sentrum. Området har ei lang og innhaldsrik historie. Kulturmiljøet har vore eit historisk maktsenter i hundrevis av år, heilt fram til vår tid. Her finn du spor etter alt frå jernalder, til tyske kanonstillingar frå andre verdskrigen.
– Trondenes kulturmiljø var eit maktsenter, seier riksantikvar Hanna Geiran, – og her finn vi eit stort tilfang av ulike kulturminne. Her finst bustadspor frå jernalderen og kanonstillingar frå andre verdskrigen. Dette området har vore aktivt i mange hundre år, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Trondenes – eit historisk maktsenter
Sentralt i Trondenes si historie står Bjarkøyætta og Asbjørn Selsbane, ein viktig del av Noregshistoria som til slutt kulminerer med drapet på Olav Haraldsson (den heilage) på Stiklestad. Vest i området ligg vatnet Laugen, som på slutten av vikingtida skal ha vore nytta til kristen dåp. Midt i både historia og i Trondeneslandskapet står kyrkja, verdas nordlegaste steinkyrkje frå mellomalderen. I området rundt finn vi tufter etter kyrkjestover og bygg som er knytt til kyrkje og prestegard. Vi finn også steinvorrer og -støer.
– Dette er historisk for Trondeneshalvøya. Vi markerer to fredninger der Forsvarsbygg er en betydelig grunneier innenfor begge fredningsområdene. I tiden fremover skal vi sikre at Forsvaret har gode utviklingsmuligheter for sin aktivitet, og parallelt sørge for samfunnsoppdraget med å sikre at viktige kulturminner også ivaretas. Trondenes fort er en operativ og viktig leir, og det unike er at vi bruker anlegget aktivt for en av landets viktige avdelinger i Forsvaret, seier avdelingsdirektør Jan Erik Johansen i Forsvarsbygg.
Den andre verdskrigen har også satt tydelege spor på Trondenes. I samband med bygging av Trondenes fort/batteri Theo, som ein del av Atlanterhavsvollen/Festung Norwegen, blei det etablert ein fangeleir for krigsfangar nord for kyrkja. Her var det hovudsakleg sovjetiske fangar som utførte tvangsarbeid. Vest for kyrkja blei leiren for den paramilitære Organisation Todt etablert. Då krigen slutta, kom ein evakueringsleir her, for deler av befolkninga som blei tvangsevakuert frå Nord-Troms og Finnmark. På det meste budde det over 1000 menneske her. Evakueringsleiren blei formelt avvikla i 1951.
Krigshistoria
Trondenes fort er bygd som eit tungt kystfort som del av forsvaret av det okkuperte Noreg og Europa. Festningslinja strekk seg langs den 1500 kilometer lange vestfronten, frå grensa mellom Spania og Frankrike til grensa mellom Noreg og Sovjetunionen. Noreg hadde høg prioritet i den tyske planen for forsvaret av Europa.
Hitler var overtydd om at ein alliert landgang ville kome i Noreg. Totalt blei det bygd cirka 1500 batteri langs Atlanterhavsvollen. Av desse låg ein femdel eller cirka 300 i Noreg.
Hovudbatteriet på Trondenes blei påbegynt i 1942. Batteriet stod operativt med tre kanonar i mai 1943, medan den siste kanonen var klar i august same året. Arbeidet med batteriet gjekk derimot føre seg heilt fram til kapitulasjonen. Anlegget har også høg symbolverdi som åstad for slavearbeid. Dette er særleg viktig ettersom dei fleste spora etter fangane som bygde anlegget er tapt, både i form av fangeleiren som blei brent i 1946, og gravene etter dei omkomne fangane, som blei flytta til krigskyrkjegarden på Tjøtta i 1951.
Føremålet med fredinga
Det er to ulike fredingssaker som Riksantikvaren vedtar – ei for det historiske Trondenes og ei for Trondenes fort. Forsvaret ved Forsvarsbygg er eigar av Trondenes fort.
Sjølv om det er to ulike fredingssaker, er kulturmiljøet og kulturminna på Trondenes like fullt tett knytt til kvarandre. Dei to fredingane skal saman sikre ei heilskapleg bevaring og forvalting av fortet, spor frå jernalderen, kyrkjestaden, dei samiske kulturminna, dei militære anlegga og krigsminna. I tillegg er det allereie automatisk freda kulturminne i området, både samiske og før-reformatoriske.
Med fredinga av kulturmiljøet på Trondenes er kulturminne frå nær og fjern fortid sikra for ettertida.
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder
Lenker
Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Riksantikvaren og NTNU får europeisk kulturarv-pris30.6.2022 12:30:00 CEST | Pressemelding
Europa Nostra og EU-kommisjonen tildeler Riksantikvaren, NTNU og ICCROM den prestisjetunge Europa Nostra-prisen for det internasjonale kurset i trekonservering. – Sammen har vi har utdannet treeksperter til hele verden siden 80-tallet, sier riksantikvar Hanna Geiran, og det er en stor ære å få prisen.
Planlegger stor satsing på kirkene29.6.2022 08:00:00 CEST | Pressemelding
Barne- og familiedepartementet har gitt Riksantikvaren i oppdrag å lage et forslag til bevaringsprogram for kirker. – Vi foreslår et omfattende arbeid for å sette i stand både middelalderkirkene, kirker etter reformasjon 1537 og kirkene fra etter 1850, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Riksantikvaren freder Fjeldstad gard i Salangen25.6.2022 13:00:00 CEST | Pressemelding
– Dette er den første fredningen av kvenske kulturmiljøer sør i Troms, sier riksantikvar Hanna Geiran. – Med Fjeldstad gard kan vi bevare viktig kvensk byggeskikk og kultur for fremtiden.
Frednigsforslag for jødiske kulturminner i Oslo14.6.2022 16:13:56 CEST | Pressemelding
Fredningsforslaget for deportasjonsmonumentet “Sted for erindring” og gravlunden i Sofienbergparken i Oslo er nå på høring. De er viktige kulturminner fra den jødiske historien i Norge.
Nasjonalt krigsminne fredet i Valdres2.6.2022 14:15:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren freder Bagnsbergene gard i Sør-Aurdal i Valdres, som er et usedvanlig godt bevart krigsminne med spor etter kamphandlinger under andre verdenskrig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom