Frå likestilling til inkludering
18.3.2022 13:11:54 CET | Kifinfo | Pressemelding

Då den nye Kif-komiteen vart konstituert tidlegare i år, var det med eit utvida mandat: No skal komiteen ikkje berre arbeide for å betre kjønnsbalanse og etnisk mangfald i forskingssektoren, men også ta omsyn til sosial bakgrunn.
Utvidinga er i tråd med utviklinga generelt: For få år sidan fekk vi ny likestillings- og diskrimineringslov, der ein slo saman separate lover som hadde kome til gjennom åra og som kvar gav diskrimineringsvern til nye grupper. Institusjonane i UH-sektoren har for lengst bytta ut handlingsplanane for likestilling mellom kjønna, med planar for likestilling, mangfald og inkludering.
Vil dette seie at likestillings- og mangfaldsfeltet no blir handtert som eit fleirdimensjonalt sakskompleks? Ser vi ei dreiing mot interseksjonalitet, altså at likestillings- og mangfaldsarbeidet skjer innanfor ei forståing av at diskriminering og forskjellsbehandling kan skje av forskjellige årsaker som kan overlappe og samverke – eller er det heller snakk om at sektoren må sjonglere stadig fleire felt med kvar sine tiltak og målsettingar?
– Ulikheit er samansett
Julia Orupabo, forskar ved Institutt for samfunnsforsking og medlem av Kif-komiteen, er spent på korleis det nye mandatet skal operasjonaliserast. Ho sat også i førre komité.
– Ein del av komiteens arbeid er jo å reise på institusjonsbesøk, møte leiarar i sektoren og høyre frå dei kvar skoen trykkjer og kva vi kan komme med av tips og råd og erfaringar frå andre institusjonar. Noko av det spennande ved det, er at det også hender dei tek opp andre ting enn kjønnslikestilling under samtalane, seier ho.
– Kif-komiteen starta som ein komité for kjønnslikestilling, men når ein først er oppteken av ulikheit i akademia, så oppdagar ein jo fort at det er samansett. På institusjonsbesøk kjem det gjerne fram slike ting som at utanlandske tilsette i særleg grad har falle utanfor i samband med koronapandemien, eller at ein ser at sosial bakgrunn spelar ei rolle. Det er altså ikkje berre kjønn som blir adressert ved institusjonane, etter mitt inntrykk.
Då komiteens mandat vart utvida til å inkludere etnisk mangfald, tok Kif-komiteen initiativ til ei kartleggjing av kva moglegheiter og barrierar personar med innvandrarbakgrunn møter i akademia.
– Trengst det ei tilsvarande kartleggjing når det gjeld sosial bakgrunn?
– Det må vere noko av det første vi tek stilling til: Har vi eit godt nok kunnskapsgrunnlag? Men diskusjonane vi har sett den siste tida, om førstegenerasjons akademikarar, vitnar om at dette har vore eit underbelyst tema, seier Orupabo.
– Mange sosiologar kan mykje om klassespørsmål, og vi veit at sosial bakgrunn spelar ei rolle for mobilitet, også i det egalitære Norge. Men i det praktiske arbeidet og tiltaka for å skape mangfald i UH-sektoren, har det nok ikkje vore tilstrekkeleg fokus på kva sosial bakgrunn har å seie.
Kartlegg mangfaldsforsking
Då Universitetet i Oslo (UiO) i fjor vedtok sin nye tiltaksplan for mangfald, likestilling og inkludering, inneheldt planen først og fremst konkrete tiltak for kjønn. UiO ønskte seg eit betre kunnskapsgrunnlag for å utarbeide tiltak på mangfaldsfeltet, og ga Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK) i oppdrag å utarbeide ein forskingsrapport. Den skal vere klar i løpet av vårhalvåret.
– Rapporten vil delvis oppsummere forsking på mangfald i akademia, og dels presentere resultat frå undersøkingar vi har gjort her ved UiO, fortel førsteamanuensis Beret Bråten ved STK.
Nøkkelord
Kontakter
Kristin AuklandSeniorrådgiver
Tel:22 03 80 86Tel:95 12 14 86ka@kilden.forskningsradet.noBilder

Lenker
Om Kifinfo
Kifinfo drives av Kilden kjønnsforskning.no for Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komiteen). Sekretariat hos Universitets- og høgskolerådet.
Følg pressemeldinger fra Kifinfo
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kifinfo på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kifinfo
Flere kvinner forsker på fred og konflikt10.3.2026 10:03:06 CET | Pressemelding
På tjuefem år har det gått fra under én av fem kvinnelige forfattere i fredsforskningen til én av tre. Et norsk tidsskrift er best i klassen.
– Når en varslingssak havner på mitt bord, er det ingen vinnere27.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
– Vi lykkes dersom jeg ikke får noen varslingssak – ikke fordi noe skyves under teppet, men fordi uønskede hendelser ikke skjer, sier Kristian Solaas, likestillingsrådgiver ved Universitetet i Agder.
– Mannlige sykepleiere trenger noen å stå på skuldrene til20.2.2026 13:56:56 CET | Pressemelding
– Når man skal bli sykepleier, har man behov for å stå på skuldrene til noen. Det gjelder også menn. Det betyr noe å kunne speile seg i noen som har gått veien før, sier Ben Farid Røjgaard Nielsen, lektor ved Københavns Professionshøjskole.
Akademiske verdier, mangfold og internasjonalisering i endring13.2.2026 13:14:20 CET | Pressemelding
– Handelshøgskolene har et smalt fagområde, men et stort internasjonalt felt. På Nettverkskonferansen 2026 vil vi vise fram arbeidet vi gjør på likestilling og mangfold, sier Malin Arve, leder for programkomiteen og professor ved Norges Handelshøyskole.
Stipendiater ønsker en rausere og mer åpen kultur29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
– Vi trenger mer åpenhet i akademia, sier leder for Stipendiatorganisasjonene i Norge. En undersøkelse har nylig avdekket at fire at ti stipendiater sliter med søvn og nesten to av tre med angst og nervøsitet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
