Samferdselsdepartementet

Gjøsund fiskerihamn får midlar til utbetring

Del

– Å bygge ut hamner er bra for verdiskaping langs kysten. No blir det inngått avtale med Giske kommune om forskotering av utdjupingsprosjekt i Gjøsund fiskerihamn. Forskoteringsmidlane gjer at utbetringa av fiskerihamna kan gjennomførast tidligare enn venta. Dette er eit godt prosjekt som er viktig for næringsliv og folk på plassen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Forskoteringsordninga gjeld fiskerihamne- og farleistiltak som ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-2029, og inneber at kommunar kan forskotere eit prosjekt mot tilbakebetaling frå staten på eit seinare tidspunkt.

No gir Samferdselsdepartementet 105 millionar kroner til utdjupingsprosjekt i Gjøsund fiskerihamn.

Ordninga kom på plass i 2018 og det er allereie inngått avtalar om midlar til fiskerihamner i Berg og Gamvik kommunar. Det er også varsla at Kamøyvær, Engenes og Fosnavåg fiskerihamner vil få forskoteringsmidlar, og det er satt i gong ein prosess for å inngå avtale med dei aktuelle kommunane. Ordninga har blitt svært godt motteke i heile landet, og departementet har fått inn mange søknader.

– Ordninga inneber at gode prosjekt kan realiserast tidlegare enn kva dei elles ville ha gjort. Samtidig er det viktig å halde kostnadene nede og effektiviteten oppe slik at vi får realisert flest moglege av dei gode hamneprosjekta som er viktige for verdiskapinga langs kysten, seier Dale.

Stortinget har vedteke at regionane skal overta eigarskapen og forvaltningsansvaret for fiskerihamenanlegg frå 1. januar 2020. Regjeringa har fått på plass fleire gode overgangsordningar som skal sikre vidareføring i hamneutbygginga medan fylkeskommunane omstiller seg til det nye ansvaret. Forskoteringsordninga er ein viktig del av desse tiltaka.

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Nord-Jæren får byvekstavtale for perioden 2019-20292.7.2020 14:52:55 CESTPressemelding

– Regjeringen ønsker miljøvennlig byutvikling i byene våre, og byvekstavtalene skal bidra til å redusere klimagassutslipp, kø, luftforurensing og støy gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten tas med kollektiv, sykkel og gange. Denne avtalen bygger opp under dette, og vil være et viktig bidrag for å oppfylle bompengeavtalen fra 2019, sier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Tenestetilbodet til trafikantane held fram i Larvik, Kragerø og Mandal1.7.2020 12:00:00 CESTPressemelding

– For regjeringa er det avgjerande å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet. Særleg for dei tenesta som framleis krev oppmøte må det vere eit tilgjengeleg tilbod rundt i heile landet. Vi har no nøye vurdert forslaga frå Statens vegvesen, men også lytta til innspel og forslag frå lokale aktørar. Mellom anna betyr det at det tenestetilbodet som var foreslått nedlagt i Larvik, Kragerø og Mandal likevel held fram, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom