Hestad rasteplass - I ny turistvegdrakt
8.9.2021 13:38:55 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Hestad kapell ligg vakkert til på ei landtunge mellom Viksdalsvatnet og Hestadfjorden. Den vesle kyrkja og området rundt er freda. Like ved ligg også ein rasteplass og ein attraktiv badeplass. Statens vegvesen ha nå gitt området et turistvegløft med toalett, utsiktsrampe, fornya rasteplass og betra tilkomst til kapellet. Hestad rasteplass ligg i eit verna våtmarksområde med sesongflaumar, noko det er teke omsyn til i planlegginga av anlegget.
Fortunen arkitekter og Nils Mannsåker såg poesien i tilhøva:
«Den korte vandringa på bryggja, til tider over flaumvatnet, skal gje eit ekstra fokus på det overveldande landskapsrommet i Viksdalen», fortel Mannsåker, og held fram:
«Det tjørebehandla treverket er eit minne frå historia, men sett saman som ei meir abstrakt romoppleving der bjørketrea og himmelen dannar eit flyktig tak».
Nye Hestad er enda eit turistvegstopp med verdi for vitjarar, regionen og næringa, seier direktør Stein Ove Rolland i Fjord Norge: «Nasjonale turistvegar gir folk gode opplevingar undervegs, og dei gir oss grunnar til å stoppe opp, eller til å ta ein omveg, for å ta inn storslått natur og spennande arkitektur». «Arkitekturen fortel óg om eit moderne og interessant land som lagar ting av høg kvalitet», held Rolland fram og framhevar Hestad som eit godt eksempel på dette.
Ordførar Olve Grotle i Sunnfjord vil utføre den høgtidelege opninga av Hestad rasteplass. Det blir kulturelt innslag og enkel servering i samband med opninga.
Arkitekt: Fortunen Arkitektur
Entreprenør: Brun Bygg AS
Byggherre: Statens vegvesen
Fullført: 2021
Kontakt:
Per Ritzler, Statens vegvesen, Nasjonale turistvegar. per.ritzler@vegvesen.no Tel: 91 10 44 80
Nasjonale turistvegar er 18 utvalde strekningar frå Varanger i nord til Jæren i sør langs fjordar, fjell, foss og kyst. Med Statens vegvesen i førarsetet har Nasjonale turistvegar gitt Noreg ein ny turistattraksjon som stimulerar vegfarande turistar til å nytte Noreg som sitt reisemål, og som bidrar til auka verdiskaping i distrikta. Nyskapande arkitektur på rasteplassar og utsiktspunkt saman med kunstverk på høgt internasjonalt nivå med sine tankevekkjande forteljingar gjer inntrykk i inn- og utland og vekkjer reiselyst.
Bilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ny innfartsparkering ved rv. 41 i Birkeland24.9.2026 11:17:26 CEST | Pressemelding
En ny innfartsparkering langs rv. 41 i Birkeland gjør det enklere å sette igjen bilen og ta bussen videre til Kristiansand.
Vent med å kjøre på E18 til arbeidene er ferdige lørdag24.9.2026 09:55:21 CEST | Pressemelding
Det blir innsnevringer og forsinkelser på E18 inn mot Oslo fra fredag kveld til lørdag. La bilen stå eller vent med å kjøre til arbeidene er ferdig.
Klar for høstferien? Slik kommer du trygt fram24.9.2026 08:05:00 CEST | Pressemelding
Mange skal ut på veiene i høstferien. Men husk at høstværet kan være lunefullt. Det er lurt å være godt forberedt, særlig om du skal på fjellet.
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
Skogrydding langs E39 i Brusdal23.9.2026 11:02:33 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uka skogrydding langs E39 i Brusdal på strekningen mellom fylkesveg 5948 og Fremmerholden. Målet er bedre trafikksikkerhet og enklere vinterdrift.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
