Forsvarsbygg

Fritidsbustader får støytiltak

Del
Kommunal- og moderniseringsdepartementet konkluderer med at fritidsbustader rundt Ørland flystasjon vil ha krav på støyisolerande tiltak.
F-35 tek av på Ørland. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret
F-35 tek av på Ørland. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret

Forsvarsbygg har i oppdraget med å byggje ut Ørland flystasjon ansvar for å teke hand om eigedommar utanfor flystasjonen. Vi arbeider etter vedteke reguleringsfråsegner for Ørland flystasjon og har tilbode alle bustader i gul støysone synfaring for støyreduserande tiltak.

I utgangspunktet har fritidsbustader ikkje vert omfatta i reguleringsfråsegnene som bygg som skal vurderast støytiltak. Ørland kommune har på si side tolka fråsegnene slik at fritidsbustader skal vurderast for tiltak. Forsvarsbygg føretok ein ekstra gjennomgang av både reguleringsplan, retningslinjer og statleg praksis i for eit år tilbake og konkluderte med utgangspunktet ominga støytiltak på fritidsbustader.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har no hatt tolkinga av avgjerda opp til vurdering.

Innandørs lydnivå òg for fritidsbustader

KMD konkluderer med at fritidsbustader rundt flystasjonen vil ha krav på støyisolerande tiltak. Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til ordlyden i reguleringsfråsegnene og meiner at kravet til innandørs lydnivå omfattar både bustader, fritidsbustader og annan busetnad med støysensitivt nytteføremål. Dette er i tråd med oppfatninga til kommunen.

Lydklasse C eller D

Når det gjeld om det skal gjennomførast tiltak på fritidsbustader som sikrar lydklasse C eller D skriv KMD at dette er avhengig av bygningstekniske tilhøve og eit forsvarleg kost nytte-tilhøve. Forsvarsbygg vil kontakta kommunen for å avklara nærare detaljar.

Positivt med avgjerd

- Det er positivt at det har kome ei endeleg avgjerd i saka, då det har vore mange som har venta på ein avklaring. Vi er òg glade på vegne av eigarane av aktuelle fritidsbustader. Vi må no sjå nærare på avgjerda og ynskjer å gå raskt i gang for å oppfylla reguleringsfråsegnene, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen, men understrekar òg at det kan ta tid å koma i gang, då dette er første gong det skal gjennomførast kost/nytte-vurderingar for fritidsbustader.

Nøkkelord

Kontakter

Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no

Bilder

F-35 tek av på Ørland. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret
F-35 tek av på Ørland. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret
Last ned bilde

Lenker

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Grev Wedels plass 5
0151 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye