KS

Fråsegn frå KS landsting: Klimakur krev samarbeid med staten

Del
Landstinget i KS har vedteke fråsegn om Klimakur 2030. Landstinget er KS' øvste styrande organ og blir halde kvart fjerde år, etter lokalvala.
Vi set pris på at kommunesektorens klimarolle er handsama i eit eiga kapittel i Klimakur. Det tek Landstinget som ei oppmoding til staten og næringslivet om å finne nye løysingar i samarbeid med kommunar og fylkeskommunar. Foto: KS.
Vi set pris på at kommunesektorens klimarolle er handsama i eit eiga kapittel i Klimakur. Det tek Landstinget som ei oppmoding til staten og næringslivet om å finne nye løysingar i samarbeid med kommunar og fylkeskommunar. Foto: KS.

KS landsting meiner at Klimakur 2030 gjev eit kunnskapsgrunnlag for den naudsynte vidare utviklinga av norsk klimapolitikk. Klimakur-rapporten syner at det er eit stort vidare potensial for utsleppskutt i kommunesektoren, og at desse kutta kan nås raskare og i større omfang i samarbeid med andre.

Desse samarbeidspartnerane vil først og fremst vere staten og næringslivet. El-ferjene, byvekstavtalane og utsleppsfri anleggsverksemd er berre tre døme på slike tiltak som er løyst gjennom samarbeid, og der vi kan få til enda meir i fellesskap.

Klimakur slår fast at tiltaka som krevjast for å nå Noregs Paris-mål, føreset at ei lang rekkje nye og forsterka verkemiddel kjem på plass på kort tid. Takta på innfasinga vil vera avgjerande. KS landsting ber difor regjeringa leggje vekt på slike nye og forsterka verkemiddel allereie i revidert nasjonalbudsjett, statsbudsjettet 2021 og i stortingsmeldinga om klimapolitikken fram til 2030. Dette er no særs tydeleg i arbeidet med å gjere ferjeflåta utsleppsfri. Dei fylka som har gått føre har fått store meirkostnadar som gjer at nye grøne og innovative prosjekt både for ferje, hurtigbåt og buss kan bli satt på vent. KS’ Landsting ventar at samtalane regjeringa har invitert ferjefylka og KS til om dei reelle kostnadene ved el-ferjene vert fylgd opp med auka løyvingar i statsbudsjettet. 

Vi set pris på at kommunesektorens klimarolle er handsama i eit eiga kapittel i Klimakur. Det tek Landstinget som ei oppmoding til staten og næringslivet om å finne nye løysingar i samarbeid med kommunar og fylkeskommunar. Nokre av desse løysingane vil heller ikkje krevja pengar, berre vilje. Eit døme på det er merknadene i Klimakur 2030 om at staten kan gi heimel til miljøsonar og til å stille klimakrav til bruk av byggematerialar.

Kommunesektoren kan påverka eit anna felt som er viktig i Klimakur-rapporten, arealbruksendringar. KS landsting er positiv til eit forsterka samarbeid med staten om auka heilskap i arealvedtak både i kvar einskild kommune og på tvers av kommunegrenser.  Slikt samarbeid kan i større grad leggje vekt på den samla effekten for utslepp av klimagassar. Framlegga i Klimakur 2030 som er knytt til dette, vil vere interessant å utvikla vidare.Samstundes må arealpolitikken ta høgd for dei store skilnadene mellom by og land i Norge, og sikra det lokale sjølvstyret. KS landsting ynskjer levande distrikt med vekst og utvikling i heile landet. 

Finansieringsordninga Klimasats har vore ein drivar for mange kommunale klimatiltak, slik det vert slått fast i Klimakur. KS landsting krev difor at ordninga minst vert halde oppe på same nivå som før.

Auka omfang av ekstremvær er ein konsekvens av klimaendringane.  Landstinget vil peika på at dette gjer det heilt naudsynt å sikra lokalsamfunna og offentleg infrastruktur som vegar og vann- og avløpsanlegg betre mot skader som fylgje av flaum, ras og overvann. Landstinget etterlyser eit raskt og markant løft i  løyvingane til førebyggjande flaum- og skredsikringstiltak, og at kommunane får auka handlingsrom til å kunne førebu og finansiera lokale tiltak for å handtera overvann.

Nøkkelord

Bilder

Vi set pris på at kommunesektorens klimarolle er handsama i eit eiga kapittel i Klimakur. Det tek Landstinget som ei oppmoding til staten og næringslivet om å finne nye løysingar i samarbeid med kommunar og fylkeskommunar. Foto: KS.
Vi set pris på at kommunesektorens klimarolle er handsama i eit eiga kapittel i Klimakur. Det tek Landstinget som ei oppmoding til staten og næringslivet om å finne nye løysingar i samarbeid med kommunar og fylkeskommunar. Foto: KS.
Last ned bilde

Om KS

KS
KS
Postboks 1378 Vika
0114 Oslo

24 13 26 01http://www.ks.no

Følg pressemeldinger fra KS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra KS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra KS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye