Forslag til endringar i behandlinga av konkurransesaker på høyring
1.10.2021 13:35:00 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding
– Eg er godt fornøgd med Konkurranseklagenemndas arbeid. Når nemnda no har verka nokre år er det likevel god grunn til å evaluere klageordninga. Formålet med begge forslaga i høyringa er å legge til rette for ein enklare, raskare og mindre ressurskrevjande klageordning i konkurransesaker, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Konkurransetilsynet handhevar konkurranselova, og arbeider mellom anna for å fremme effektive marknader og å hindre misbruk av marknadsmakt. Konkurranseklagenemnda vart oppretta for å behandle klagar på vedtak fatta av Konkurransetilsynet.
To alternativ
I høyringsnotatet legg departementet fram to alternative forslag: I det eine alternativet foreslår departementet endringar i behandlinga av saker i Konkurranseklagenemnda. I det andre alternativet ber departementet om synet til høyringsinstansane på om det er grunn til å gå vidare med ei nærare utgreiing av om Konkurranseklagenemnda bør avviklast.
Høyringa er opna, og relevante aktørar kan sende innspel til oss. Les og svar på høyringa her.
|
Meir om dei to alternativa: I det eine alternativet foreslår departementet endringar i behandlinga av klager i Konkurranseklagenemnda. Formålet er å legge til rette for ein raskare, enklare og mindre kostbar klageordning. Det blir mellom anna foreslått å gjere det valfritt for føretak om dei vil klage vedtak frå Konkurransetilsynet inn for nemnda eller ta ut søksmål for domstolane. I dag må ei sak behandlast av Konkurranseklagenemnda før ho kan takast inn for domstolane. Etter forslaget vil den private parten sjølv kunne velje mellom nemndbehandling og domstolsbehandling. Departementet foreslår òg at ei eventuell domstolsbehandling skal starte i tingretten, ikkje lagmannsretten, slik regelen er i dag. I tillegg blir det foreslått at Konkurransetilsynet skal få høve til å prøve Konkurranseklagenemndas vedtak for retten. Departementet foreslår òg å forkorte klagefristen i konkurransesaker slik at den blir den same som i forvaltningssaker elles og å innføre ein heimel for å krevje renter på forfalne gebyr. I det andre alternativet blir det foreslått å gå vidare med ei nærare utgreiing av om Konkurranseklagenemnda bør avviklast. Bakgrunnen for forslaget er dels det låge talet saker som har vore behandla i Konkurranseklagenemnda. Sidan skipinga i 2017 har Konkurranseklagenemnda behandla omlag éin substansiell sak i året. I tillegg er det ei utvikling i dei alminnelege domstolane, der det i større grad blir opna for spesialisering. Departementet ser derfor grunn til å be om innspelet høyringsinstansane har til om det er grunnlag for ei meir grunnleggande endring av klageordninga i konkurransesaker. |
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Lenker
Om Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementetKongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Enighet om norsk-russisk fiskeriavtale for 202723.10.2026 17:03:14 CEST | Pressemelding
Norge og Russland er enige om en fiskeriavtale for 2027. Avtalen er avgjørende for å sikre en forsvarlig, bærekraftig forvaltning av bestandene i Barentshavet.
Kyststatene enige om makrellkvote for 202722.10.2026 17:43:47 CEST | Pressemelding
Kyststatene Norge, EU, Færøyene, Grønland, Island og Storbritannia er enige om en totalkvote (TAC) på makrell for 2027 på 352 938 tonn.
Fiskeri- og havministeren til Sør-Korea og Kina21.10.2026 15:08:17 CEST | Presseinvitasjon
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøker Sør-Korea og Kina 25.-29. oktober. I Sør-Korea står internasjonalt maritimt samarbeid og grønn skipsfart på agendaen. I Kina skal statsråden ha politiske møter om sjømathandel og markedsadgang for norsk sjømat.
Kenya og Nigeria vil samarbeide med Norge om fiskerikriminalitet18.10.2026 13:58:48 CEST | Pressemelding
Norges internasjonale lederskap i kampen mot fiskerikriminalitet styrkes. På kort tid har både Kenya og Nigeria tatt viktige skritt mot et tettere samarbeid med det globale norskledede Blue Justice-initiativet.
Næringsministeren til Kina16.10.2026 14:45:47 CEST | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth besøker Beijing og Shanghai sammen med en norsk næringslivsdelegasjon, og er i Kina fra 2. til 6. november.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom