UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Frå behandling av krefttypar til behandling av pasientar

Del
Enzymet MET-kinase er forbunde med dårlege prognosar hjå ein del kreftpasientar. Vegard Torp Lien har forska på stoff som kan hemma aktiviteten til enzymet, men noko «løysing på kreftgåta» lovar han ikkje.
Vegard Torp Lien lovar ikkje «løysinga på kreftgåta». Her i laboratoriet. Foto: UiO
Vegard Torp Lien lovar ikkje «løysinga på kreftgåta». Her i laboratoriet. Foto: UiO

– Forståinga vår av kreftsjukdommen vert stadig betre. I førre hundreår var det gjerne slik at dei som hadde brystkreft, fekk ei form for behandling, medan dei som hadde til dømes lungekreft, fekk ei anna type behandling. Men i dag er målet å identifisera kva pasientar som sannsynlegvis vil respondera best på ulike tiltak. Dermed kan vi tilpassa behandlinga betre til den enkelte pasienten, på tvers av dei ulike krefttypane.

Det seier Vegard Torp Lien, som disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt 7. februar. Han har forska på utviklinga av småmolekylære stoff for inhibering og avbilding av eit enzym som heiter MET-kinase. Inhibering vil seia at stoffa hemmar aktiviteten til enzymet.

Norsk medisinsk syklotronsenter

Hjå ein del kreftpasientar  regulerer ikkje kroppen dette enzymet slik han skal, uavhengig av krefttype. Deregulert MET er forbunde med dårlege prognosar og kreftsjukdom som viser motstand mot strålebehandling og ei rekkje legemiddel.

Derfor er det viktig å utvikla både behandlingar og diagnoseteknikkar for denne kinasen. Å identifisera desse pasientane så tidleg som råd, gjer at ein kan setja inn målretta tiltak for å prøva å hindra kreften i å spreia seg og dermed auka sjansen for at pasienten overlever.

Ein del av doktorgradarbeidet som omhandlar såkalla positronemisjonstomografi (PET)  er blitt utført ved Norsk medisinsk syklotronsenter på Rikshospitalet.

Mange nye medisinar

– Ved PET injiserer ein eit radioaktivt stoff som for eksempel verta akkumulert i kreftcellene. Når det bind seg til målstrukturane, lyser tumoren, eller svulsten, når bileta vert tekne opp i ein PET-skanner, forklarar Lien.

På bakgrunn av det er målet å gjera det lettare å bestemma kva behandling som antakeleg vil ha best effekt for denne pasienten. Saman med kollegaer har han syntetisert to kandidatar for slike stoff som dei har testa på mus med lovande effekt.

I media høyrer ein rett som det er om håp om ein kur for kreft, og Lien fortel at det er kome mange nye medisinar på marknaden dei siste åra som verkar på proteinkinasar.

– Men det dei har felles, er at dei riktig nok har god effekt – men berre for nokre pasientar. For dei fleste andre forlengjer dei i beste fall levetida med eit par månadar. Derfor er avbildingsteknikkar som PET viktig for å velja ut pasientar for vidare behandling.

Ikkje «løysing av kreftgåta»

Dermed lovar heller ikkje Lien at forskinga hans skal føra til noko «løysing av kreftgåta». Tvert imot understrekar han at det han driv med, er grunnforsking, som kan ha funn som andre kan byggja vidare på.

– Vi har mellom anna forska på stoff som kan fungera som MET-inhibitorar, altså som hemmar aktiviteten til MET-kinase-enzymet. Vi har funne to stoff som fungerer like bra som det som er på marknaden no – og som er betre mot enkelte typar kreftceller.

Berre testa i laboratoriet

I tillegg har Lien undersøkt ein heilt ny metode å angripe MET på i tillegg til ein signalveg som vert kalla WNT. Her kan ein oppnå synergistiske effektar, altså betre resultat enn om ein bruker stoff som berre verkar på MET eller WNT. Arbeidet til Lien er det fyrste der ein prøver å kombinera effekten av MET- og WNT-inhibitorar inn i eitt og same molekyl.

Men førebels er stoffa berre testa i laboratoriet på enzym og i kreftceller. Vegen fram til eit eventuelt legemiddel er lang.

– Ein må til dømes undersøkja biodistribusjon, toksisitet og effekt av stoffet i relevante modellar. Dersom ein kjem fram til at stoffet er klart til å testast ut på menneske, er ein avhengig av at nokon faktisk finn potensialet så interessant at dei vil gjera forsøk i klinikk.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Vegard Torp Lien lovar ikkje «løysinga på kreftgåta». Her i laboratoriet. Foto: UiO
Vegard Torp Lien lovar ikkje «løysinga på kreftgåta». Her i laboratoriet. Foto: UiO
Last ned bilde

Lenker

Om UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Sem Sælands vei 24
0371 Oslo

22 85 56 00http://www.mn.uio.no/

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område.

Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no, som også er på Facebook og Twitter, eller abonner på nyheitsbrevet.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye