KS

Fråsegn frå KS landsting: Berekraftig utvikling krev lokal handlekraft

Del
Landstinget i KS har vedteke fråsegn om lokal handlekraft. Landstinget er KS' øvste styrande organ og blir halde kvart fjerde år, etter lokalvala.
Kommunesektoren er heilt sentral for å klare dei utfordringane vi når står overfor mellom anna som følgje av fleire eldre og klimaendringar. For å lykkast er det viktig at kommunane og fylkeskommunane får handlingsrom til å finna eigne løysingar.  Foto: KS

Lokalt sjølvstyre krev at kommunar og fylkeskommunar kan forme tenestene ut frå kva den einskilde treng og det som passar best lokalt. Kommunar og fylkeskommunar må difor ha eit stort handlingsrom både politisk, juridisk og økonomisk. Nærleik til innbyggjarane gjev kommunar og fylkeskommunar fortrinn til å prioritere effektivt for å løyse komplekse utfordringar og å møte behov og ønske frå innbyggarane. Landstinget reknar med at dette kjem tydeleg fram i ny perspektivmelding.

Kommunesektoren er heilt sentral for å klare dei utfordringane vi når står overfor mellom anna som følgje av fleire eldre og klimaendringar. For å lykkast er det viktig at kommunane og fylkeskommunane får handlingsrom til å finna eigne løysingar.  

Landstinget syner til at skiftande regjeringar og skiftande fleirtal i Stortinget over tid har makta å gje økonomiske rammer til kommunesektoren som minst har vore på høgde med veksten i utgifter som fylgje av demografiske endringar og utviklinga i pensjonsutgifter.  Gode skatteinntekter over fleire år har resultert i mange rekneskap med positive tall i kommunane. Det er likevel grunn til å uroa seg over at utgiftene til særleg pleie- og omsorgstenester aukar så sterkt i mange kommunar. Aldring i folket kan ventast å auka utgiftene ytterlegare.

Landstinget ventar at ny perspektivmelding endå ein gong vil gjera det klårt at utfordringane med å finansiera det offentlege tenestetilbodet i framtida aukar.  Det er difor grunn til å venta ytterlegare strammare budsjett i kommunane nokre år fram i tid. I den situasjonen er det viktig for kommunesektoren at:

  • Staten ikkje innfører nye velferdsreformer i kommunesektoren dersom dei ikkje er reelt finansiert fullt ut. Innføringa av bemanningsnormer i oppvekstsektoren er eit døme på det motsette.
  • At staten er særs varsam med ytterlegare lovfesting av nye individuelle rettar, eller med detaljerte krav til korleis kommunane og fylkeskommunane skal løysa oppgåvene. Framlegg om detaljstyring på integreringsområdet eller å fjerna fylkeskommunanes rett til å fastsetja reglar for opptak til vidaregåande opplæring ut frå lokale høve og omsyn til høgast mogeleg fullføring av VGO, er nylege døme på det motsette.  

KS landsting meiner og at målet om eit samfunn med låge klimautslepp må få konsekvensar for budsjettprioriteringane i både RNB 2020 og statsbudsjettet 2021. Det må finnast ei snarleg finansiell løysing som står og i framtida for fylkeskommunar som kuttar utslepp i kollektivtrafikken, men som dreg på seg større ekstra driftsutgifter på grunn av dette.

Råde- og forvaltningsretten over lokale naturressursar er ein grunnpilar i lokaldemokratiet. Å utnytte vasskraft har i meir enn 100 år gitt lokalsamfunn direkte inntekter gjennom lovfesta ordningar.  Landstinget ventar at vertskommunane for vasskraft får ført vidare dei nåverande ordningane som sikrar ein del av verdiskapinga, og at andre naturressurskommunar framover og vert sikra ein varig del av verdiskapinga basert på å gje frå seg naturressursar.

Nøkkelord

Bilder

Kommunesektoren er heilt sentral for å klare dei utfordringane vi når står overfor mellom anna som følgje av fleire eldre og klimaendringar. For å lykkast er det viktig at kommunane og fylkeskommunane får handlingsrom til å finna eigne løysingar.  Foto: KS
Kommunesektoren er heilt sentral for å klare dei utfordringane vi når står overfor mellom anna som følgje av fleire eldre og klimaendringar. For å lykkast er det viktig at kommunane og fylkeskommunane får handlingsrom til å finna eigne løysingar. Foto: KS
Last ned bilde

Om KS

KS
KS
Postboks 1378 Vika
0114 Oslo

24 13 26 01http://www.ks.no

Følg pressemeldinger fra KS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra KS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra KS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye