Nærings- og fiskeridepartementet

Geir Inge Sivertsen er ny statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet

Del
Geir Inge Sivertsen (H) blei i statsråd i dag utnemd til statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet med verknad frå 4. november. Sivertsen kjem frå vervet som ordførar i Lenvik kommune i Troms.

Sivertsen har vore medlem av kommunestyret i Lenvik sidan 1999 og har hatt mange verv i Troms- og Finnmark Høgre, mellom anna sit han som representant i fylkestinget og er varaordførar i nye Senja kommune.

Før han blei ordførar i 2011, var Sivertsen direktør i Nor-Team Entreprenørforretning. Han var varamedlem til stortinget frå 2005-2009. Han har ein sivilingeniørtittel frå Norges Tekniske Høgskole (NTNU) i Trondheim.

-Sivertsen har ei lang og imponerande rekkje verv i politikken over mange år. Han har god kunnskap om næringsliv og fiskeripolitikk i nord. Han har stor arbeidskapasitet og eg ser fram til eit godt samarbeid med han, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

-Eg er stolt og audmjuk over å få forespørsel om å tre inn i regjeringa som statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, og eg gler meg til å ta fatt på den viktige oppgava med å vidareutvikle regjeringas næringspolitikk, seier Geir Inge Sivertsen.

Kontakter

Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye