Sparebanken Vest

Fullt kundeutbytte i Sparebanken Vest

Del
Styret i Sparebanken Vest går inn for maks kundeutbytte i år! Med 354 millionar kroner i potten, kan par med bustadlån i banken gle seg til inntil 8 000 kroner rett inn på konto i mai. Maks sparing gir ytterlegare 8 000 kroner til.

– Vi er veldig glade for at vi kan dele av overskotet til banken med kundane våre på denne måten –særleg i den uvissa vi er i no. Vi vil strekke oss langt for at kundane våre skal gå ein trygg, økonomisk framtid i møte, seier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest.

Din del av overskotet til banken

Kundeutbytte er kunden sin del av overskotet til Sparebanken Vest. Sjølve summen som blir utbetalt til den enkelte, er basert på:

  • Kor mykje du har i lån og innskot
  • Resultatet til banken for 2020
  • Kor lenge du har vore kunde i 2020

Naturleg å gje tilbake til kundane

Kundeutbytte er heilt i tråd med grunnverdiane til sparebankane, påpeikar Kjerpeseth.

– 60 prosent av Sparebanken Vest er eigd av kundane. Då er det heilt naturleg at også store delar av overskotet, som vi skapar saman med kundane våre, skal kome dei til gode, seier han.

Ytterlegare 100 millionar kroner til lag, frivilligheit og kultur

I tillegg til kundeutbytte, kjem det også ei bevilling på 100 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest. Midla har som formål å bidra til gjenoppbygginga av organisasjonane og frivilligheiten på Vestlandet etter ei turbulent tid.

– Mange lag og organisasjonar blør no som følgje av pandemien, og vi, saman med Sparebankstiftelsen, ønsker å bidra til at dei skal komme raskt tilbake til slik det var før pandemien. Vi skal gjere det vi kan for å styrke lokalsamfunn og verdiskaping her i vest, seier Kjerpeseth.

Styret i Sparebanken Vest har også foreslått å løyve 290 millionar kroner til gåver og allmennyttige middel til hausten. Tildelingar frå denne potten er avhengig av den økonomiske utviklinga, utsiktene framover, resultat og kapitalsituasjon for banken.

Korona-fondet rullar vidare

Korona-fondet frå Sparebankstiftelsen, som vart lansert i mars i fjor, har fått ei varm mottaking på Vestlandet. Til no er meir enn 60 millionar kroner delt ut til nærare 1200 frivillige lag, foreiningar og organisasjonar som har økonomiske utfordringar som følgje av korona-situasjonen. Det er framleis nesten 40 millionar kroner att.

– Når eg ser kva dei som har fått støtte frå Korona-fondet har fått til i det året vi har vore igjennom, blir det klart for meg kor verdifullt dette er. Det er svært viktig for oss å levere på samfunnsoppdraget vårt ved å stille opp for dei som har vore råka ekstra hardt av pandemien, og vi håper på enda fleire søknadar til fondet framover, seier Kjerpeseth.

Midla frå fondet kjem vestlendingar i alle aldrar til gode – frå Jæren i sør til Volda i nord. Les om tildelingane her:

Les meir om kundeutbytte på spv.no

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye