Riksantikvaren

Fredar minnesmerke over jødiske born og unge

Del

Statuen av Cissi Klein blir freda den 25. november. Det er eit minnesmerke over alle våre jødiske barn og tenåringar som blei drepne i Holocaust.

Cissi Klein-statuen. Foto: Monica Rusten. Copyright Tore Bjørn Skjølsvik og Tone Ek.
Cissi Klein-statuen. Foto: Monica Rusten. Copyright Tore Bjørn Skjølsvik og Tone Ek.

– Det at vi fredar dette minnesmerket, er ikkje ei verdinøytral handling. Tida no er ikkje berre prega av mangfald og inkludering, men også av ny krig i Europa. Noreg svikta barn og unge som Cissi Klein for åtti år sidan. I dag er statuen eit symbol for at me ikkje skal gløyme, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Riksantikvaren fredar vanlegvis ikkje minnesmerke. Men i dette tilfellet har representantar frå Det Jødiske Samfunnet peika på at dette minnesmerket er særs viktig for den jødiske kulturarven i Noreg.  Med denne fredinga, og med fredinga av deportasjonsmonumentet ved Akershuskaia, gjer Riksantikvaren unntak.

Cissi var trøndar og eitt av 102 jødiske born og unge i Noreg som vart forfølgd og myrda av nazistane under påskot av å vere ein trussel for samfunnet. Ho var 13 år da ho blei myrda. Ingen av borna kom tilbake. Ei freding etterlet seg varige, fysiske spor, og statuen skal for all framtid minne oss på alle dei unge menneska som ikkje fekk leve vidare og setje eigne spor i samfunnet.

– Det har vore ein veldig fin prosess for oss i fylkeskommunen å få arbeide med denne fredingsaka. Å kunne bidra til å løfte fram kulturminne i Noreg som er knytt til jødisk liv og virke, og vår felles mangfaldige kulturhistorie, er eit viktig og prioritert arbeide seier fylkesordførar Tore O. Sandvik.

Statuen blei avduka i 1997 ved Trondheims tusenårsjubileum, på årsdagen for deportasjonen av jødane i Noreg. Kunstnarane bak verket er Tore Bjørn Skjølsvik og Tone Ek.

Ein viktig del av Trondheims historie 
Opphaveleg stod statuen på ein annan stad. Den blei flytta i samråd med Det Jødiske Samfunnet i Trondheim i 2010, til plasseringa statuen har i dag. Den nye plasseringa på Museumplassen er ikkje tilfeldig. Cissi og familien hennar budde i andre etasje i Museumsplass 3, i dag Hans Hagerups gate 5, ein av bygardane som omgjev parken. Her ligg også snublesteinar til minne om Cissi og familien hennar. Bygarden der Cissi budde har også ein plakett. Den var Trondheims fyrste offentlege minnesmerke over jødane som vart drepne under den andre verdskrigen.

– Cissi Klein er ein viktig del av Trondheims historie den dag i dag. Dei fleste trønderar kjenner til historia hennar. Cissi Klein er ein sjølvsagt del av Trondheim by si historie, og den nasjonale historia om den andre verdskrigen og deportasjonane, seier ordførar Rita Ottervik.


Smertefulle kulturminne
Fleire kulturminne frå krigen kan knytast til omgrepet smertefull kulturarv, altså kulturarv med ei historie som er vond å minnast. Desse minna har ei særs viktig rolle for framtidas samfunn. Det er viktig å ta vare på dei for å fortelje om kva som hende, og minne oss om at dette aldri må skje igjen.


Kulturarv for alle
Riksantikvaren har ei målsetjing om at heile befolkninga skal være representerte på fredingslistene. Difor er eit utval jødiske kulturmiljø i Noreg vald ut for fredingRiksantikvaren skal løfte fram og få auka kunnskap om heile den norske kulturarven og frede eit utval av dei nasjonale minoritetane sine kulturminne. Minnesmerket Cissi Klein-statuen er eitt av fleire utvalde kulturminne i Trondheim.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Bilder

Cissi Klein-statuen. Foto: Monica Rusten. Copyright Tore Bjørn Skjølsvik og Tone Ek.
Cissi Klein-statuen. Foto: Monica Rusten. Copyright Tore Bjørn Skjølsvik og Tone Ek.
Last ned bilde

Lenker

Om Riksantikvaren

Riksantikvaren
Riksantikvaren
Dronningens gate 13
0152 Oslo

22 94 04 00https://www.riksantikvaren.no/

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom