Sparebanken Vest

"Frende-bankane" satsar saman på Vipps

Del
Vipps, so vert betaling enno enklare. Over 100 norske bankar kjem inn på eigarsida i Vipps saman med DNB. Saman skal dei sørge for at Vipps leverer dei enklaste og mest nyskapande betalingstenestene til norske privatpersonar og verksemder.
"Frende-bankane" satsar saman på Vipps
"Frende-bankane" satsar saman på Vipps

- Vipps har vorte einaren på venebetaling, og har på kort tid rulla ut betalingsløysingar både på mobilen, på nett og i fysiske butikkar. Vipps skal i løpet av året vere tilgjengeleg på langt fleire stader enn vi har sett til no. Gjennom dette samarbeidet står vi betre rusta til å vinne kappløpet i konkurranse med nordiske og internasjonale aktørar, seier Rune Bjerke, konsernsjef i DNB og påtroppande styreleiar i Vipps.

DNB, SpareBank 1-alliansen, Eika Alliansen, Sparebanken Møre og 15 sjølvstendige sparebankar som og er deleigarar i Frende Forsikring har inngått ein intensjonsavtale. Avtalen inneber at partane saman skal vidareutvikla Vipps som heile Noreg si mobile lommebok. Initiativtakarane representerer til saman 106 norske bankar.

Vipps har til no vore ein del av DNB-konsernet, men vert no lagt inn i eit frittståande selskap der DNB blir største eigar med omtrent 52 prosent av aksjane. SpareBank 1-alliansen skal eie 25 prosent, dei sjølvstendige sparebankane 12 prosent, Eika Alliansen 10 prosent og Sparebanken Møre 1 prosent.

- Vi opplever ein marknad der stadig fleire aktørar kappast om å lansere eigne løysingar for mobil betaling. For mange er dette forvirrande, anten ein skal betale eller ta imot betaling. Sjølv om vi gjennom vår satsing på mCASH har tatt ein solid posisjon på kort tid, har mange kundar gitt uttrykk for at dei vil føretrekke éi løysing – éin sterk og tydeleg leverandør. Difor går norske bankar saman om å lage éi felles mobil lommebok for alle norske bankkundar, seier Finn Haugan, konsernsjef i SpareBank 1 SMN på vegne av SpareBank 1-alliansen.

- Vi ønsker å bygge ein sterk norsk fintech-aktør som klarer å utvikle og levere enkle og trygge tenester til lågast mogleg kostnad. Når vi no utviklar kompetanse og teknologi i eitt selskap vil det vere eit stort lyft for alle bankkundar i landet, seier Geir Bergskaug, administrerande direktør i Sparebanken Sør som representerer dei 15 sjølvstendige sparebankane som og er deleigarar i Frende Forsikring.

- Samarbeidet om Vipps sikrar lokalbankane sine kundar enkle og framtidsretta betalingstenester. Partnarskap står sentralt i Eika sin strategi for hurtig og kostnadseffektiv innovasjon og utvikling. Eg er difor særs nøgd med at vi no står saman om å vidareutvikle Vipps som den leiande mobile lommeboka i den norske marknaden, seier konsernsjef Hege Toft Karlsen i Eika Gruppen.

- Produkt og tenester vert utvikla i eit stadig høgare tempo, og vinnaren er den som klarer å gjere kvardagen enklast for kunden. Kompetansen og innovasjonskrafta i det nye selskapet blir sterk, og vi gler oss til å kunne tilby enkle, sikre og spanande betalingsløysingar for kundane våre framover, seier administrerande direktør i Sparebanken Møre, Olav Arne Fiskerstrand.

Inkludert i Vipps vert og betalingsløysingar som til no har vore utvikla av dei andre bankane i samarbeidet. SpareBank 1 overfører satsinga på mobilbetalingsløysinga mCASH som leverer i hovudsak dei same tenestene som Vipps. Kundebasen i mCASH vert invitert med over til Vipps.

Rune Garborg, som i dag er konserndirektør for Vipps og betaling i DNB, vert konstituert som sjef for Vipps. Elisabeth Haug, som er administrerande direktør i SpareBank 1 Mobilbetaling, vert konstituert som viseadministrerande direktør.

Avtalen føreset godkjenning frå norske tilsynsstyresmakter.

Partane inviterer samstundes til eit pressemøte for utfyllande informasjon måndag 13. februar klokka 10:00. Møtet finn stad på Sentralen i Øvre Slottsgate 3 i Oslo og vert overført direkte på nett. Link:
http://publisher.qbrick.com/Embed.aspx?mcid=E9399774a74108a6&width=640&height=360

Fakta om Vipps – Norges mest populære betalingsapp:
• Vipps har over 2,15 millionar brukarar som gjennomfører 204.000 transaksjonar dagleg.
• Over 30.000 verksemder og lag har registrert seg som brukarar av tenesta.
• I 2016 lanserte Vipps og nettbutikkhandel, Vipps for verksemder og Vipps Faktura.

Fakta om Vipps-aktørane:

• SpareBank 1-alliansen består av 16 sjølvstendige bankar som til saman er nest største finansaktør i Noreg. https://www.sparebank1.no/nb/bank/om-oss/om-banken.html

• 15 sjølvstendige sparebankar med totalt over 900.000 personkundar som og er deleigarar i Frende Forsikring.
https://www.frende.no/no/Forsikring/Frende-Forsikring-distribitorer2/

• Eika Alliansen består av 73 lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt. Eika Alliansen har ca. 1 million personkundar og 210 bankkontor. https://www2.eika.no/eikagruppen/Om-Eikagruppen/Om-Eika-Gruppen/Om-Eika-Alliansen

• Sparebanken Møre er det leiande finanshuset i Møre og Romsdal. https://www.sbm.no/om-oss/om-sparebanken-more/om-oss-/292/0/

• DNB er Noregs største og eit av dei største finanskonserna i Norden med 2,1 millionar personkundar i Noreg. https://www.dnb.no/om-oss/om-dnb.html

Bilder

"Frende-bankane" satsar saman på Vipps
"Frende-bankane" satsar saman på Vipps
Last ned bilde

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

DNB, SpareBank 1-alliansen, Eika Alliansen, 15 sjølvstendige sparebankar som og er deleigarar i Frende Forsikring og Sparebanken Møre går saman om å vidareutvikle VIPPS.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye