Universitetet i Bergen (UiB)

Har tent lyset for GRIEGAKADEMIET! i Møllendal

Del
Fredag blei det tent ein lysinstallasjon på tomten der det nye Griegakademiet skal komme. «GRIEGAKADEMIET!» er skrive i store oransje bokstaver, synlig fra Bybane-stoppet ved Fløen. Installasjonen skal lyssetjast no i julemåneden.
Dekan Frode Thorsen og rektor Margareth Hagen foran tomten til det som skal bli nybygget til Griegakademiet. Bakken mellom byggene får navnet "Lysbakken" - derfor skiltet. Foto/ill.: Odd Vegard Kandal-Wright, UiB
Dekan Frode Thorsen og rektor Margareth Hagen foran tomten til det som skal bli nybygget til Griegakademiet. Bakken mellom byggene får navnet "Lysbakken" - derfor skiltet. Foto/ill.: Odd Vegard Kandal-Wright, UiB

- Det var ei fantastisk nyheit at vi no kan fortsette arbeidet med nytt bygg. Vi håper på finansiering og byggestart i nær framtid. Med eit nytt bygg skal vi utvikle Griegakademiet vidare som ei samtidsrelevant og samfunnsretta musikkutdanning. Lyden fra Griegakademiet skal ikkje stilne, seier instituttleder for Griegakademiet, Randi Rolvsjord i sin appell.

Rolvsjord sa vidare at musikk er ikkje berre “pynt”. - Det er meining, skjønnheit, livskvalitet, utvikling, helse, felleskap og identitet - Viss musikken stilnar har det djupe konsekvensar for enkeltmenneske og for samfunnet.

Rolvsjord framheva at eit nytt Griegakademi er ein føresetnad for at ein skal få ei musikkutdanning for framtida. Slik det er no står Griegakademiet i dagleg utfordring med for tronge og ueigna lokale.

- Dersom det er mykje lyd i eit rom forstyrrar dette ofte undervisning i andre rom. Skal vi ha konsert i eige bygg, i Gunnar Sævigs sal, med eit lite orkester på 30-40 personer - så er konsertsalen full. Det er ikkje plass til publikum.

Men, seier Rolvsjord, trass i dette har Griegakademiet eit miljø som skapar musikk og forsking i verdsklasse.

- På Griegakademiet har vi fantastiske studenter og fagmiljø. Dei bidreg til musikklivet - I Bergen, i Noreg og internasjonalt, no og i framtida. Dei skaper fantastiske konsertopplevingarr, dei formidlar kunnskap, og dei bidreg når menneske treng hjelp til å bruke musikk når livet er vanskelig.

Bygd på dugnad

Det er professor i arkitektur Petter Bergerud og førstemanuensis Svein-Petter Knudsen ved Institutt for design ved Fakultetet for kunst, musikk og design som har bygd installasjonen saman med elleve studentar, som går tredje året på møbel og rom, KMD. – Vi har jobba dag og natt med dette den siste veka, det er eit dugnadsarbeid og studentane har gjort ein kjempeinnsats, seier Bergerud.
Dei har skore ut store bokstavar som er løfta sju meter over bakken. Petter Bergerud er kjent for ei rekke spektakulære treinstallasjonar han i ei årrekke har bygd saman med designstudentar i Bergen.

Bergerud fortel at når Griegakademiet no vart nemnt i Statsbudsjettet for 2023, har lysinstallasjonen blitt endra frå GRIEGAKADEMIET? til GRIEGAKADEMIET! Det har også komme forslag om å døype passasjen mellom KMD-bygget og det nye bygget for Lysbakken, ettersom SV spela ei så sentral rolle for å få Griegakademiet inn igjen på Statsbudsjettet.

Forpliktande vedtak

Dekan ved KMD, Frode Thorsen er svært letta over budsjettvedtaket som sikrar at bygginga av nytt Griegakademi ikkje stoppar opp. Thorsen seier at Griegakademiet har komme styrka ut av budsjettforliket.

- Eg oppfattar vedtaket som veldig forpliktande for dei kommande budsjettåra, det viser at det er politisk vilje til å bevilge pengar til nytt bygg for Griegakademiet, og at vi kan realisere det som har vore visjonen heilt fra byrjinga når Fakultet for kunst, musikk og design vart etablert, nemleg at alle tre institutt under fakultetet skal samlokaliserast, seier Thorsen.

Han meiner at det er slik miljøet kan få til mykje meir synergiar som sorterer under kunst, musikk og design.

-Det vil bli ein unik institusjon i Nordisk samanheng, potensialet ville kunne utløysast på ein heilt annan måte enn i dag når det er to kilometer i mellom, fakultetet treng mykje tettare fagleg nærkontakt mellom fagmiljøa. Det er ved ei sånn samlokalisering at KMD verkelig blir ein kulturinstitusjon i Møllendal. Vi får eit anlegg der det vil vere stadige utstillingar og konsertar og vi vil også få eit fakultet som også kan samarbeide tett med både det medisinske og det psykologiske fakultetet.

Men kampen er ikkje over

Likevel tør ikkje Thorsen å seinke skuldrane, for kampen er ikkje over.

– I dag feirar vi at vi har styrka vår posisjon, men vi markerer også at vi må kjempe videre. Vi tar budsjettforliket som eit viktig gjennombrot, men vi er klar over at i 2024 må det komme oppstartsbevilging om vi skal oppretthalde fremdriftsplanen. Vi vil legge opp til ein langspurt sånn at vi får sikra oppstartbevilging i 2024-budsjettet, seier dekanen.

Han minner om at musikkutdanninga i Bergen ikkje har hatt adekvate lokale sidan 1946. Bergen fekk Noregs første spesialbygg for musikkutdanning i 1913, dette måtte ein flytte ut frå i 1946. Etter det har det aldri blitt ei permanent god løysing.

– No har det vore ei kontinuerleg prosess sidan 2001. Vi har fått veldig god respons fra Bergen kommune, UiB-leiinga og Statsbygg. Difor vart vi veldig overrasket da Borten Moe tok prosjektet ut. Men det som har skjedd den siste måneden er at Griegakademiets mange støttespelarar, som Norges musikkhøgskole, BFO, KODE, BNO og Bergen kulturskole, har komme på banen og har fortalt allmennheita kor viktig dette er.

Eg vil også trekke fram at studentene har gjort ein kjempejobb og ikkje minst rektor Margareth Hagen som har gjort ein formidabel jobb med å formidle betydninga av dette for UiB.

Takka Lysbakken

Margareth Hagen heldt ein sterk appell på Griegakademi-tomten i kveld. Ho sa at det var ei stund etter framlegginga av forslag til stasbudsjett at det såg skikkelig mørkt ut.

– Men det gjekk ikkje an å finne seg i det. Mobiliseringa vi såg som ein respons på dette viser kor viktig Griegakademiet er. I Bergen såg vi eit kulturopprør, leiarar for kulturinstitusjonene gikk ut i BT i støtte for nytt bygg. Også rektor på Norges musikkhøgskole i Oslo, støtta heilhjarta. Dei konkluderte med at dette kuttet ville gjere «staten rik, men nasjonen fattigare», sa Hagen.

Ho nevnte også den viktige rolla studentene har spelt og ho sendte ein spesiell takk til Audun Lysbakken og SV, og utdannings- og forskningsfraksjonen til Arbeiderpartiet. Avslutningsvis sa rektor at det har vore ein ekstra tilfredstillelse i det å arbeide sammen om et mål. Og at det har gitt uttelling.

– Så no er det berre å rigge kranane her i Bergen. Neste gang vi samlast, så er det for å sette spaden i jorda i 2024!

Bilder

Dekan Frode Thorsen og rektor Margareth Hagen foran tomten til det som skal bli nybygget til Griegakademiet. Bakken mellom byggene får navnet "Lysbakken" - derfor skiltet. Foto/ill.: Odd Vegard Kandal-Wright, UiB
Dekan Frode Thorsen og rektor Margareth Hagen foran tomten til det som skal bli nybygget til Griegakademiet. Bakken mellom byggene får navnet "Lysbakken" - derfor skiltet. Foto/ill.: Odd Vegard Kandal-Wright, UiB
Last ned bilde
Dekan Frode Thorsen holdt appell foran tomten til nybygget for Griegakademiet. Foto/ill.: Ole Marius Kvamme, UiB
Dekan Frode Thorsen holdt appell foran tomten til nybygget for Griegakademiet. Foto/ill.: Ole Marius Kvamme, UiB
Last ned bilde

Om Universitetet i Bergen (UiB)

Universitetet i Bergen (UiB)
Universitetet i Bergen (UiB)
Postboks 7800
5020 Bergen

+47 55 58 00 00http://www.uib.no

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye