Universal Music Norge

Heimlandsong frå Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga

31.8.2023 09:30:00 CEST | Universal Music Norge | Pressemelding

Del

Heimlandsong ser for seg å vera ute på det store frie havet, men der heimen likevel kviskrar i alle ting.

Det er mange som har sitt arbeid på havet i dette landet. Også i Vinje er det slik, der Odd og Ingebjørg kjem frå. Der, som i andre små bygder, er det mange som jobbar på Nordsjøen. Men ein høyrer liksom ikkje så mykje om livet der ute. «Kva gjer du?» «Å, eg er i Nordsjøen.» Så blir det liksom med det. Kanskje eg kunne lage ein song? tenkte Odd. Ein song til alle desse pendlarane som er borte i tre veker i strekk og kjem heim att, og så er alt som vanleg.

Artistar er også farande fantar, og kanskje er det derfor ordet «heim» blir eit så uutgrunneleg ord. Men det ligg så godt i munnen og det syng så godt, det ordet. Og aldri så godt som når ein er langt heimafrå. Det er kring dette tankane vandra når «Heimlandsong» kom til.


Langt heimafrå som ventas 22. september er oppfylgjaren til Heimafrå som kom ut i 2013. Det var Odd og Ingebjørgs fyrste felles albumprosjekt. Før det hadde Ingebjørg sunge på til dømes Odd sin låt «Jul i Svingen», ein låt som framleis er duoens solid mest spelte på Spotify, med sine over 20 millionar streams.

Heimafrå var ei samling viser ifrå folkemusikktradisjonen begge er fostra opp i. Oppfylgjaren «Langt heimafrå» har litt av det same i seg. Men, som tittelen hintar om, er perspektivet endra. Framleis kling det av folkemusikken både i stemmene og i tradisjonstoffet. Men dette har fått selskap av nyskrevne låtar. Produksjonen er også støre, og losa i hamn av smått legendariske Kåre Chr. Vestrheim.

Grunnstamma til albumet vart spelt inn i Propeller Music Division med Mats Eilertsen på bass og Pål Hausken på trommer. Så drog Kåre, Ingebjørg og Odd over til Roundstone i Irland for å legge på irske fløyter, fele og song. Begge to er glad i den Irske musikken, og kanskje kunne eit møte med denne legge til noko fint til heile prosjektet, tenkte dei. Og det blei fint! Det blei ikkje feil å legge til ein dåm av salt hav og vide horisontar til ein klukkande fjellbekk frå Telemark.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Foto: Martin Kvamme
Last ned bilde
Foto: Martin Kvamme
Last ned bilde
Foto: Martin Kvamme
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Universal Music AS er verdens, og Norges, største musikkselskap og representerer blant annet artister som Astrid S, The Weeknd, Alessandra, Ramón, Olivia Rodrigo, Post Malone, Ariana Grande, Dagny, Marstein, Shawn Mendes, The Beatles, Odd Nordstoga, Taylor Swift, The Rolling Stones m.fl.

Følg pressemeldinger fra Universal Music Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universal Music Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universal Music Norge

Makosir ute med «Slem»20.3.2026 10:15:00 CET | Pressemelding

Fredag 20. mars serverer Makosir en leken oppfølger: «Slem»! 27. februar slapp Makosir årets første singel, «Jessica», som markerer starten på en ny æra og et nytt musikalsk kapittel. Låten skildrer desperasjonen i å forsøke å fylle et tomrom, og følelsen av å smile utad mens det stormer på innsiden. Den gikk raskt viralt på sosiale medier og peaket på #19 på Spotify. Om den ferske oppfølgeren «Slem» sier Makosir: «Låten er en total banger som handler om tension på klubben» Hør låten her! «Jessica» og «Slem» er to viktige brikker i en ny æra, og Makosir hinter mot et kommende prosjekt. Han beskriver prosessen som den mest utviklende perioden i karrieren så langt: «Jeg har lært så mye i denne prosessen, men aller mest om meg selv. Jeg har aldri følt meg så sikker på hvem jeg er som artist og hva jeg vil formidle. Dette føles som et ‘stars align’-prosjekt, og jeg tror oppriktig at det ikke kunne blitt noe bedre. Vi er ekstremt stolte av hva vi har fått til!» - Makosir Mer om Makosir: Mak

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye